Uansett om du bur i nord eller sør er du nok ikkje åleine om å tenkje at november har vore ein rar månad.
Det kan meteorologane òg seie seg samde i.
November har nemleg vore både ein varm, våt og tørr månad.
Klimaforskarane peiker på klimaendringar.
Varmare enn normalt
Helga Therese Tilley Tajet er klimaforskar ved Meteorologisk institutt.
Ho kan fortelje at temperaturen i heile landet var 2,2 grader over normalen i november i år.
– Det er den 10. varmaste november i ein serie tilbake til 1900.
Helga Therese Tilley Tajet er klimaforskar ved Meteorologisk institutt fortel at det har vore både våtare, varmare og tørrare i år enn i eit normalår.
Foto: Tom Balgaard / NRKVarmast har det vore på Sørlandet og Vestlandet med 3 grader over normalen for november 2022.
– Deretter kjem Austlandet med 2,8 grader over, Trøndelag med 2,3 grader over og Nord-Norge med 1,1 grader over normalen.
Det har med andre ord vore varmt over heile linja.
Men sjølv om det har vore varmt, har ikkje november i år slått nokon nasjonale varmerekordar.
2020 og 2011 har nemleg dei varmaste novemberane som er registrert med 3,5 grader over normalen.
Men nokre fylke kan vise til rekord.
- Viken har ny fylkesrekord med 18,1 grader på Sigdal i Nedre-Eggedal den 11. november.
- Innlandet har ny fylkesrekord med 17,5 grader på Fagernes den 12. november.
Tørrare og våtare enn normalt
Men det har ikkje berre vore unormalt varmt i år. Det har også vore tørrare enn det meteorologane reknar som normalen.
– Nedbøren for heile landet ligg 15 % under normalen for november, seier Tajet.
Nordland har kunne glede seg over om lag ein månad med sol i mørketida.
Foto: Bente Pleym UrholtNovember i år har blitt dominert av sørlege vindretningar. Ein har fått opp varme luftmassar frå kontinentet opp mot Noreg.
Det har ført til mykje nedbør nokre stadar.
Særleg Sørlandet skil seg ut. Der har det vore nesten dobbelt så mykje nedbør som det normale.
Mellom anna i Homborsund sør på Sørlandet låg snøen tjukk i november.
Foto: Pål Tegnander / NRKOgså i telemarkingane har måtte finne fram snøfresar, gummistøvlar og paraply.
I den andre enden av skalaen finn vi Nord-Norge.
– Det har vore veldig tørt i Nord-Norge, med halvparten av den normale nedbøren for november, fortel klimaforskaren.
Skogbrannfare i nord
Det tørre og varme vêret har gjort at Meteorologisk institutt har sendt ut farevarsel for skogbrann fleire stader.
I ytre strøk av Romsdal og Sunnmøre, nordlege deler av Trøndelag og ytre strøk av Helgeland og Sør-Salten er det stor fare for skogbrann.
Både i Romsdal og Sunnmøre, Trøndelag og på Helgeland og Sør-Salten har meteorologane sendt ut oransje farevarsel for skogbrann.
Foto: Lorentz Berg / NRKTrond Rabben, vaktleiar for 110-sentralen i Nordland seier at det ikkje er veldig vanleg med skogbrannfare i slutten av november. Likevel hender det i blant.
– Førre helg hadde vi to gras- og lyngbrannar. Den eine på sømna sør i fylket. Der var det eit bål som kom ut av kontroll.
Uvanleg sein opning av alpinsenter
Men det er ikkje berre bålkosen som har blir sett på prøve i det varme og tørre vêret.
Vêret set nemleg kjeppar i skiheishjula til alpinsentera nordpå.
Bjørnar Hegreberg, dagleg leiar i Skarmoen skisenter i Bodø, seier at dei på denne tida i fjor allereie hadde produsert snø i fem dagar.
– Det ser ut til at det kan kome kulde i neste veke. Då set vi i gang så fort som mogleg.
Fleire Nordlendingar håpar nok å snart kunne sjå løypemaskiner i gang i alpinsentera. Førebels er det lite snø i vente.
Foto: Tarjei LundarvollenMen for to år sidan fekk dei ikkje opna før i januar. Difor er det ikkje unormal sein opning hos dei.
Ann-Torill Briksdal er konsernsjef i Hoved Alpinresort. Ho fortel at Hovden alpinsenter i Setesdal opnar neste veke.
No går snøkanonane for fullt.
Alpinsenteret er det største i Sør-Noreg, men dei har ikkje hatt så mykje av nedbøren som ein skulle tru.
Hovden alpinsenter i Bykle i Setesdal har hatt ei kuldeperiode i november der dei fekk produsert snø. Men dei har ikkje hatt glede av snøfalla på Sørlandet.
Foto: Per-Kåre SandbakkSjølv om snøen har låge tjukk i november mellom anna i Kristiansand, har ikkje Setesdal sett snurten av han.
– Vi har ikkje hatt snø, men vi får kuldegradar no. Då får vi starta produksjonen av snø, seier konsernsjefen.
For dei er dette heilt normal opning av alpinsenteret.
Kan skulde klimaendringane
Vêrsituasjonen i november har altås utan tvil vore spesiell.
Men kvifor er det slik?
– Denne november har vore veldig varm og legger seg inn i ei rekke slik at vi ser at Noreg har blitt varmare som følge av klimaendringar.
– Det fører til at også november har blitt varmare, seier klimaforskar Tajet.
Ho trekker fram fylkesrekordane på varme som eit klimateikn. Det har kome fleire rekordar på varme enn kulde.
– Sjølvsagt er det mange som ønsker seg snø til jul, men vi ser at det allereie er fleire stader i låglandet der det ikkje er kvit jul lenger.