Hopp til innhold

Difor har november vore varm, tørr og full av snøbyer

Nokre stadar har berre fått ein tredel av nedbørsmengda i november. Andre har fått dobbelt så mykje snø som normalt. Men meteorologane kan ikkje seie om det skuldast klimaendringar.

Snø Grimstad

SNØRIK: Slik har november sett ut sør i landet i år. Folk nord i Noreg kan berre drøyme om same mengde snø.

Foto: Miriam Grov / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Anten har snøfresaren gått varmt der du bur, eller så har skia måtte stå tørre i boden.

Uansett vil mange seie at det har vore ein uvanleg november i år.

Meteorologane seier det går mot rekordvarme mange stader.

I tillegg er det både overraskande vått og overraskande tørt.

Likevel er det for tidleg å seie om det kan skuldast klima.

Rekordvarme

Allereie tidleg i november meldte forskarane ved Meteorologisk institutt om historisk varme.

På Sunndalsøra i Møre og Romsdal blei det målt 18,8 gradar natt til fredag 11. november.

Det var den høgaste temperaturen målt i Noreg så seint i november, opplyste meteorologane då.

Magnus Ovhed i Meteorologisk institutt meinte det låg an til ny varmerekord i november.

– Temperaturen no er veldig uvanleg, sa meteorologen.

I tillegg har det vore mykje nedbør mange stader.

Snø i Homborsund

Heilt sør på Sørlandet, i den vesle bygda Homborsund, har bilar og hus blitt snødd ned i november.

Foto: Pål Tegnander / NRK

Men ikkje alle stader. I nord har det vore tørt og varmt.

– Veldig ulikt

Ketil Tunheim, forskar ved klimaavdelinga til Meteorologisk institutt fortel at det i oktober regna om lag dobbelt så mykje som normalt.

– Det er veldig ulikt frå korleis november ser ut. Då får dei fleste stasjonane i Nordland berre 50 prosent av nedbøren dei skulle hatt.

Og nordlendingane er ikkje åleine med å ha det tørt.

– De har vore aller tørrast i Møre og Romsdal i november. Nokre vêrstasjonar ligg an til å få mindre enn ein tredel av det som er normalt.

Les også Uvanlig tørke gir stor skogbrannfare

Lyngbrann Roan november 2022

Likevel har Møre og Romsdal fått sin del av nedbør. Sjølv om det har vore tørt vestanfjells har det nemleg våre våtare enn normalt Østafjells.

I Nord-Norge har fleire enno ikkje sett eit einaste snøfnugg. Men i sør er situasjonen ganske annleis.

– Det er mykje snø i sør. Der er det ikkje den same tørre situasjonen. Aust- og Sørlandet har fått aller mest nedbør.

– Kvar har det vore våtast?

– Nokre stasjonar i Vestfold og Telemark har fått dei største avvika. Det er nokre stasjonar som har fått nesten 200 prosent meir nedbør enn normalen.

Altså har nokre stasjonar vist tre gonger så mykje nedbør som normalt. Andre har ein tredel mindre enn normalen.

Men kvifor er det slik?

Lødingen strand

Ved Lødingen i Nordland har det vore fint ver, saman med resten av fylket.

Foto: Svein Inge Lundli

Eit blokkerande høgtrykk

Iselin Skjervågen, medievakt ved Meteorologisk institutt seier at det er eit høgtrykk over nord som har skuld i nedbøren sørpå.

– Generelt sett er det slik at om det er høgtrykk over nord kjem lågtrykket over sør og motsett.

Hennar kollega Marek Ratajczak som er vakthavande meteorolog i Tromsø forklarar at høgtrykket har gitt godt vêr nord.

– Det som har skjedd er at det er eit høgtrykk som har lagt seg over nordkalotten litt aust for Noreg. Det berre ligg der og gir veldig stabilt vêr.

I tillegg er det frålandsvind. Då blir det sjeldan noko særleg nedbør.

– Gjer høgtrykket i nord at sørlendingane får snø?

– Det henger saman. Høgtrykket blokkerer for at lågtrykket kjem nord i landet. I tillegg går vindretninga frå søraust inn mot Austlandet. Det av fukt frå havet kjem inn på Austlandet og inn mot fjellet.

I Nord-Noreg blir lågtrykket stoppa i Sverige. Vêret snør frå seg før det når Noreg.

– På andre sida av fjellet kjem det som tørr luft, forklarar Ratajczak.

Fortsetter å snø i Agder

Lågtrykket har låge jamt på Sørlandet i store delar av november.

Foto: Skjermdump

Skjer enkelte år

Meteorologen seier at det ikkje er ekstremt uvanleg med slikt vêr. Men det skjer ikkje kvar vinter.

– Det skjer enkelte år. I 2014 var det også ein veldig tørr periode langs store deler av kysten i Noreg.

Då fortel han at det også var mange brannar.

Denne månaden har det også vore Klimatoppmøte. Det trur meteorologen gjer oss ekstra uroa for vêret nett i år.

– Ein legg kanskje litt ekstra merke til uvanleg vêr no. Vêrsituasjonen kan òg ha samanheng med klimaendringane, men det kan også vere heilt tilfeldig, seier Ratajczak og legg til:

– Ein skal ikkje tenke at dette skjer kvart år frå no. Vi kjem til å få vintrar med kuling og storm også.

Det kjem nemleg an på kvar lufta kjem frå; om det er frå havet eller kontinentet i aust.

1. desember vil forskarane frå Meteorologisk institutt ha all data frå november månad. Då kan dei svare på om vi kan skulde på klimaendringane for det merkelege novembervêret.