Hopp til innhold

Væpna ransmann på frifot

Politiet har pågrepet en person etter ranet av Shell-stasjonen på Fauske ved ett tiden i natt.

Væpnet ran på Fauske i natt
Foto: ingen

Det var rett før klokka eitt i natt at politiet fekk melding om det brutale ranet av Shell-stasjonen på Fauske. Politiet har teke den eine gjerningsmannen, men jaktar vidare etter den andre. Begge er i byrjinga av 20-åra.

Dei hadde truga til seg nokre få tusen kroner, med ein kjøkkenkniv og det som syner seg å vere eit falskt skytevåpen.

Ransmenna var kledd i hettegenserar som dei hadde snudd bak fram og klipt hol til auga. Det tilsette ransofferet får krisehjelp av eit team som samarbeidar med Shell.

Politiet ser no etter spor på åstaden; men har allereie ein del å gå etter, takka vere fleire vitner og videoopptak.

Men dei ber om fleire tips av folk som har sett unge menn i Fauske sentrum i natt.

Gjerningsmenna skal vere av alminneleg utsjånad, og omtrent 180 cm høge. Om ein har sett noko, kan ein kontakte politiet på telefonnummer 02800.