Hopp til innhold

Dette kan bli ferda vidare for det enorme krigsskipet: – Går ikkje nord for Tromsø

USS «Gerald R. Ford» skal segle langs norskekysten. Ein stad går grensa viss det ikkje skal provosere russarane grovt, meiner ekspertar.

USS «Gerald R. Ford» i Oslofjorden.

Verdas største krigsskip, USS «Gerald R. Ford», tok turen til Oslo onsdag.

Foto: Onar Digernes Aase / Forsvaret

Onsdag segla det største krigsskipet i verda, USS «Gerald R. Ford», inn Oslofjorden for å besøkje Noreg.

– Det er skremmande, seier forskar Stein Tønnesson i Prio.

Det at krigsskipet ligg ankra opp i hovudstaden gjer at den norske befolkninga får faren om ein ny storkrig i Europa tettare innpå seg, ifølge Tønnesson.

Skipet er ute på si første operative tokt, og har altså lagt første besøkshamn til Noreg. Rutevalet har vorte tolka som eit teikn på at USA ønskjer å vise nærvær og avskrekking i nord.

Planen er at krigsskipet skal segle langs norskekysten. Det opplyser Jonny Karlsen, talsperson i Forsvarets operative hovudkvarter (FOH).

Men FOH går ikkje ut med detaljar om kvar USS «Gerald R. Ford» skal segle.

Kor langt nord kan krigsskipet segle før Russland ser på det som ein ytterlegare provokasjon?

Les også Krigsskip i Oslo: – Hadde det ikkje vore for Russland, ville det neppe vore her

Hangarskip-festningen (edit)

– Grunn til å vere redd

– Jo nærare det kjem Arktis og Kolahalvøya, jo meir vil Russland kjenne seg trua. Så eg håpar det held seg på god avstand, seier Tønnesson

Ifølge historikaren skal skipet ta del i ei større Nato-øving mellom Skottland og Lofoten.

– Det er eit område som er på ein viss avstand frå Russland. Men det øvinga handlar om, er å øve på å oppdage russiske undervassbåtar og kunne skyte ned innkomne russiske missil, seier han og legg til:

Stein Tønnesson

Stein Tønnesson seier det har ei betydning kor langt nord skipet seglar.

Foto: Christian Breidlid / NRK

Og han meiner det er stor grunn til å vere redd i dagens situasjon, for at konflikten som Putin sette i gang med invasjonen av Ukraina i fjor – kan kome ut av kontroll. Det aukar også risikoen for at Russland kan ty til ekstreme tiltak, ifølge Tønnesson.

– For Noreg betyr det først og fremst at USA gir eit veldig kraftig signal om at USA står ved Noreg og ser på Noreg som eit vesentleg strategisk land i Nato.

Ikkje lenger nord enn Tromsø

– Russarane ser på det som ein provokasjon at fartøyet i det heile tatt er i våre farvatn. Så om dei seglar opp til Bodø eller Tromsø har ikkje så mykje å seie.

Det seier Tor Ivar Strømmen, forskar i sjømaktsteori ved Sjøkrigsskulen.

Men om skipet byrjar å nærme seg Barentshavet, vil det bli ekstraordinært, meiner han.

– Då vil russarane sjå på det som ein ekstraordinær provokasjon, noko dei vil handle mot ut over det normale. Då vil vi sjå ein stor aktivitet av russiske fartøy, flymaskiner, og ubåtar som er ute.

Orlogskaptein og forsker ved Sjøkrigsskolen Tor Ivar Strømmen

Orlogskaptein og forskar ved Sjøkrigsskolen Tor Ivar Strømmen seier det er heilt naturleg at USA sender eit slikt hangarskip inn i våre.

Foto: Valentina Baisotti / NRK

Sjølv om det er opp til amerikanarane kor langt nord dei seglar, trur ikkje han at dei kjem til å reise lenger nord enn Tromsø.

– Rett og slett for å unngå å kome i ein uheldig situasjon der ting kan kome ut av kontroll, seier Strømmen.

Trur den opererer utanfor Nordland

Per Erik Solli er forsvarsanalytikar i NUPI, og seier at han ikkje ser for seg at hangarskipet kjem til å ankre opp nokon stad utover Oslo.

Han spekulerer i at dei kjem til å segle nordover, men at det kjem til å vere av éin grunn: Å vere med i øvinga Arctic Challenge Exercise saman med skandinaviske land.

– Det kjem jo an på kva hensikta med operasjonen er når dei seglar nordover. Barents observer spekulerer i at dei kjem til å delta i den store kampflyøvinga som startar 29. mai i Noreg, Sverige og Finland, og det gir meining.

Om det er planen, så kjem dei ikkje til å ankre opp noko annan stad. Då kjem dei i så tilfelle til å ligge i konstant bevegelse utanfor norskekysten, seier Solli.

Militær rådgiver i NUPI Per Erik Solli

Forsvarsanalytikar i NUPI, Per Erik Solli.

Foto: Onar Digernes Aase

– At dei kjem til noko hamnbesøk til Nord-Norge er helt urealistisk. Om dei skal bruke flya i øving, kjem dei til å vere i bevegelse heile tida. Sannsynlegvis kjem dei då til å segle i farvatnet utanfor Nordland, som utanfor Helgeland og Lofoten.

Han trur heller ikkje at dei kjem til å segle lenger nord enn Tromsø, men ser heller ingen grunn til å gjere det.

– I mange tiår har russarane protestert på alliert nærvær. Aldri har det hatt nokre konsekvensar, og det vil det heller ikkje ha denne gongen. Om USA og Nato vil sende eit signal til Russland, er det langt meir effektivt å delta i denne øvinga.

Les også Må hente folk fra USA for å holde F-35 i lufta: – En fallitterklæring, mener tillitsvalgt

Elev ved på flyfaglinja Vår Horven, ved Bodø videregående skole

– Talet på militære øvingar i nord auka

Men russarane blir nok ikkje overraska om skipet seglar nordover, ifølge High North News redaktør Arne O. Holm.

– I løpet av det siste halvtanna året har talet på militære øvingar i nord vore på eit ekstremt høgt nivå. Russarane held no på med ei militærøving. Vesten, Nato og USA har kontinuerleg militærøvingar. Dette er berre eit skip til i den krigsflåten som blir mobilisert i nord, seier Holm.

Her ligg krigsskipet ankra opp i Oslofjorden.

Det er nettopp forholdet til Russland som gjer at Gerald R. Ford blir ankra opp i Oslofjorden og kjem til å segle nordover, seier Holm.

– Russland ser på Noreg som eit amerikansk regime når det kjem til forsvar allereie, så det endrar nok ikkje så veldig mykje korleis dei ser på Noreg, Nato eller USA.

Noko av forskjellen på Noreg sitt forhold til Russland, og USA sitt forhold til Russland, er at Noreg heile tida har ført ein politikk som er ein kombinasjon av å skremme og å bidra til ro.

Frå amerikansk side er avskrekking absolutt det viktigaste, så når dette skipet seglar nordover, handlar det om å skremme, seier Holm.

– På den eine sida er USA vår fremste allierte, både i krig og fred, men dei har ei anna tilnærming til Russland enn det Noreg har. Det er ein balansegang for Noreg å ta i mot den type skip og la det segle nordover. Difor er eg ganske sikker på at det ikkje seglar inn i den nordlegaste delen av Barentshavet.

Arne O Holm

Redaktør i High North News, Arne O. Holm seier at det siste halvannan året har talet på militære øvingar i nord vore på eit høgt nivå.

Foto: Bernt Olsen / NRK

– Ikkje noko ekstraordinært

Sist eit hangarskip av den størrelsen var i Noreg var då skipet Harry S. Truman var her under Nato-øvinga Trident Juncture i 2018. Før det, må vi tilbake til den kalde krigen og byrjinga av 80-talet. På det meste var her då to og tre slike skip på same tid, ifølge Strømmen ved Sjøkrigsskulen.

Heile formålet var rett og slett å vise at amerikanarane kunne kome inn på ein avstand slik at dei kunne bombe Russland, eller Sovjet på den tida, og dei russiske basane på Kolahalvøya sunder og saman, seier han.

Det amerikanske hangarskipet USS Gerald R. Ford på vei inn Oslofjorden her ved Jeløya onsdag morgen.

Det 333 meter lange og 78 meter høge krigsskipet segla inn i Oslofjorden ved 6-tida onsdag morgon.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Difor er også han tydeleg på at dette besøket ikkje er noko ekstraordinært.

Det er ei heilt vanleg handling for ei stormakt å gjere i ein slik situasjon vi er i no. Det er for å markere grenser, vere sikker på at avskrekkinga kjem igjennom med eit tydeleg signal og vise til allierte at dei er til å stole på.

Russland sin ambassade i Oslo kallar besøket for ein maktdemonstrasjon.

– Tatt i betraktning at det blir innrømt i Oslo at Russland utgjer ingen direkte militær trussel for Noreg, ser slike maktdemonstrasjonar ulogiske og skadelege ut, skriv Timur Tsjekanov ved Russland sin ambassade i ein e-post til NTB.

Det er sant at det amerikanske hangarskipet aldri har vore nærare den russiske grensa i nord enn det er no.

Likevel vil ikkje leiinga på USS Gerald R. Ford svare på kritikken frå sin russiske motpart, men seier at besøket ikkje er ekstraordinært.

– Dette var ei planlagt utplassering og eit planlagt arbeidsbesøk, seier skipssjef og kontreadmiral Erik Eslich.