NRK Meny
Normal

UNN: – Situasjonen er prekær

Universitetssjukehuset i Nord-Noreg sin pasientkapasitet er på brestepunktet, og det er utskrivingsklare pasientar som fyller sengene. – Me går no ein influensasesong i møte med fulle sengepostar, seier UNN.

UNN i Tromsø

HAR ÒG FÅTT REFS: I sumar var det kommunane i Troms som fekk beskjed frå UNN om å ta unna pasientar. Allereie då tok Fylkesmannen i Troms kontakt med kommunane i Ofoten.

Foto: Jan Fredrik Frantzen / Pressefoto

– Me er oppriktigt uroa for pasienttryggleiken, seier Magne Nicolaisen, leiar av Samhandlingsavdelinga ved UNN.

Magne Nicolaisen

UROA: Nicolaisen er uroa for kva som vil skje om sjukehusa får eit stort trykk, til dømes ein influensaepidemi.

Foto: Universitetssjukehuset Nord-Noreg / Pressefoto

Universitetssjukehuset i Nord-Noreg behandlar pasientar i både akutte situasjonar og lengre sjukehusopphald. Men når pasientar reknast som friske nok kan dei skrivast ut, og kommunen overtek ansvaret. Diverre tok det i 2016 i snitt over fire dagar før dette skjedde, og «friske» pasientar ligg unaudsynleg lenge i sjukehusseng.

Spesielt Ofoten blir trekt fram som ein svært problematisk region, då det tek lang tid før pasientar vert skrivne ut.

Narvik er verstingen

«Auka ser ut til å halde fram, og spesielt i UNN Narvik har det lenge vore eit høgt tal som høyrer til Narvik kommune.»

Dette står i eit bekymringsbrev sendt frå UNN til Fylkesmannen i Nordland.

– Me har ein tett dialog med kommunane om utskriving av pasientar, men me er usikre på om dei har dimensjonert tilbodet sitt stort nok, seier Nicolaisen.

– På kort sikt har me auka korttidskapasiteten med sju plassar, seier Heidi Eriksen Laksaa, kommunalsjef i Narvik kommune.

Heidi Eriksen Laksaa

HAR FORSØKT: Narvik kommune har, etter to tidlegare førespurnader, forsøkt å lette på trykket, men UNN er framleis ikkje nøgd.

Foto: Pressefoto

– Me fekk seinhaustes i fjor to førespurnader frå UNN, der dei bad om at me greia ut om tiltaka me sette i gong for å imøtegå problema.

Laksaas fortel at pasientproblemet ikkje er ukjend, og at dei blei informerte då saka vart aktuell hjå Fylkesmannen i Troms. Dei fekk to førespurnader frå UNN, og har sidan då sett opp fleire korttidsplassar og spurt fastlegar om å vurdere å vente på innlegging av pasientar, om det er forsvarleg, for å dempe pasientstraumen inn på sjukehusa.

– Men sjølv om de har sett i gong kortsiktige løysingar sende UNN på nytt eit urovekkande brev til fylkesmannen, der Narvik er spesielt nemnd. Har ikkje tiltaka dykkar vore effektive nok?

– Det kan i alle fall verke som om tiltaka ikkje er tilstrekkelege, svarar Laksaa. Me hadde håpt at dei sju-åtte ekstra korttidsplassane skulle dempe på trykket, men me leitar no etter nye tiltak for å etablere større kapasitet hjå oss.

UNN Narvik

NYE PLASSAR: Narvik har forsøkt å lette på problema ved å opprette sju nye korttidsplassar.

Foto: Lars-Bjørn Martinsen / NRK

– Pasienttryggleiken er truga

I brevet frå Universitetssjukehuset ber dei Fylkesmannen om hjelp. Dei ynskjer at kommunane med utskrivingsklare pasientar set i verk «strakstiltak som gjer UNN i stand til å etablere ei forsvarleg sjukehusdrift.»

Dette kan innebere ein auka risiko for kvalitetssvikt og redusert pasienttyggleik.

Universitetssjukehuset i Nord-Noreg sitt brev til Fylkesmannen i Nordland

– Om denne situasjonen held fram, er me alvorleg uroa for både pasienttryggleiken og arbeidsmiljøet, seier Nicolaisen.

Sjukehus fulle av utskrivingsklare pasientar er ikkje nytt for UNN. Våren 2016 blei Fylkesmannen i Troms åtvara om problemet, som igjen oppmoda Troms- og Ofotenkommunar om å kartleggje og vurdere eigen kapasitet for å ta i mot pasientar. Når problemet igjen syner seg i Narvik, er UNN raskt ute med ny oppmoding om strakstiltak.

– Det går no verkeleg ut over drifta og det tilbodet UNN skal gje til heile landsdelen, seier Nicolaisen.

– Det er også ein risiko for pasientar som har behov for å leggjast inn på sjukehus, men som ventar i kø grunna utskrivingsklare som ikkje blir overført, seier leiaren for Samhandlingsavdelinga.

Eit aukande problem

– Den store eldrebølgja har me enno ikkje sett. Kva som skjer når talet på eldre pasientar aukar, veit me rett og slett ikkje, seier Nicolaisen.

Med eit allereie sprengt system, ser UNN med uro på kva ei eldrebølgje vil gjere for tilbodet deira.

Laster innhold, vennligst vent..

9 939 døger, som var talet i 2016, kostar det kommunane ei lita formue. Prisen på kvar pasient per døger har stige frå 4 000 kroner i 2012, til 4 505 kroner i 2016. Samstundes har talet på døger gått opp. Dette fører til at kommunane i fjor måtte betale om lag 44.8 millionar kroner.

Laster innhold, vennligst vent..

Og løysinga?

– Kommunane må analysere sine eigne problem, og ruste opp sine tilbod, ikkje berre for å ta unna dagens pasientar, men også klargjere seg for neste generasjon, seier Magne Nicolaisen.

– Me er i dialog med nabokommunar om utveksling av pasientar i korttidsopphald. Dette har til no vore heilt frivillig, og me ynskjer, om ikkje med tvang, men kanskje å motivere til å nytte tilbod i andre kommunar, seier Heidi Eriksen Laksaa.

Fylkesmannen i Nordland har enno ikkje sett på saka, men kjem til å komme med eit fråsegn om ikkje lengje, fortel fylkeslækjar Jan-Petter Lea.