Sidan han var 16 år har Martin Leon Værø (25) arbeidd på havet. No ynskjer han å satse større enn nokon sinne – han vil starte opp med ein ny båt.
Men for å få det til må han flytte 700 kilometer frå heimen sin. I Finnmark, på dørstokken til Barentshavet, finn han nemleg gunstige nok lånevilkår.
– Her heime kostar det såpass mykje, seier 25-åringen frå Meløy i Nordland.
Det var Fiskeribladet som først omtalte saka.
Værø kjøpte sin første båt då han var 22. No vil han ta neste steg i fiskarkarrieren med eit nytt fartøy, noko han meiner vert lettare å gjere i Finnmark.
Foto: PrivatDyrt å etablere seg
Værø meiner at dei i Nordland er for dårlege til å satse på fiskarar som har lyst til å prøve seg i yrket før dei bestemmer seg for om dette er noko dei vil drive med eller ikkje.
– Bankane her satsar ikkje på unge fiskarar. Dei skal ha 40 prosent eigenkapital på eit lån til båt, seier Værø.
– Dei kunne ha tilrettelagt betre for ungdommar. Eg snakkar ikkje berre for meg sjølv, men kjenner fleire som har lyst til å kjøpe båt. Det er vanskeleg når dei krev så mykje i starten. Det er jo då ein skal finne ut om ein likar det og om det er mogleg å tene pengar, seier han.
So no flytter Værø til Lebesby kommune i Finnmark, 700 kilometer unna.
– Det er mykje lettare å få seg lån og båt der oppe. Og så ligg matfatet like ved. Ein må tørre å satse litt for å sjå kvar det bér, men eg trur kjem til å trivast der, seier 25-åringen.
Dyfjord får ein ny innbyggar frå august av.
Foto: Eskil Wie Furunes / NRK– Samarbeid er alfa og omega
Leiar av Noregs Fiskarlag, Kjell Ingebrigtsen, seier at dei med kapital er nøydde til å halde auga opne for unge menneskje med potensial. Han peikar mellom anna på Innovasjon Noreg som ein aktør som kunne vore til meir hjelp.
– Om vi fekk dei med på å ta ein større del av ansvaret, ville det heilt klart bidrege til å skaffe kapital.
– Og fekk vi ei slik ordning, ville vi kunne retta den mot ei bestemt aldersgruppe, seier Ingebrigtsen.
- Les også: Magne gir opp rekefisket i sommar: – Kjedeleg å jobbe 100 timar i veka og ikkje tene ei krone
– Vi ynskjer jo at det skal kome nye inn i næringa, og at dei som ser moglegheita til å investere får gode lånevilkår, seier Ingebrigtsen.
Foto: David EngmoGjer det dei kan
Tidlegare har NRK skrive om vesterålkommunen Andøy som delte ut avdragsfrie lån på ti millionar over to år. Målet der var å trekke fleire unge inn i fiskerinæringa. Å få unge til å satse på næringa er stadig i fokus, også hjå Innovasjon Noreg.
Dei går ofte saman med bankar og eigenkapital for å redusere noko av risikoen for dei som ynskjer å starte opp.
– Vi prøvar jo å hjelpe alt vi kan innanfor dei føringane og reglane vi ligg under, seier direktør i Innovasjon Noreg Nordland, Monica Ahyee.
Ho fortel at det gjennom Innovasjon Noreg er like vilkår uansett kvar i landet ein er, men at nokre fylke gjev ekstra midlar til visse næringar.
– På slutten av dagen er det jo skattebetalarane sine pengar vi forvaltar. Vi prøvar jo å strekke oss langt, men av og til går det berre ikkje, for vi må jo også ta vare på dei pengane, seier Ahyee.
- Les også:
Monica Ahyee seier Innovasjon Noreg gjer det dei kan innanfor dei avgrensingane dei jobbar med.
Foto: Daniel Sponier / Innovasjon Norge