Hopp til innhold

Bård (17) har åtte timar lang skuleveg: – Føler dei ikkje vil vi skal bu i distrikta

Bård (17) bruker åtte timar på å reise til skulen. Men om bussen hadde venta nokre minutt på hurtigbåten hadde det berre tatt to timar.

Bård Andreas Nordås står og venter på hurtigbåten på Onøy.

Bård Andreas Nordås går på Mosjøen vidaregåande skule, men bur 16 mil unna, på øya Onøy på Helgelandskysten. Her startar den åtte timar lange reisa til skulen. Hadde han køyrt bil, ville reisa tatt to timar.

Foto: Privat

For ungdom som bur i distrikta kan vegen til og frå skulen vere lang.

17 år gamle Bård Andreas Nordås har ein reiseveg på åtte timar.

Med bil tar det berre to timar. Men fire og ein halv time må han sitte på gatekjøkken og vente på bussen vidare.

Det heile kunne ha vore løyst om ein buss venta i ti minutt på hurtigbåten.

– Det kjenst nesten som at dei ikkje vil vi skal bu i distrikta, seier 17-åringen.

Åtte timar skuleveg

Bård Andreas Nordås går på Mosjøen vidaregåande skule, men bur 16 mil unna, på øya Onøy på Helgelandskysten.

Men det er ikkje berre for å møte mor og far at 17-åringen vil reise heim til i helgene.

Han bur nemleg på internat på skulen. Kvar månad må han betale rundt 6000 kroner for rommet sitt, men i stipend får han berre om lag 4000 kroner

Difor er han nøydd å tene 2000 kroner i månaden for å kunne gå på skulen.

Då må han leggje ut på ein lang reise:

Bård reiser frå Onøya kl. 14.15
Bussen til Mo i Rana går kort tid etter at hurtigbåten er i Stokkvågen.
Bussen som går til Mo i Rana er framme 16.05.
Bård må vente i fire og ein halv time på neste buss, som går til Mosjøen kl. 20.30
Bussen er framme kl. 22.05, då har Bård reist i åtte timer.

Men reisevegen kunne ha vore mykje enklare for 17-åringen.

Hurtigbåten som går mellom Sandnessjøen og Træna stoppar på Onøya. Hadde bussen frå Sandnessjøen venta på hurtigbåten hadde reisa gått glatt for skuleeleven.

I staden går bussen fem minutt før hurtigbåten kjem til land.

I staden vil fylkeskommunen flytta båtruta slik at han kjem ein halv time etter at båten har gått. Nordås meiner det heile kunne ha vore løyst om bussen hadde vore tilpassa båten.

Om noko gjer det at eg får meir lyst til å bu i distriktet

Bård Andreas Nordås

Toga avgjer

Jens Morten Nystad, faggruppeleiar for rutetilbod og drift i Nordland Fylkeskommune, seier han forstår at det er frustrerande for 17-åringen, men at det ikkje er mykje å gjere med.

– Bussen har togkorrespondanse. Togane ventar ikkje på bussane for å seie det sånn, seier Nystad.

Det er nemleg toga som styrer korleis resten av transporten vert lagt opp.

Bussruter og tider for hurtigbåt vert lagt opp etter når toga kjem frå Trondheim. Dei vert styrt frå når toga kjem frå Oslo.

Mo Stasjon fra utsiden en gråværsdag

Her må Bård vente i fire og ein halv time før neste buss kjem.

Foto: Frank Nygård / NRK

– Det er innvikla. Båten har mykje korrespondanse før denne skuleeleven set seg på. Om vi skyver på bussen til dømes ti minutt for at det skal passe for han, har det kjempekonsekvensar i den andre enden, seier Nystad.

– Det er eit korthus som kollapsar om du nykkar i eit av korta.

Samferdselsminister Jon-Inge Nygård seier at dei har auka dei frie midla i fylkeskommunen med 900 millionar for å gjere det lettare å leggje til rette for betre kollektivtilbod.

– Regjeringa jobbar for at eit godt kollektivtilbod, også i distrikta, er med på å sikre at vi utviklar og bind landet saman, seier Nygård og legg til:

– Eg er glad for å høyre om unge menneske som viser sterkt engasjement for å kunne bu, jobbe og gå på skule der dei vil.

Valte skule for å kunne reise heim

Men problema stoppar ikkje her for Nordås.

Fylkeskommunen vurderer nemleg å ta vekk bussruta han bruker til å kome seg frå Mo til Stokkvågen, på veg heim til Onøya frå skulen.

Då vil han ikkje kome seg heim i det heile. Bussen går nemleg for tidleg, og Nordås mister vitnemålet om han går glipp av undervisinga på fredagar.

– Grunnen til at eg valte Mosjøen vidaregåande skule var for å kunne reise heim i helgene for å jobbe. Når dei endrar på rutene så eg ikkje kan reise heim, var ikkje det noko vits, seier Nordås.

Nystad frå fylkeskommunen meiner slaget ikkje er tapt for bussruta Nordås tar, men Nordås drøymer om korresponderande båt og buss.

UNG Vefsn sammen med Jonas Gahr Støre

Bård Andreas Nordås er del av UNG Vefsn som prata med statsministeren om korleis det er å bu i Vefsn.

Foto: Kaja Schill Godager

Førre veke var statsminister Jonas Gahr Støre på besøk i Vefsn kommune. Då møtte han mellom anna UNG Vefsn som 17 år gamle Bård Andreas Nordås er del av.

Då fortalde Nordås statsministeren om den lange skulevegen sin.

Også Jonas Gahr Støre forstår frustrasjonen Nordås har over skulevegen.

– Det skal vere enkelt og rimeleg å kome seg til skulen, uansett kvar i landet du bor. Også om du bur i eit område med spreitt busetting, seier Jonas Gahr Støre.

Bård Andreas Nordås fra UNG Vefsn og statsminister Jonas Gahr Støre

Bård Andreas Nordås fortalde statsminister Jonas Gahr Støre kor skuffa han er over kollektivtilbodet då han var innom Vefsn kommune førre veke.

Foto: Kaja Schill Godager

Han peiker på at det er fylkeskommunen som har ansvaret for kollektivtransporten.

– Det er ein av grunnane til at vi har foreslått å styrke økonomien til fylkeskommunane, seier Støre.

På Mosjøen vidaregåande skule sit 17-åringen frå Onøya igjen med eit svinnande håp om ein lettare skuleveg.

– Eg har eit håp, men eg må seie at eg er litt skeptisk til om det vert noko endring, seier Nordås.

Jonas Gahr Støre danser på Vefsn skole.

Bård Andreas Nordås og Jonas Gahr Støre dansa saman før dei prata. Bård fortalde Støre om den kronglete skulevegen sin.