NRK Meny

Tysfjord kommune braut lova

Tysfjord kommune som skuleeigar, braut lova i overgrepssaka, skriv Fylkesmannen i Nordland i ny rapport. Skulane følgde ikkje opp krava om opplysingsplikt til barnevernstenesta. Barnehagane hadde heller ikkje god nok oppfølging, seier rapporten. Fylkesmannen har gjeve kommunen pålegg om å rette opp i problema.