Varslar søksmål etter kritikk mot handtering av varslingssak

Ein tidlegare tilsett i Bodø kommune meinte ho blei utsett for straff då ho varsla om økonomisk misleghald, og fekk medhald i ein granskingsrapport. No varslar ho søksmål mot kommunen.

Rådhuset i Bodø

Ein tidlegare tilsett ved Bodø kommune har varsla om søksmål mot kommunen. Ho meiner kommunen ikkje følgde opp varsel om økonomisk misleghald, og at ho i staden blei utsett for gjengjelding.

Foto: Kai Jæger Kristoffersen / NRK

I 2016 varsla kvinna munnleg om det ho meinte kunne vere økonomisk misleghald knytt opp mot bedriftshelsetenesta Stamina Helse i Bodø.

Ho var då tilsett ved HR-avdelinga i Bodø kommune som HMS-rådgjevar, og skal ha varsla om forholdet fleire gonger til ulike leiarar.

Likevel blei ikkje dette behandla som eit varsel, ifølgje ein granskingsrapport frå Salten kommunerevisjon .

I staden opplevde kvinna det ho meiner var straff frå kommunen. Kvinna jobbar ikkje lenger for Bodø kommune, og krev no erstatning.

– Min klient har valt å varsle arbeidsgivar, altså kommunen, om søksmål med krav om erstatning, fordi min klient meiner seg utsett for gjengjelding etter varsling, seier kvinna sin advokat Harald Pedersen frå Arbeidsrettsadvokatene.

Pedersen sin klient er berre ei av fleire som har stått fram og fortalt om varsel som ikkje har blitt handtert på riktig måte, og det dei har opplevd som gjengjelding i etterkant.

– For meg er det viktig å få fram fakta i saka, og at dette fører til at ingen andre blir utsett for det eg har opplevd, skriv kvinna i ei tekstmelding til NRK.

Knusande kritikk mot kommunen

I rapporten som vart lagt fram i november fekk Bodø kommune omfattande kritikk. Mellom anna blei ikkje varselet tilstrekkeleg følgt opp av assisterande rådmann og HR-sjefen.

HMS-rådgjevaren, som no varslar søksmål, hadde avdekka at det var fakturert store summar som ikkje var avtalt, og varsla om dette.

Desse summane skulle inngå i kontrakten Bodø kommune hadde med Stamina Helse, men var fakturert utanom. Det dreidde seg om 1,5 til 2 millionar til saman over fleire år.

I staden for å bli høyrt, opplevde kvinna det ho oppfattar som gjengjelding.

– Varslar i Stamina-saka blei fråteke sine arbeidsoppgåver som HMS-rådgjevar, og tildelt andre arbeidsoppgåver, skriv revisor Bjørn Vegard Gamst i Salten kommunerevisjon.

– Dette under ei forståing frå varslaren si side om at stillinga blei lagt ned av andre årsaker. Når det så blir oppretta sak for å opprette stillinga på nytt berre veker etter at varslar har sagt opp si stilling, er det vanskeleg å ikkje sjå konturane av gjengjelding, slår rapporten fast.

Vidare blei kommunen oppmoda til å få på plass betre rutinar for å følge opp varsel frå dei tilsette:

Rådmann Rolf Kåre Jensen i Bodø kommune var derimot ueinig, og retta kritikk mot faktagrunnlaget i rapporten. Han meinte også at han hadde blitt for lite involvert, og kalla rapporten dårleg handverk.

– Det har vore gjort for lite research til at ein kan trekke så bastante konklusjonar som det ein gjør, sa han.

Før jul vedtok derimot eit samrøystes bystyre å ta rapporten til etterretning, og å slutte seg til anbefalingane i rapporten.

Krev erstatning

Sjølv om kvinna har varsla søksmål treng ikkje det ende med rettssak, seier advokaten hennar Harald Pedersen.

Gjennom tvisteloven må den som går til søksmål varsle motparten i forkant med krav og grunn, slik at motparten kan ta stilling til dette.

Harald Pedersen

Arbeidsrettsadvokat Harald Pedersen representerer kvinna som har varsla søksmål mot Bodø kommune.

Foto: Arbeidsrettsadvokatene

– Dette er ein god regel som både fører til at ein får klargjort ein del spørsmål, og det gir eit betre grunnlag for ein vidare prosess. Men det gjer det også mogleg å til å få løyst opp i sakene om det lar seg gjere, og dermed unngå at saka går vidare.

Han vil ikkje svare på kva krav det er snakk om, men seier det dreier seg om fleire forhold.

– Kva skjer vidare no?

– No har vi utdjupa vårt varsel om søksmål etter oppmoding frå kommunen, og ventar på svar på dette.

– Vil alltid prøve å unngå rettssak

Bodø kommune stadfester at dei har teke imot eit varsel om søksmål, og har bede KS om bistand. Tor Allstrin er områdedirektør for advokatane i KS, og uttaler seg på vegner av Bodø kommune.

– Kommunen må no ta stilling til om det er grunnlag for dette kravet, eller om dei skal avslå det, seier han.

Allstrin vil ikkje gå inn på detaljar knytt til den konkrete saka, men seier på generelt grunnlag at kommunar som oftast ynskjer å unngå at saker hamnar i retten.

Områdedirektør Advokatene i KS Tor Allstrin

Hjelper til kommunen: Tor Allstrin i KS seier Bodø kommune no skal ta stilling til kravet frå kvinna som har varsla søksmål.

Foto: KS

– Det vil alltid vere sånn at ein offentleg arbeidsgivar som ein kommune ynsker å unngå rettslege tvistar om ein kan det. Men dette må kommunen avgjere.

Om kommunen ikkje imøtekjem kravet, eller motsett seg det, må kommunen levere inn eit tilsvar til tingretten.

– Og så må partane i neste omgang ta stilling til om dei vil møtast og prøve å løyse saka gjennom rettsleg mekling. Men det er veldig prematurt å gå inn på det no, seier han.

Samtidig jobbar no administrasjonen i kommunen med å imøtekome tilrådingane frå Salten kommunerevisjon, og vedtaket frå bystyret før jul. Mellom anna er det sett i gang ein prosess for å etablere eit eksternt varslingsorgan.