Hopp til innhold

Tropisk storm treffer Noreg: – Ikkje noko mot kva dei hadde i Amerika

Stormen tok fleire liv på den andre sida av Atlanterhavet. No kjem restane av den tropiske stormen «Alex» til Noreg.

Orkanen Alex

Stormen Alex isolerte byer og reiv ned bruer i Mexico og på Cuba. I Noreg kan vi vente oss meir regn og torevêr.

Foto: STRINGER/MEXICO / Reuters

Stormen «Alex» har rasa frå seg ute i Atlanterhavet.

Der tok han mellom anna ni menneskeliv på Mexicos sørkyst, og tre liv på Cuba.

Han var den første i årets orkansesong som starta i Agatha i Stillehavet. Ein stund hadde han orkan styrke.

No treffer han Noreg.

Men det er ikkje akkurat tropiske forhold som ventar oss likevel.

Laster Twitter-innhold

Dramatikk over Atlanteren

– Det er restane av restane, kan du seie, seier Ranndveig Eikhild, vakthavande meteorolog ved Meteorologisk institutt.

Stormen heiter «Alex» og kjem frå Atlanterhavet utanfor Orlando.

Og der laga han verkeleg rabalder.

Stormen Alex. Mario Leiva (75) bruker en stokk i forsøket på å åpen slukene i Lille Havanna i Miami. Deler av Florida sto under vann i helga.

Mario Leiva (75) bruker en stokk i forsøket på å åpen slukene i Lille Havanna i Miami. Deler av Florida sto under vann i helga.

Foto: Sam Navarro / AP

I Sør-Florida og på Cuba laga han springflod. I Florida blei gater oversumt, og folk vart sittande frast fleire stader på grunn av vatnet.

På Cuba falt det over 300 mm nedbør på berre 30 timar.

Orkanen Alex
Den cubanske regjeringa meldte at over 4000 personar måtte evakuere, 2000 av dei frå Havana-området åleine.
Thumbnail for 'Cuba Storm'
Ein heil by blei faktisk isolert på Cuba etter at elva Cuyaguateje River rann over sine bredder, og 148 hus blei skada, ei bru kollapsa.
Hollywood
Heller ikkje filmstjernene i Hollywood slapp unna. Der ramla det nemleg ned 376 millimeter med regn.
Laster Twitter-innhold

Kan vente oss ein del regn

Til helga kjem altså denne bråkemakaren til Noreg.

– Men kor mykje av stormen er att til oss?

– Det kjem nok ikkje tropiske forhold. Det blir regn og gråvêr, og det blir ikkje så veldig varmt, seier Eikhild.

Alex har nemleg rasa frå seg på vegen mot Noreg.

Han ramla inn i eit anna lågtrykk utanfor Island og difor er det restane av restane som no kjem til å regne over oss.

Les også «Høststorm» ødelegger i nord – i sør fester russen i 20 grader og sol

Russecamp i Bodø 2022

– Regnet treff Vestlandet på fredag. Der kjem ruskevêret til å liggje og surre helga igjennom.

Utover laurdagen trekk nedbøren lenger nord, og sørover mot Rogaland. Sørlandet går klar av den tropiske stormen, men der vil det likevel halde fram med å regne.

– Austlandet, derimot, kan vente seg regnbyer frå den tropiske stormen. Og der blir det litt meir vind generelt, seier Eikhild.

Laga torestormar over dammen

I Mexico førte Alex til heftig torevêr. Då han låg om lag 120 km nordvest for Cozumel den 2. juni vart han utpeikt som ein potensiell tropisk syklon.

Thumbnail for 'Bermuda Storm'

Alex forlét Bermuda med høg vasstand og nedblåsne trær.

Foto: BERMUDA BROADCASTING COMPANY (Ikke bruk denne versjonen av bildet)

– Kjem det til å bli mykje torevêr i Noreg?

– Det ser ut til at det i alle fall kan bli litt torevêr i Trøndelag i løpet av morgondagen, og det trekk heilt opp til Helgeland.

Laster Twitter-innhold

Også på Austlandet må ein sjå opp for lyn og torevêr.

– Men det er ikkje noko mot kva dei hadde i Amerika, seier meteorologen.

Les også Aldri før har dette farevarselet blitt brukt på vinteren

Farevarsel i Nordland

Litt varmare i nord

Det blir altså ikkje dei heilt tropiske forholda.

Men i nord, der temperaturen har låge på omkring 10 grader dei siste dagane, kan dei i alle fall vente seg litt varmare vêr.

Laster Twitter-innhold

– I nord vil temperaturen gå litt opp. Det kan stige om lag fem gradar, men så vil det jo også regne, så det er ikkje sikkert det er så lett å merke, seier meteorologen, som peiker på at ettermiddagsbyer er relativt vanleg på sommaren.

– I dag har det haldt seg mest i indre strøk, no kjem det til resten av landet. Det blir rett og slett litt meir nedbør til helga enn vi har sett tidlegare denne veka.

Les også Straks treffer en tidlig «høststorm» Nordland

Herøy i Nordland under årets første høststorm