Hopp til innhold

Travel natt for politiet

Vald, promillekøyring, fyll og bråk prega natta for politiet i Salten. Rolegare i resten av fylket.

Politiemblem

Natt til 1. november blei travel for politiet i Salten, medan det var rolegare på Helgeland og i Midtre-Hålogaland.

Foto: Lien, Kyrre / SCANPIX

- Det har vore ei veldig travel natt. Det har vore ei rekke hendingar vi har måtta tatt oss av, seier operasjonsleiar ved Salten politidistrikt Tom Ove Hammer.

Ein mann i femtiåra er lagt inn på Nordlandssjukehuset etter eit slagsmål i Glasshuset i Bodø sentrum. Politiet har starta etterforsking av saka.

- Vi har nokre opplysningar vi vil sjekke ut, og det er personar vi vil snakke med etterkvart, seier Hammer.

Fyll og bråk skapte også utfordringar for politipatruljen i Bodø i går. Fire personar måtte tilbringe natta i arresten, etter mellom anna promillekøyring.

- Det var ein del bråk utanfor Rock Café i samband med ein konsert som var der, ein del bråk og slåsting.

Rolegare i nord og sør

Politiet på Helgeland og i Midtre-Hålogaland hadde imidlertid langt mindre å gjere enn kva tilfellet var for politiet i Salten.

- Vi har hatt ei ganske roleg natt på Helgeland, seier operasjonsleiar ved Helgeland politidistrikt Jon Røssdal.

Men også på Helgeland har politiet starta etterforsking etter ein valdsepisode. Ein mann måtte til legevakta etter at ein annan person hadde knust ei flaske i hovudet hans på Hemnesberget. Også gjerningsmannen måtte til legevakta.

I tillegg har politiet starta etterforsking etter at ein person prøvde å stikke av med ein bil frå Mo Industripark i to-tida i natt. Mannen kolliderte med ein hjullastar som vlei satt over vegen, og stakk av til fots.

Lengst nord i fylket hadde politiet ei svært roleg natt. Politiet på Andenes måtte køyre heim ein mindreårig som hadde fått for mykje alkohol i samband med Halloween-feiringa i går kveld.

I tillegg hadde politiet ein mann i slutten av 20-åra inne til avhøyr i Narvik, etter å ha blitt gjort merksam på at mopeden han køyrde var stolen.