Hopp til innhold

Trass i at sukkeravgifta er fjerna handlar vi framleis mykje snop og brus på grensa

Når vi er på grensehandel puttar vi like mykje brus og godteri i handlekorga, sjølv om dei same varene har vorte billigare her heime etter at sukkeravgifta vart fjerna i 2021.

Grensehandel i Sverige. Fleire bokser ved sidan av kvarandre fylt opp av fargerik godteri.

Nordmenn handlar matvarer og sjokolade og godteri og søtsaker i Sverige, sjølv om sukkeravgifta er fjerna i Noreg.

Foto: Geir Olsen / NTB

Målet med å fjerne sukkeravgifta var å redusere grensehandelen.

Det ser ikkje ut til å ha hatt særleg effekt førebels.

Dei som reiser på dagstur over grensa handlar omtrent like mykje brus, godteri og sjokolade som før. Det viser undersøkingar frå Folkehelseinstituttet og tal frå SSB.

– Prisane har vore veldig redusert over heile landet, men det har ikkje hatt noko effekt på kva folk grensehandlar.

Det seier ernæringsforskar Marianne Hope Abel i FHI.

I snitt handla vi 1,6 kilo sjokolade/godteri, 4,7 liter sukkerhaldig drikke og 5,8 liter sukkerfri drikke per utanlands dagstur i 2022.

Sverigegrensen åpner

Tal frå SSB viser at grensehandelen er tilbake på same nivå som før pandemien.

Foto: Annika Byrde / NTB

Slå uheldig ut på folkehelsa

I 2020 var avgifta 4,91 kroner per liter på alkoholfrie drikkevarer og 21,22 kroner per kilo på sjokolade og godteri. Prisane er gått mykje ned etter at avgifta vart borte, men vi handlar like mykje sukkerhaldig i utlandet som før.

Resultatet er at nordmenn har fått auka tilgang til billigare varer som kan slå uheldig ut på folkehelsa, seier Abel.

Det gir eit høgare konsum. Det er bekymrande fordi desse sukkerrike produkta har veldig lite anna næring og mykje tomme kaloriar. Det er også uheldig for tannhelsa, og det ser ut til å bidra til overvekt.

Ho er spesielt bekymra for at prisfallet har vorte størst på store einingar.

Du kan kjøpe fem store sjokoladeplater for 100 kroner og seks halvannan liter brus for 69.90. Vi er redd for at folk då fyller boda og får eit anna kvardagskosthald.

I Noreg i dag har over halvparten av vaksne overvekt eller fedmne, og det har vore aukande i fleire år, ifølge Abel.

– Ikkje overraskande

Avgiftskuttet trådde i kraft i juni 2021. Og det var Framstegspartiet som fekk det igjennom kuttet då dei sat i regjering. Sjølv om fjerning har gitt lite effekt, er partiet nøgd.

Vi er nøgd med det vi starta med i 2021 og såg på det som første seg i riktig retning. Vi ønskje å vidareføre dette.

Det seier Roy Steffensen. Han er stortingsrepresentant for Frp og medlem av finanskomiteen. Undersøkinga frå FHI overraska ikkje han.

Les også Halverer tobakkskvoten: – En hån mot oss som røyker

Rino Glosli fra Sarpsborg handler røyk i Sverige.

Det at nordmenn reiser over grensa er jo først og fremst fordi det er billigare varer på til dømes alkohol og tobakk, og vi har teke til ordet for at vi må redusere dei varene og. Ikkje berre gjere noko med sukkerfrie varer.

– Om det skal ha noko føre seg, burde ikkje vi då ha sett ein effekt av fjerninga av sukkeravgifta?

Som sagt, så nyttar det ikkje berre å gjere noko på ein del av det. Vi er nøydde til å redusere avgiftene på dei andre lokkevarene også. Gjer vi det, er det ingen tvil om at det vil ha effekt.

Svenskehandel

I løpet av juli, august og september 2022 grensehandla nordmenn for 3,3 milliardar kroner, ifølge SSB.

Foto: Annika Byrde / NTB

Billig og effektivt verkemiddel

Verdshelseorganisasjonen tilrår å avgiftsleggje sukkerhaldige drikkevarer som eit effektivt og billig verkemiddel for å få ned inntaket og førebyggje mot overvekt og livsstilssjukdommar.

– Sukkerinntaket i Noreg er for høgt i forhold til anbefalingane.

Det står att å sjå i dei kommande nasjonale kosthaldsundersøkingane kva effekt billigare varer i Noreg har på kosthaldet vårt, seier Abel.

Les også Forskere mener få minutter med økt puls kan forlenge livet

Jogger

Våren 2023 skal regjeringa legge fram ei stortingsmelding om mål og verkemiddel for å betre folkehelsa.

FHI meiner det å føre inn att sukkeravgift er eit effektivt og billig verkemiddel for å få ned sukkerinntaket, ifølge Abel.

Vi ønskjer også at ein skal subsidiere dei sunne produkta slik at ein et meir av det som er anbefalt å ete meir av.