Film av reinsdyr sett 13 millionar gonger – difor spring det for harde livet

Kjersti Kråkstad filma reinsdyret som no har blitt kjendis og fått kallenamnet traindeer.

Kjersti Kråkstad var på veg heim med tog til Mosjøen på Helgeland.

Plutseleg la ho merke til at folk stimla saman ved vindauga.

Alle såg på eit reinsdyr som såg ut til å springe om kapp med toget.

Men Kjersti var den einaste som tok opp telefonen. No har videoen 13 millionar visningar.

13 millionar visningar

– Eg vart nysgjerrig og då så eg at reinen løp ved sidan av toget, seier ho.

Ho skulle eigentleg berre sende videoen til nokre venner, men kjærasten hennar foreslo å legge videoen ut på TikToK.

Kjersti Kråkstad på toget til Mosjøen

Kjersti Kråkstad tok opp mobilen og filma det merkelege reinsdyret som løp langs togskjenene.

Foto: Privat

Det var eit sjakktrekk. Etter berre nokre timar hadde fleire tusen sett videoen. No har videoen blitt vist 13 millionar gonger, og fleire Instagram og TikTok-kjendisar har posta videoen på nytt.

– Det er veldig artig at den vesle videoen hadde fått så mykje merksemd, seier ho.

– Spring i panikk

Torkild Tveraa, seniorforskar i NINA seier han ser føre seg at reinsdyret i utgangspunktet hadde tenkt til å passere toget, men ikkje rakk det. Då vart det til at det berre løp ved sidan av toget.

– Om det var rein på andre sidan av toget vil den garantert tilbake til flokken.

Han fortel at det er vanleg at rein spring ved sidan av bilar når dei vil over vegen. Han vil tru at det same skjedde like ved Mosjøen stasjon.

– Det kan sjølvsagt vere at det var redd, seier Tveraa.

Reineigar Torstein Appfjell er ikkje i tvil om at det var nettopp det reinen var.

– Det er ein skremt rein. Det spring i panikk unna, men det er vanskeleg å seie kva som har skremt det, seier han.

Reinsdyr ved Langfonne

Reinsdyr held seg som oftast i fjellet, men om det vert for mykje is og skare har dei vanskar med å finne mat. Då kjem dei ned.

Foto: Lars Holger Pilø / Innlandet fylkeskommune, Sikringsprogrammet for brearkeologi.

Appfjell fortel at det ikkje er vanleg at reinsdyra går så nært jernbanen, men at det hender i blant.

Om det er mykje is og skare på fjellet trekker flokken ned for å finne mat. Han trur det er årsaka til at reinen var nede og titta på toga nett denne ettermiddagen.

– Det er litt vanskeleg å seie kvar resten av reinflokken var, men det kan vere at det ville over til resten av flokken, seier Appfjell, som legg til at reinen er ei simle, altså eit hokjønn.

Kjersti Kråkstad filma reinsdyret som no har blitt kjendis og fått kallenamnet traindeer.

Kjersti Kråkstad filma reinsdyret som no har blitt kjendis og fått kallenamnet traindeer.

Kjendisrein

– Det må vere den einaste reinen eg har som er sett 13 millionar gongar. Du kan kanskje seie at ho er ein kjendis.

Appfjell har fleire hundre rein, difor er det ikkje så lett å finne att nett denne reinen for å fortelje at ho har blitt kjendis.

– Om eg hadde funne ho igjen skulle ho ha fått ein sløyfe.

Reinsdyr får etterlengtet fôr i Karasjok.

Appfjell har fleire hundre rein. Difor er det vanskeleg å finne tilbake til den eine reinen som har vorte kjendis.

Foto: Jan Helmer Olsen

Men sjølv om reinsdyret kanskje har blitt kjendis lar ikkje Kjersti kjendisstatusen gå til hovudet på henne.

– Eg er litt i sjokk for at han fekk så mange visningar, men eg kjenner meg ikkje som ein kjendis, men eg kjenner meg heldig for at videoen har fått så mange visningar.