NRK Meny
Normal

Fyrste tørrfisken til Russland på 90 år

No kan russarane igjen få kjøpe tørrfisk frå Lofoten. Eksportselskapet Lofoten Stockfish Company startar opp der Pomorhandelen slutta for 90 år sidan.

 

Tørrfisk
Foto: Edmund Grønmo / NRK

Tørrfisk var i fleire hundre år ein viktig del av byttehandelen mellom Nord-Noreg og Russland, men etter den russiske revolusjonen i 1917 vart grensa stengd.

No lovar administrerande direktør Mona Lindal i Lofoten Stockfish Company at handelen skal ta seg opp igjen.

 

Pomorhandelen

- Me veit jo at handelen mellom russarar og nordlendingar har ein historie heilt tilbake til vikingtida. Og den kjente byttehandelen Pomorhandelen starta på 1740-talet og vara heilt revolusjonen i 1917, seier Lindal.

Fyrsteklasses tørrfisk frå Lofoten går fyrst og fremst til ein betalingsviljug marknad i Italia og til norske julebord med lutefisk. Lofoten Stockfish Company representerer dei ni største produsentane i Lofoten og står for halvparten av eksporten av tørrfisk til Italia. Frå kontoret i Bodø omsettes det tørrfisk for omlag 200 millionar kroner i året. Og dei har fleire grunnar til å selje tørrfisk til Russland.

-  Me ynskjer å finne nye marknadar for tørrfisken, fordi me i dag primært leverer til Italia, seier Lindal.

God respons

Og responsen har vore god frå den russiske marknaden.

- Me fekk veldig god respons på ei matmesse i Moskva nyleg. Me marknadsførte tørrfisken med fokus på temaet rundt Pomorhandelen, noko som vart veldig godt motteke, fortel Lindal.

Vil hjelpe til

Dagleg leiar Jarle Forbord i Norsk-Russisk Handelskammer har tru på tørrfiskinitiativet i Russland.

- Det høyrest utmerka ut. I Russland har kjøpekrafta auka dei siste åra, og me vil gjerne bidra med hjelp til å kople norske eksportørar til russiske importørar, seier han.

Og i følgje Mona Lindal i Lofoten Stockfish Company vert det ikkje lenge å vente for russarane.

- Me satsar på å ha dei fyrste prøve-leveransane klare til utgangen av året, seier ho.