Gløym meiningsmålingar, prognosar og førehandsstemmer.
Når valet er over, er det den totale fordelinga av personstemmer og stemmetillegg som betyr noko.
Desse kan gi uventa resultat, spesielt i små kommunar.
- I Lurøy stilte Børre Johan Johannesen langt nede på lista for Kystpartiet, fordi han «ikkje har tid til dette her». Han fekk likevel så mange personstemmer at han danka ut sin eigen far, som låg på førsteplass.
- I Bodø kom 90 år gamle Agnete Tjærandsen (H) inn i bystyret med god margin, då ho klatra 35 plassar takka vere personstemmer. Ho er med det ein av landets to eldste bystyrerepresentantar.
Også i Fauske kommune blei fleire overraska då stemmene var ferdig talt opp.
Det er nemleg Anne Godding som skal representere partiet Raudt i kommunestyret dei neste fire åra.
Dette trass i at toppkandidaten heiter Kjetil Sørbotten og fekk desidert flest personstemmer.
– Eg er veldig takksam for innbyggarane som har stemt på meg, for det er jo dei som avgjer ved eit val. Det er jo ikkje partia som bestemmer, det er innbyggarane, seier Godding.
Anna Godding i Raudt Fauske har vore engasjert i partiet lenge.
Foto: PrivatVann med fire stemmer
Såkalla slengarar gjorde at det einaste mandatet som partiet fekk inn i kommunestyret gjekk til Godding, som fekk fire stemmer meir totalt.
Ein slenger er også ein slags personstemme. Men den bruker du dersom du liker ein person i et anna parti enn det du stemmer på. Då skriv du namnet til kandidaten med blokkbokstavar på stemmesetelen din.
Med andre ord var det veljarane til dei andre partia i Fauske som avgjorde kven som kom inn i kommunestyret for Raudt.
- Anne Godding: Personstemmer, 31. Slengarar, 21. (52)
- Kjetil Sørbotten: Personstemmer, 43. Slengarar, 5. (48)
– Det er ingen på ei valliste som har ein plass reservert til seg, seier Godding.
Ho set pris på dei gode tilbakemeldingane ho har fått og kjem til å halde fram med å kjempe for Raudt i Fauske kommunestyre.
– Men eg er også veldig opptatt av samarbeid og skal fortsette samarbeid med SV og Ap, og prøve å få heile kommunestyret med på nokre viktige saker.
Finn trøyst i personstemmene
Partikollegaen Kjetil Sørbotten var innstilt som 1.-kandidat for Raudt Fauske. Han blei tatt på senga tysdag kveld, og sa til lokalavisa at Godding over tid har ført ein politikk som resten av partiet ikkje kan stå inne for.
Han meinte også at Godding hadde brukt ureielege metodar i valkampen.
To dagar seinare har han eit anna syn på det og gratulerer Godding med sigeren.
– Etter at eg har sett på tala, er eg mindre overraska enn eg var med ein gong. Eg ser jo på tala at eg har fått nesten førti prosent fleire personstemmer.
Kjetil Sørbotten i Raudt Fauske skal framleis engasjere seg i partiet.
Foto: Raymond EngmarkHan angrar på nokre av ytringane sine tysdag kveld, og seier kjenslene tok overhand.
– Eg hadde ei kjensle av å ligge nede etter eit lyskespark, og spør nokon deg då om kva du synest om kampen og utfallet, så er det litt vanskeleg å halde verdigheita. Det synest eg er veldig leit at eg ikkje klarte.
Sørbotten verdset høgt at dei som stemte Raudt ville at han skulle representere partiet.
– Det er sjølvsagt litt vanskeleg å svelgje når ein står midt opp i det og har investert så pass mykje i valkamp og alt, at det er dei andre partia som har definert lista til slutt her.
Kamelen blei lettare å svelge då Sørbotten forstod at det var slengarar frå andre parti som ikkje hadde stemt på han sjølv.
– Det er sjølvsagt vanskeleg å takle, men val er val, og vi må av respekt for demokratiet sjølvsagt akseptere det utfallet som kjem.
Usikre på mandat i det heile tatt
Det er ikkje til å stikke under stol at partifellane har hatt konflikt under valkampen. Konflikten har i stor grad handla om at Godding påstår å bli mobba, noko Sørbotten ikkje kjenner seg igjen i.
Begge fortel til NRK at dei ikkje var sikre på å få inn eit mandat til kommunestyret i det heile tatt.
Godding trur det har med å gjere at tidlegare representant Per Gunnar Skotåm sa nei til å stille på førsteplass denne runden.
– Han var spesielt viktig med tanke på stemmer til Raudt frå Sulitjelma, seier Godding.
Sørbotten forklarar det annleis:
– Det er jo ein del ting som har vore vanskeleg for oss i valkampen og det har vore mykje uro i laget, og det trur eg har vore med på å bidra til eit dårleg valresultat for oss generelt.
Begge håpar på godt samarbeid framover.
– Eg håpar jo det og vi vil jo ilag, og styret vil, gjere så godt vi kan for å sørge for at det skjer, seier Sørbotten.
– Kva tenker du om samarbeidet innanfor Raudt?
– Akkurat no vil eg ikkje uttale meg om det. Men vi jobbar med saka, det kan du få med, seier Godding.