Hopp til innhold

Tommy var ein av dei heldige – mange fleire får læreplassar

– Det vert sett på litt som eit lågstatusyrke, trur eg, seier nyutdanna røyrleggjar Tommy Rafaelsen. Likevel har han no kjøpt seg leilegheit i ein alder av 21 år.

Tommy Rafaelsen

Rekordmange søkjer på yrkesfagleg utdanning over heile Noreg, samstundes som stadig fleire læreplassar dukkar opp. Tommy Rafaelsen er ein av dei som nett er ferdigutdanna etter to år i lære.

Foto: Ole Dalen / NRK

– Eg ville ikkje ha fransk på vidaregåande, so då vart det bygg og anlegg. Enkelt og greitt.

Røyrleggjar Tommy Rafaelsen skrur på ein vasslås på badet. I sommar tok han fagbrevet etter å ha gått i lære i Bodø. Stadig fleire slike læreplassar vert oppretta.

– Eg trur dei skjøner at vi treng folk som kan arbeide og ikkje berre flytte på papir og leggje kabal, seier Rafaelsen.

Tommy Rafaelsen

I år fullførte Tommy Rafaelsen fagbrevet sitt, og er ferdig utdanna som 21-åring. No har han kjøpt seg eiga leilegheit.

Foto: Ole Dalen / NRK

Tre av fire fekk plass

I 2016 sto fire av ti yrkesfagelevar utan læreplass i Nordland. No går det mot rekordår samstundes som stadig fleire vil studere yrkesfag.

– Ungdommen er både kjapp og smart. Dei vender seg dit der er moglegheiter, seier fylkesråd for utdanning, Hild Marit Olsen (Ap).

Ved årsslutt i 2017 hadde tre av fire som leita etter læreplass kontrakt. Det er eit sprang frå året før, då fire av ti elevar ikkje hadde noko arbeid å gå til.

Fylkesråden meiner at arbeidslivet har byrja forstå at dei må tilby slike plassar til ungdomen.

Om dei ikkje gjer det, vil dei auka søkjartala vere bortkasta, seier Olsen.

Fylkesråd Hild Marit Olsen

– Yrkesfaga er attraktive i seg sjølv, men det må vere ein læreplass i andre enden, seier Fylkesråd for utdanning, Hild Marit Olsen (Ap).

Foto: Kåre Riibe Ramskjell / NRK

– Ungdommen blir i fylket

– Vi har blitt redda av arbeidsinnvandring i dette fylket, men no utdannar vi våre eigne ungdomar.

Ole Henrik Hjartøy er regiondirektør for NHO Nordland. Han meiner at det viktigaste med at ungdom søkjer yrkesfag er at det er mykje større sjanse for at dei blir i fylket.

Og fråflytting er eit problem i Nord-Noreg. Berre éin av tre som flytter frå landsdelen kjem attende.

Innlegg fra Ole Henrik Hjartøy under debatt

– Store, statlege verksemder burde ta inn langt fleire lærlingar. Næringslivet har no teke eit samfunnsansvar for å gje unge utdanning, og det er det som gjev resultat no, seier Ole Henrik Hjartøy.

Foto: Vilde Bratland Erikstad/NRK

Pengane freistar

Familie og vener tykkjer det er veldig bra at Rafaelsen er røyrleggjar. Litt verre med dei han møter for berre eit god dag og farvel.

– Det vert sett på litt som eit lågstatusyrke, trur eg, seier Rafaelsen.

– Men det bryr meg ikkje. Eg er veldig nøgd.

21-åringen fortel at han føler seg veldig trygg på arbeidsmarknaden med eit fagbrev. Han seier også at han er godt stilt økonomisk etter å ha vore lærling.

– No er eg jo akkurat ferdig med læretida og har spart nok til å kjøpe leilegheit. Eg hadde ikkje greidd det om eg hadde studert, for å sei det slik, seier 21-åringen.