Hopp til innhold

Henta ned frå fjell i Steigen – sat fast i mange timar

To kvinner er henta ned frå Budalsfjellet i Steigen i Nordland, etter å ha sete fast sidan i går kveld. Ein av dei var lettare skadd.

Budalsfjellet i Steigen.

Seint fredag kveld tok to kvinner kontakt med politiet då dei hadde gått seg fast i bratt og ulendt terreng på fjellet. Det var skodde og dårleg sikt på staden.

Ein av kvinnene var også skadd i eit kne, slik at ho hadde vondt for å gå.

Dei var i kontakt med politiet, men forsøkte først å kome seg ned for eiga maskin.

– Etter kvart fann vi ut at vi måtte opp og hjelpe dei ned, seier Veronika Nylund hjå Politiets operasjonssentral.

– Dei var i god form med nok av klede, so det var ikkje noko akutt. Men etter kvart synte det seg at dei hadde behov for rettleiing, seier Nylund.

– Relativt udramatisk

– Det starta seint i går kveld med at dei var kalde og våte. Dei skulle prøve å ta seg ned sjølv, men greidde ikkje det, seier Tore Vangsfjord hjå Hovudredningssentralen i Nord-Noreg.

Først tok Røde Kors seg opp til der kvinnene var i fjellet, men det var naudsynt med hjelp frå helikopter.

Kvinna som hadde skada kneet vart teken hand om av ambulansen då dei kom ned.

– Det var relativt udramatisk, seier Vangsfjord.