Hopp til innhold

Tiltalt for å ha dopa ned og valdteke si eiga dotter

Ein mann i 40-åra er tiltalt for ei rekke overgrep, blant anna mot si eiga dotter, mot born over internett og mot ein hund.

Rana tingrett

EI ALVORLEG SAK: Rana tingrett skal handsame saka i slutten av mars.

Foto: Håkon Jacobsen / NRK

– Dette er kanskje den mest alvorlege saka eg har handtert som statsadvokat i Nordland, seier Thor Erik Høiskar.

Den tiltalte, ein mann i 40-åra frå Helgeland, skal møte i retten 27. mars, og risikerer opp mot 21 år i fengsel.

Han er blant anna tiltalt for å ha dopa og valdteke si eiga dotter, for produksjon og deling av overgrepsbilete av born og for seksuelt overgrep på ein hund.

– Han risikerer sjølvsagt ei veldig lang straff, seier statsadvokaten.

Thor Erik Høiskar

ALVORLEG: Statsadvokat Thor Erik Høiskar ser alvorleg på saka, og seier det er ein av dei mest alvorlege han har sett.

Foto: Benjamin Fredriksen / NRK

Fleire lovbrot

Tiltalen er teken ut av Statsadvokatane i Nordland, og mannen er tiltalt for ei rekke forskjellige lovbrot.

Strafferamma på overgrepa mot dottera er på inntil 21 år i fengsel.

Mannen skal møte i Rana tingrett 27. mars, og det er sett av seks dagar til saka.

– Det tek lang tid å gå gjennom bevisa, me har mellom anna fleire tusen bilete, difor treng retten god tid, seier statsadvokat Høiskar.

Kan vere knytt til Dark Room

I fjor haust omtalte fleire media politiet sin «aksjon Dark Room». Det var ei storstilt avsløring av eit pedofilinettverk, der politiet rulla opp ei sak mot over 50 menn i alle aldrar og samfunnslag.

Helgelendingen var ikkje ein av dei 51 mennene i saka som blei rulla opp i haust, men kan likevel ha vore knytt til saka.

– Har denne tiltalen noko å gjere med operasjon Dark Room?

– Denne saka er svært lik Dark Room-sakene, svarar Høiskar.

– Men den er ikkje direkte knytt til operasjonen?

– Ja, den er i alle fall i grenseland til å vere tilknytt, seier statsadvokaten.

Dark room

STORAKSJON: På slutten av 2016 rulla politiet opp store pedofilinettverk i den sokalla "Operasjon Dark Room".

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

Har sete lenge i varetekt

Mannen blei arrestert i april i fjor ein annan stad i landet. Han har sete i varetekt sidan då, i over elleve månadar. Ifølgje forsvarar tek mannen dette særs tungt.

– Han er langt heimanfrå, og det er ei alvorleg sak. For han er dette ei rein tragedie, sa forsvarsadvokat Erik Lea til NRK i fjor haust.

Mannen har sete varetektsfengsla, utan å vere dømt for noko, i snart eitt år. Politiet har lov til å halde ein person varetektsfengsla om dei fryktar for mellom anna tryggleiken til vitne eller bevismateriale. Sjølv om etterforskinga er ferdig i distriktet mannen sit i, blei han framleis halden i varetekt.

– I slike alvorlege saker er det viktig at bevis ikkje vert forstyrra. Difor ser me det som rett å halde han i varetekt, seier aktor i saka, Thor Erik Høiskar.

I Noreg er det inga grense for kor lenge ein person kan haldast i varetekt. Internasjonale menneskerettar seier at saker skal opp for retten etter «rimeleg tid», men dette er ikkje definert nokon stad.

Advokat Erik Lea

EI TUNG SAK: Forsvarsadvokat Erik Lea meiner saka slit på klienten sin.

Foto: Marthe Synnøve Johannessen / NRK