Hopp til innhold

Meldte seg ut av Ap i protest – no kan han avgjere korleis kommunen skal bli styrt

Thor Arne Angelsen er uavhengig politisk representant. Dei finst det mange av i norske kommunar. KS-direktør seier det gjer politikken mindre stabil.

Thor Arne Angelsen

I haust meldte Thor Arne Angelsen seg ut av Ap i Bodø. No kan han vere vippepunktet for kva kommunen skal bruke pengar på.

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

I disse dagar blir budsjetta i dei 356 kommunane i Noreg bestemt.

I heile landet sit representantar i kommunestyre som av ulike grunner har gått ut av partiet dei blei valt inn i.

Mange av dei hamnar i ein posisjon der dei kan avgjere kommunepolitikken.

Det kan gjere politikken uføreseieleg, meiner KS-direktør.

Laga sitt eiget budsjett

I november fortalde NRK historia om Thor Arne Angelsen i Bodø.

Etter at den tidlegare Ap-politikaren trossa sitt eiget parti, hevdar han at partiet svarte med å kalle ham mentalt ustabil.

Angelsen leverte et varsel mot blant anna ordførar Ida Pinnerød til partiet sentralt. Konklusjonen vart at ingen av Arbeidarpartiet sine retningslinjer mot trakassering var brote.

Til slutt gjekk Angelsen ut av partiet. No er han uavhengig politisk representant.

Difor kan han bli vippepunktet for korleis Bodø skal bruke pengane sine neste år.

– I forslaget eg legg fram i bystyret i morgon er det satsing innan både helse, omsorg, oppvekst og kultur. Hovuddelen ligg i å reversere forslag til kutt i tenestetilbodet, seier Angelsen.

– Kor stor sjanse trur du at du har til å få gjennomslag?

– Det er sjølvsagt avgrensa. Eg har berre ein stemme.

Thor Arne Angelsen

Angelsen ønsker i sitt budsjett mellom anna å gi meir til svømmetilbod og logopedtenesta i Bodø. – Eg meiner det er naudsynt for å ha eit god tilbod.

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

Likevel trur Angelsen at budsjettet hans har ein sjanse. Det er nemleg ingen budsjettforslag med fleirtal enno.

– Då er det moglegheit for at politikarar frå andre parti kan stemme på mitt forslag om deira forslag ikkje får gjennomslag, forklarar den tidlegare Ap-politikaren.

Men kan også ende opp med å sitte i ein vippeposisjon.

Om hans budsjettforslag ikkje får gjennomslag kan han velje sjølv kva forslag han stemmer på.

Ap-politiker og universitetslektor Thor Arne Angelsen har meldt seg ut av partiet etter at partikolleger skal ha brukt hans psykiske helse som argument mot at forslaget hans i bystyret ikke var til å stole på.

Ap-politikar og universitetslektor Thor Arne Angelsen har meldt seg ut av partiet etter at partikollegaer skal ha brukt hans psykiske helse som argument mot at forslaget hans i bystyret ikkje var til å stole på.

– Kva tenkjer du om å sitte i ein slik maktposisjon?

– Det er det demokratiske systemet vi har. Eg gjer ingen ting for å bruke makt, men meiner mitt forslag er meir i tråd med valprogrammet til Ap og samarbeidsavtalen som partia har kome med, seier han og legg til:

– Får eg ikkje fleirtal kan eg stemme på noko anna.

– Kjem du til å stemme på arbeidarpartiets budsjettforslag då?

– Det kan bli resultatet at eg stemmer på Ap sitt budsjett om ikkje nokon andre budsjett får fleirtal i første runde.

Og det finst det fleire døme på i norske kommunar, ifølge ekspertar.

Les også Ap-politiker trosset eget parti – hevder de svarte med å kalle han psykisk ustabil

Thor Arne Angelsen

– Politikken blir meir uføreseieleg

Helge Eide, områdedirektør i KS, fortel at dei ikkje har tal på kor mange liknande døme det finst i kommunar i Noreg.

Det er nemleg berre er den lokale kommunen som har oversikt over innmeldingar og utmeldingar av lokale parti.

Likevel er dei klar over utfordringa.

– Det finst ein god del kommunar der endringar i det parlamentariske grunnlaget skaper større uføreseielegheit i kommunepolitikken.

Helge Eide, direktør for samfunn i KS

Helge Eide, områdedirektør for samfunn, velferd og demokrati i KS meiner det er ein utfordring for kommunane at politikarar melder seg inn og ut av parti.

Foto: Wilhelm Sverdvik / NRK

I Lillestrøm kommune, er no om lag 10 prosent av kommunestyret uavhengige representantar.

I Brønnøy er det lokale Senterpartiet sat under administrasjon av Nordland Senterparti.

Årsaka skal vere at partiet har tatt avstand frå partiets eigen ordførar.

Ein ser òg fleire uavhengige representantar i Indre Østfold, Sarpsborg, Nore og Uvdal og Hvaler kommune.

Les også Reagerer på Aps håndtering av varsel: – Dette begynner å bli alvorlig

Birthe Eriksen, advokat

– Kva tenkjer du dette gjer med demokratiet i kommunane?

– Politikken kan bli meir uføreseieleg viss andelen lausgjengarar blir stor.

– Sjølvsagt er det ein utfordring for det representative demokratiet. Det kvilar på at partia har gått til val på eit program.

Men så lenge representanten som har meldt seg ut held seg til programmet trur han ikkje det er ein så stor utfordring for demokratiet.

– Men for styringseffektiviteten i kommunen kan det bli eit problem. For ordførarar og administrasjon som er avhengig av stabilitet er det sjølvsagt ein utfordring.

– Dei fleste er lojale til partiet

NRK snakka med fleire avhopparar allereie hausten 2019. Fleire av desse fortalde om mellom anna personkonfliktar innanfor lokallaga. Slik tilfellet med Angelsen i Bodø er.

Jonas Stein, førsteamanuensis i statsvitskap ved UiT seier at det ikkje er sjeldan at partipolitikarar går frå sitt eiget parti.

Jonas Stein

Jonas Stein, førsteamanuensis i statsvitskap ved UiT seier mange politikarar som vel å vere uavhengige representantar seier dei vel valprogrammet framfor partiet.

Foto: Rune Nordgård Andreassen / NRK

– Desse politikarane er valt på individuelt grunnlag. Det kan skje interne ting i partiet eller endring av meining. Dei står fritt til å velje kva partigrunnlag dei skal stemme for.

– Kva gjer dette med maktfordelinga i kommunepolitikken?

– Det er mogleg å lage ganske mange fleirtal utan Angelsen. Men om han vel å stemme med dei borgarlege partia må han fortelje kvifor.

Partiene revner

Minst 32 representantar og 16 vararepresentantar hadde brote med eiget parti allereie halvannan månad etter valet i 2019.

Likevel trur han ikkje det går ut over makta til partia.

– Dei aller fleste er lojale til partiet. Og dei fleste partia halde fram med å styre heilt fint, sjølv om dei mistar ein representant.

Stein legg til at det skal mykje til for å kaste ein ordførar i løpet av ein periode.

– Det er nettopp for å hindre at ein kan gå ut av partiet for å bruke det som eit pressmiddel. Det er ein tryggleiksmekanisme i politikken.

Lars Nehru Sand

Politisk kommentator i NRK, Lars Nehru Sand har høyrt om krangelen i Bodø. Han synest det er ei spesiell sak.

Foto: Vidar Ruud / NTB

Politisk kommentator i NRK, Lars Nehru Sand, seier det er vanskeleg å seie om budsjettforslaget til ordførarens koalisjon vil falle som følge av uavhengige representantar.

– Men det er spenning knytt til budsjettvedtaket i både Bergen og Kristiansand.

Budsjettvedtak er veldig viktig for ein ordførar. Viss slike ting gjer det vanskeleg er det ein potensiell demokratisk utfordring, og noko som påverkar heile styringa av kommunen.

Les også Flere titalls folkevalgte har allerede brutt med partiet sitt

Morten Sommer

Har kome nærmare folk

For Thor Arne Angelsen i Bodø har tida før budsjettavstemming i år vore annleis enn tidlegare år.

Han har nemleg blitt ringt ned av mannen på gata.

– Eg har fått frykteleg mange førespurnader frå mellom anna innbyggarar, tilsett-representantar og brukarrepresentantar som har ønsker inn i budsjettet, seier Angelsen.

Les også Jusekspert slakter nytt regelverk for ytringsfrihet

Thor Arne Angelsen, universitetslektor

Sjølv antar han at han har fått minst 30 førespurnader frå mellom anna svømmelærarar logopedar, sjukepleiarar og lærarar.

– Dette er heilt nytt for meg, og det er veldig interessant. Det er noko som fleire av mine kollegaer med store bystyregrupper absolutt burde oppleve.

– Det er ikkje ein kritikk, men du kjem mykje nærmare folk med interesser ein ikkje kjennar frå før. Eg har lært mykje.

Les også Logopeden lærte Eivind (6) å snakke – nå kutter kommunen tilbudet

Fauske

Les også Skolen fikk ny rektor i september – nå truer foreldrene med å ta alle barna ut av skolen

Helligvær