Hopp til innhold

Tenåring tatt i 141 km/t

Ein mann i slutten av tenåra er tatt i 141 kilometer i timen i ei 80-sone ved Bjørnfjell i Nordland. Politiet ser alvorleg på høg fart på sommaren.

Bjørnfjell

Tørre og berre vegar gjer det lettare for folk å trø ekstra på pedalen, meiner Mads Bernhoft hjå politiet i Nordland.

Foto: Statens vegvesen

Ein mann i slutten av tenåra vart stoppa av politiet på Bjørnfjell i fartskontroll. Han vart teken i 141 km/t i ei 80-sone.

Køyreturen i grensetraktene fekk ein brå slutt for den unge sjåføren.

– Det er ein ung og nokså uerfaren sjåfør som er målt i ei så høg hastigheit. Då er det klart at det er eit farepotensial i det. 140 kilometer i timen er jo rundt 46–47 meter i sekundet. Det skal lite til før ein mister kontrollen i slik hastigheit, seier operasjonsleiar Mads Bernhoft i politiet i Nordland.

– I tillegg er jo dette på ein veg som er open for andre òg.

Mads Bernhoft

Politiet gjer fleire høge målingar på sommaren, fortel Bernhoft.

Foto: Bente H. Johansen / NRK

Politiet opprettar straffesak og mannen mista sertifikatet.

Operasjonsleiaren seier det er for tidleg til å spekulere i kva for straff den unge sjåføren kan vente seg. Når ein er målt i så høg fart, må ein rekne med å vere utan førarkort lenge. Heilt opp mot 19 månader.

Forskrift om tap av retten til å føre motorvogn

Fartsgrense 80 km/t:

Fart:

Tap av førerett:

116-120

3-5 mnd

120-130

5-8 mnd

130-140

8-13 mnd

140-150

13-19 mnd

150-160

19-25 mnd

160-170

25-30 mnd

170-180

30-36 mnd

Over 180

Over 36 mnd

Farta her er så høg at ein ikkje kan gi ut noko forenkla førelegg.

Små marginar

I juni mista ei 74 år gamal kvinne som var på ferie i Vesterålen sertifikatet etter at ho vart tatt for råkøyring på E10.

UP-sjef i Nord-Noreg, Geir Marthinsen, fortalde då NRK om farane ved slik råkøyring.

Geir Harald Marthinsen, UP-sjef i nord

Geir Harald Marthinsen er UP-sjef i Nord-Noreg. Han forsikrar folket om at dei har bilar ute langs vegen omtrent heile tida.

Foto: TOR FARSTAD

– Ved so høge hastigheiter er marginane små. Risikoen for at det kan skje ei ulukke er høgare når fartsgrensa vert overgått sopass mykje, sa Marthinsen.

Mads Bernhoft er klår på kva han vil sei til dei som skal ut på vegane i sommar. Som alltid er beskjeden å følge reglane.

– Ta det med ro og køyr etter forholda, seier Bernhoft.