Hopp til innhold

Telia moderniserer mobilnettet: – Utan dekning ein heil dag utan å vere klar over det

Telia-kundar i distriktet fryktar for beredskapen når mobilselskapet moderniserer mobilnettet. Jutta Vanessa Berg fekk ikkje kontakt med mannen sin på seks timar.

Jutta Tørkel og mannen Reidar Berg.

Jutta Vanessa Berg og mannen Reidar Berg er såkalla kjentmenn i området. Dei går i fjellet fleire gongar kvar veke og meiner difor å vite kor det er god dekning og ikkje under normale omstende.

Foto: Privat

Nyleg var det fleire som meldte om ustabile signal under EM-kampane mellom Belgia og Slovakia, skriv VG.

Årsaka var at Telia hadde TV-trøbbel.

Men hakket meir alvorleg enn at folk får sett EM-kampane, er kanskje det Jutta Vanessa Berg seier om dekningsproblema der ho bur, i Leines i Steigen.

– Det her er jo kjempefarleg. Vi har jo vore utan dekning utan å vere klar over det, i ein heil dag, seier Jutta Vanessa Berg.

For berre eit par veker sidan var ho på veg til sjukehus med ambulanse på grunn av ein hjartefeil. I ein SMS frå Telia får ho og fleire andre kundar opplyst at 112 vil fungere «så fremt ein annan operatør har dekning i området».

Screenshot frå ingrid sin mobil (som har fått same melding).

Ei slik melding har tikka inn hos fleire Telia-kundar i Nordland, blant andre Jutta Tørkel og mannen Reidar Berg.

Foto: Privat

Leines har rundt 400 innbyggarar. Problemet er at i området der Berg bor er Telia den einaste nettleverandøren. Andre stader er det berre Telenor som har dekning.

Måndag denne veka toppa deg seg igjen.

– I halv firetida hadde det ikkje vore dekning sidan klokka 10 om morgonen.

 Jutta Tørkel og mannen Reidar Berg.

Jutta Vanessa Berg og mannen Reidar Berg er ikkje fornøgde med korleis Telia informerer om nedetid. Telia svarar at dei forsøker å halde nedetida kort.

Foto: Privat

Éin SMS på fleire utfall

Situasjonen som Tørkel viser til er frå 17. juni. Torsdag 13. juni var dei også utan dekning i fleire timar.

Ekteparet Jutta Vanessa og Reidar Berg er såkalla kjentmenn i området. Dei går i fjellet fleire gongar kvar veke og meiner difor å vite kor det er god dekning og ikkje under normale omstende.

Ekteparet reagerer på fleire ting, men aller mest at beredskapen må fungere.

Les også Telenor-problemene løst

Telenor

– Vi reagerer også på at problema var så langvarig. Og at dei ikkje sender ut konkret melding til abonnentar som soknar til aktuell basestasjon som er ute av drift.

For når Jutta skulle finne ut av problemet, ringde ho først til breband-leverandøren. Dei avviste at problemet låg hos dei – og det gjorde også Telia, hevdar Berg, før ho viste til SMS-en som Telia sjølv har sendt ut.

– Det eg reagerer på ar at det er null forståing, seier ho.

Privat bilde meint til bruk om mobilnett i Steigen.

Ekteparet er på mange fjellturar i Leines i Steigen. Til venstre og høgre i bildet, over det første vatnet, finst dei to basestasjonane.

Foto: Reidar Berg / Privat

Telia: Prøvar å halde nedetida kort

Daniel Barhom, informasjonssjef i Telia, har blitt møtt med kritikken frå Tørkel.

Han meiner dei informerer godt nok. Han viser til at dei informerer deira privatkundar i forkant via SMS med informasjon av oppgraderingsarbeidet, med råd om å bruke Wi-Fi Tale som eit alternativ viss ein har tilgang til internett via fastlandet.

– Vi informerer våre privatkundar i forkant via SMS med informasjon om oppgraderingsarbeidet, med råd om å bruke Wi-Fi Tale som et alternativ viss man har tilgang til internett via fastnettet. Da kan bruke mobilen som normalt så lenge man er kopla til et trådløst nett.

Daniel Barhom, informasjonssjef, Telia

Daniel Barhom, informasjonssjef i Telia.

Foto: Telia

Vidare forklarar Barhom at Telia, som ein del av deira nasjonale 5G-utbygging, sidan 2023 har modernisert mobilnettet i Nordland med 5G og betre 4G.

– Dette for å gi våre kundar eit robust, trygt og framtidsretta mobilnett.

– Det er samtidig fleire forhold som påverkar når basestasjonen kan oppgraderes, blant anna krevjande topografi og verforhold, og det medfører at vi må vere noko generelle rundt akkurat når oppgraderingsarbeidet finn stad.

Han påpeikar også at basestasjonane som var nede i Steigen no er oppe igjen.

– Forstår at det ikkje er hyggeleg

Det hindrar ikkje Jutta Vanessa Berg i å lure på kva som blir neste gong ho plutseleg mistar dekning.

Ho etterlyser konkrete meldingar i forkant på kva tid dekninga forsvinn.

NRK har spurt om Telia forstår at dette er vanskeleg for folk som bur på små stader i distriktet, utan andre alternative leverandørar.

– Når det gjeld område utan overlappande dekning, kor det heller ikkje er dekning frå andre operatørar, så forstår vi veldig godt at det ikkje er noko hyggeleg oppleving. Vi ønsker likevel å understreke at vi jobbar kontinuerleg med å halde nedetida kortast mogleg, svarar Barhom i ein e-post til NRK.

Les også Tre av fem synes det er greit å betale 7450 kroner for dette

Mobiltelefon i bil

Merknad: Artikkelen er endra etter publisering. NRK skrev opphavleg at Jutta Tørkel ikkje hadde fått informasjon om «Wifi tale-funksjon» i SMS frå Telia. Dette er ikkje riktig og formuleringen er fjerna.

Det er også lagt til nokre fleire svar frå Telia i artikkelen, som tidlegare berre låg i faktaboks.