Hopp til innhold

Meiner det ikkje er nokon fare med tare: – Kan erstatte salt

Mattilsynet har åtvara folk mot å ete tare på grunn av høgt jod-nivå. Men tareprodusentane meiner taren kan løyse eit verdsproblem.

NYANSERT BILDE: Tarenæringa ber om at mattilsynet gir eit meir nyansert bilde av jod-innhaldet i tare. Her frå sanking til Lofoten Seaweed.

Å legge tang og tare på middagstallerkenen kan vere løysinga for både ein veksande befolkning og berekraftig mat, meiner fleire.

Men mattilsynet har fleire gonger åtvara folk mot å ete tare. Det inneheld nemleg mykje jod.

Men det gjeld ikkje all tare – ifølge tarenæringa.

No vil dei at Mattilsynet skal vise eit meir nyansert bilde av jodinnhald i tare.

Treng ikkje vere farleg

Norwegian Seaweed Association AS er eit nettverk for 25 bedrifter engasjert i dyrking og produksjon av tang og tare.

– Viss vi skal snu kosthaldet om til plantekost, ete meir frå havet og nytte ressursane våre meir allsidig, er det spennande med tare. Men i Noreg og i Europa er det ein gamal og gløymd tradisjon, seier Heidi Meland.

Ho er talsperson for tarenettverket og fortel at næringa er ein sårbar bransje, og treng stønad frå Mattilsynet.

Heidi Meland i KIGOK.

TRENG IKKJE VERE FARE MED TARE: Heidi Meland er talsperson for tarenettverket Norwegian Seaweed Association AS. Ho meiner tare ikkje treng å vere farleg.

Foto: Ny Næring

– Det er sant at mange brunalgar inneheld mykje jod. Men vi er påpasselege med å gi rett informasjon om kor mykje jod det er i vara og korleis kundane kan bruke han, seier Meland.

– Tare treng ikkje å vere farleg.

Meland legg til at tareprodusentane i Noreg sel tare som ligg langt unna farenivået.

Og ho meiner det er andre matvarer som ein òg må passe på høveleg inntak av, til dømes mat med mykje sukker, salt og metta feitt.

Angelita Eriksen er ein av eigarane ved Lofoten Seaweed

HAUSTING: Angelita Eriksen haustar tare til eigen bedrift i Napp i Lofoten. Ho sel både til restaurantar og privatpersonar og merker kor mykje det er trygt å ete av produkta.

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

Kan erstatte salt

Ifølge Verdas helseorganisasjon (WHO) har 2 milliardar menneske jodmangel.

Tarenæringa meiner Mattilsynet må sjå på tare som ei løysing for dette, og ikkje som eit farleg produkt.

– I Austen vert tare oppfatta som eit viktig bidrag i kosten. Dei reknar det som sunt. Dei ser på tare som mat med verdifulle mineral som dei treng, seier Meland.

Trøffeltang

TRØFFELTANG: Er ein populær art blant kokkar og matinteresserte. Ifølge Lofoten Seaweed kan det trygt verte nytta i matlaging sidan små mengder gir mykje smak.

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

Globalt vert det produsert 36 millionar tonn tare, men dei asiatiske produsentane begynner å nå grensa for produksjonsvolum.

Meland meiner dette er eit glimrande høve for Noreg til å kaste seg på banen.

Dessutan:

– I den vestlege kosten er bordsalt (NaCI) rekna som ein stor helsetrussel. Vi kan erstatte saltet med tare og få inn umamismak som gjer det lettare å erstatte kjøt og fisk med plantekost, seier Meland.

Ho peikar samstundes på at tare inneheld antioksidantar og har antiinflammatorisk verknad.

Meir gunstig for å unngå hjarte- og karsjukdommar

Arne Duinker, forskar ved Havforskingsinstituttet, er ikkje framand for at ein i framtida kan nytte tare som salt.

– Tare er meir gunstig for å unngå hjarte- og karsjukdommar. Det vil gå i rett retning av eit sunnare saltforbruk.

Saman med mellom andre Møre Forsking, forskar Duinker på korleis ein kan redusere jodinnhald i tare samstundes som ein held på dei andre næringsstoffane.

Havforskar Arne Duinker, frå Havforskningsinstituttet held opp nylig innhausta stortare.

SUSHITARE: Arne Duinker, forskar ved havforskingsinstituttet seier nokon algar er relativt låge på jod, slik som Nori som mellom anna vert brukt til sushi.

Foto: Suzanne Sagebø / NRK

Har du nokon gong ete tare?

Tare er eit satsingsområde

Solbjørg Hogstad er seniorrådgjevar i seksjon biologisk mattryggleik ved Mattilsynet.

Ho seier dei kontinuerleg jobbar med å samle kunnskap om den nye matvaregruppa.

– Sidan det er mykje upløgd mark og lite regelverk her, må mattryggleiken verte kartlagt. Inkludert jod, seier ho.

Seniorrådgjevar i Mattilsynet, Solbjørg Hogstad.

SATSING: Solbjørg Hogstad, seniorrådgjevar i seksjon biologisk mattryggleik ved Mattilsynet, seier tare er eit satsingsområde for både Noreg og EU.

Foto: PRIVATFOTO

Hogstad meiner at folk i Austen kan vere betre tilpassa eit høgt jodinnhald i kosten enn europearar.

Det kan vere grunnen til at dei tol meir tare enn nordmenn ser ut til å gjere. Men:

– Tang og tare kan bli ein viktig del av norsk kosthald i framtida. Vi jobbar kontinuerleg med å samle kunnskap, utvikle regelverk og gi råd til befolkninga om dette, seier Hostad.

Noko av det dei følger med på er metodar som vert utforska for å redusere jod i tareprodukt.

Og medan vi ventar på det, er Meland frå Norwegian Seaweed Association klar på at tareprodusentane ikkje kjem til å selje farlege produkt.

Dei vil vere nøye på å merke varene sine.

– Vi er ikkje på nokon måte interessert i å presse ut varar som Mattilsynet meiner er farleg, seier Meland.