Hopp til innhold

Fiskeriministeren vil ikkje rekne tare som sjømat: – Kveler næringa

Tarenæringa er frustrert over at tare ikkje er definert som sjømat. No krev dei svar frå fiskeriministeren.

Produksjon av Tare i Trønderlag

Tare er førebels ikkje rekna som sjømat. Det set kjeppar i hjula for marknadsføring av tare, meiner tarenæringa.

Foto: Seaweed Solutions AS

– Er tare mat? Ja. Og kjem det frå sjøen? Ja. Det burde vere relativt lett å seie at det er sjømat.

Det seier Leonore Olsen, dagleg leiar Sjy Seaweed på Indre Kvarøy på Helgelandskysten.

Men fiskeriministeren vil ikkje inkludere tare i sjømatlova.

Då vert ikkje tare rekna som sjømat.

Kritisk for tarenæringa

Staten har i fleire år bedt norske institusjonar om å leggje til rette for produksjon, dyrking og eksport av norsk tare.

Leonore Olsen er ei av dei som gjer det.

Leonore Olsen er gründer og dagleg leiar for Sjy Seaweed

Leonore Olsen er gründer og dagleg leiar for Sjy Seaweed.

Foto: Janita Zenteno

– I Noreg er ikkje tare eller tang definert som noko som helst. No er det verken fugl eller fisk. Det kveler næringa.

Ho meiner definisjonen er den største bremsen for å realisere norsk tarenæring.

Mellom anna i tollen vert dei svar skuldig. Det gjer deklarasjonen i tollen meir komplisert.

– Den breisida som Noreg legg til gjennom sjømatrådet er ein fantastisk måte å byggje sjømat frå Noreg som ein merkevare. Det vil vi vere ein del av, seier Olsen.

Flyg ikkje enno

I over eit tiår har tareprodusentane prøvd å byggje ei tarenæring i Noreg.

Men den har ikkje kome opp i «flight-modus», ifølgje Olsen.

OSTEPOP: Leonore Olsen, dagleg leiar i tangsnacksfabrikken, seier produktet er laga nesten på same måte som ostepop. Det er laga av mais, potet og tang.

Eit av produkta som Sjy Seaweed lagar er taresnacks laga av tare frå Lofoten.

Foto: Janita Zenteno / Janita Zenteno

For å marknadsføre produkt av tare treng dei sjømatrådet i ryggen. Då må tang og tare først vere definert som sjømat.

Men fiskeriministeren meiner eksportvolumet er for lågt til å endre på sjømatlova.

– Vi ser eit stort potensial i tare, men det har vore lite volum og sal av det, seier fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen (H) til NRK.

Om ein skal marknadsføre tare gjennom Sjømatrådet må ein betale inn ein avgift.

Slik næringa er i dag ville den ha vore på 70.000 kroner.

Odd Emil Ingebrigtsen

Odd Emil Ingebrigtsen er fiskeri- og sjømatminister. Han seier at det allereie er om lag 100 stader det vert dyrka tare langs kysten i Noreg.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

– Salet av tare har ikkje tatt av. Difor har vi ikkje tatt oss bryet med å endre lova. Vi ventar til det vert litt større, seier fiskeriministeren.

Han legg ansvaret over på private aktørar og tarenæringa sjølv.

Når dei får opp salet av tare, kan sjøveksten òg få kalle seg sjømat.

Høna eller egget

– Eg veit ikkje kva som kjem først, høna eller egget, seier tareprodusent Leonore Olsen på Indre Kvarøy.

– Skal fiskeriministeren bidra til at det vert meir volum, eller skal vi drive marknadsarbeid i eit vakum utanom resten av sjømatnæringa?

Ifølge Sintef kan potensialet i taredyrking i Noreg verte større enn olja.

Ikkje berre som mat, men òg som dyrefôr og biofuel.

Tare vert ikkje fôra, det veks av sollys og energien i havet. - Kor mykje grønare kan det verte, seier Leonore Olsen.

Tare treng ikkje fôr. Det veks av sollys og energien i havet. – Kor mykje grønare kan det verte, seier Leonore Olsen.

Foto: Seaweed Solutions AS

I likskap med Sintef meiner Olsen at tare vert viktig i det grøne skiftet, samstundes som det kan skape mange nye arbeidsplassar.

Ho er samd med ministeren i at tarenæringa har ansvaret for å realisere produkta og identifisere marknaden.

– Men om vi skal få til voluma som fiskeriministeren spør etter, må vi ha nokon til å halde oss i handa for eksport og marknadsføring, seier tareprodusenten.

Trass i at det ikkje er nokon statleg marknadsføring gjennom sjømatrådet, eksporterte Noreg tang og tare som mat for 9,3 millionar kronar i 2020, påpeikar Olsen.

– Kan ikkje løfte næringa åleine

Fiskeriministeren meiner tarenæringa allereie har det dei treng til å vekse seg store.

Dei får tilskot og låneordningar gjennom Innovasjon Norge.

Tareproduksjon

Innovasjon Norge speler fortløpande inn innovasjonspolitiske råd til minister og departement om behov og utfordringar i ulike næringar.

Foto: Seaweed Solutions AS

– Vi gir løyving til prosjekt både for enkeltselskap og til nettverk for tarenæringa, seier Bjørg Helene Jenssen i Innovasjon Norge.

For Innovasjon Norge kan vere med å støtte næringa med tilskot og låneordningar.

Men marknadsføring er ikkje deira bord.

– Vi åleine kan ikkje løfte denne næringa. Det er heilt naudsynt at mange bidreg inn i dette. Mellom anna treng næringa at lovverket er på plass, seier Jenssen.

Tare på Indre Kvarøy

– Voluma kjem ikkje før vi har kome oss ut i marknaden med produkta. Marknadsføring frå sjømatrådet ville ha bidrege fundamentalt til volumvekst, seier Leonore Olsen.

Foto: Zenteno Visuals / Sjy Seaweed

Drøymer seg til laksenæringa

Medan ingen veit kva som kjem først av høna eller egget, drøymer Leonore Olsen på helgelandskysten seg til ei tarenæring som liknar norsk laksenæring.

– Eg meiner at tare er den neste havbruksnæringa i Noreg. Den veksten som laksen har hatt kan vi òg ha med tare, om vi gjer dette rett.