NRK Meny
Normal

Ta betre feriebilete – les fotograf Peder sine eigne tips

Sommaren er her og sosiale media fløymer over med bilete av solnedgangar, badestrender og turistattraksjonar. Lær ein profesjonell fotograf sine beste tips for å skilje deg ut frå mengda!

Lær å ta betre feriebilete

Noko av det viktigaste med bilete er historiene dei fortel eller du kan fortelje om dei. Denne mannen på ein motorsykkel i Den dominikanske republikk kan ha hundrevis av historier bak seg.

Foto: Peder Pedersen

Om du no opnar kva som helst av sosiale media; Instagram, Facebook, Snapchat eller VSCO, manglar det ikkje på sommarbilete. Folk er brune og smilande, går med solbriller og besøkjer turistattraksjonar. Men etter å ha sett fire forskjellige sjølvisar under Eiffeltårnet, glir dei fort over i kvarandre.

– Den største fella du går i er å fotografere i hytt og pine.

Peder Pedersen er fotograf og lærar ved fotolinja på Lofoten Folkehøgskule. Han tykkjer prat om kamerautstyr og teknisk kunnskap vert kjedeleg. Kva blendaropning du brukar eller sensor du har er heilt uviktig for folk flest.

– Det som er viktig, er historier, seier Pedersen.

Palmetre i den dominikanske republikk

Om bilete skal stå åleine, utan ei historie eller kontekst, hjelp det om biletet er komponert godt.

Foto: Peder Pedersen

Pedersen var på ferie i Den dominikanske republikk i 2005, og deler sine private bilete som eit døme på feriefotografering.

Trekk sjåaren inn i reisa

– For å lage ei historie treng du gjerne nokre innleiingsbilete – planlegging, pakking og kanskje reisa til staden du skal vere på, seier Pedersen.

Slike bilete trekk folk inn i historia di, fortel om korleis du kom til fjelltoppen eller kor mange bussar du måtte på for å kome til det flotte hotellet.

Avreise

Ikkje alle bilete treng å vere Pulitzer-materiale. Nokre treng berre vere ein start på ei forteljing.

Foto: Peder Pedersen

Ikkje gløym augneblinkane

Utover dei flotte solnedgangane og utsikta er det mange småting som kan skildre atmosfæren av staden du er på. Menneskja du møter og deira daglegliv betyr mykje. Folka du møter ein stad kan vere vel so viktige som bygningane, musea eller temperaturen.

Ein mann røyker pipe

Eit glimt i livet til menneskja som bur på staden ein vitjar, kan skildre kjensler godt.

Foto: Peder Pedersen

Bruk tid

– Bruk meir tid. Sjå på kva du får inn i biletet før du knipsar. Er det naudsynt å ha med alt som er i ramma? Er det noko som berre distraherer? Like viktig er det å sjå etter element som kan tilføre historia noko, ein artig detalj eller berre ein fin framgrunn, seier Pedersen.

Tomme flater

Nokre bilete kan spele på innhaldet, som fjes og kroppsspråk, i staden for lys og djupne.

Foto: Peder Pedersen

Tenk på andre vinklar

– For bilete med meir liv, energi og humor kan frekkare vinklar fungere. Vri litt på kameraet og gå tettare på. Bilete vert ofte betre med nye vinklar, seier Pedersen.

Kamphanar

Desse kamphanane hadde vore mykje mindre interessante om biletet var teken ovanfrå og langt vekke.

Foto: PEDER PEDERSEN

Kunnskap er likevel viktig

Noko kunnskap om komposisjon og teknikk er likevel nyttig. Biletet under er ein flott situasjon, men ville kanskje ikkje blitt fanga like godt om ikkje Pedersen såg og fanga vinklane, kontrasten og kroppsspråket. Her kjem fotografikunnskapane til nytte.

Dotter til Pedersen på brua

Sjølv om Pedersen ikkje vil fokusere for mykje på komposisjon og tekniske ferdigheiter, kan det gjere situasjonar som dette fantastiske.

Foto: Peder Pedersen

Hald noko for godt til Facebook

Vel heime er det tid for å sjå på bileta. Bilete som manglar kjensler, er uskarpe eller berre uinteressante gjer seg ikkje. Pedersen oppfordrar til å vere streng og faktisk hive vekk det som bør vekk.

Peder Pedersen

Peder Pedersen er utdanna reklamefotograf og har underviser fotografi ved Lofoten Folkehøgskule.

Foto: Lofoten Folkehøgskole

– Lag ein liten presentasjon. Skap nysgjerrigheit og forventingar med dei fyrste bileta og utforsk verda med resten av serien. Med litt ekstra arbeid har du ei mappe på harddisken eller ei bok i hylla du ofte tek fram for å mimre i minner. Bilete som ikkje berre forsvinn i ingenting er gode bilete, seier Pedersen.

– Oppdater vener og familie litt undervegs med bilete på sosiale media, men slike bilete vert fort vekke i ein evig straum. Lagar du ei skikkeleg historie med bileta, får du minner som berre vil få meir og meir verdi, seier Pedersen.

Video

Distriktsnyheter fra Nordland. TV
Surfer Shannon Ainslie blir jaget av spekkhoggere som forveksler han med sel, skal vi tro forskerne.
I tredje episode av Stortvildet må Erna Solberg tegne Jonas Gahr Støre. KrF må debattere som SV og motsatt. Hvem vinner debatten?