Etter over ein månad med leiting er 23-åringen Truls Henrik Johansen framleis ikkje funnen. No har norsk politi henta inn ekstra hjelp frå anerkjende svenske spesialistar.
– Vi håpar vi får ei markering i dag, seier innsatsleiar i politiet i Vesterålen, Jørn Karlsen.
Dei to hundane Wirre og Yngve kom i dag til Øksnes med førarane sine Christer Lindvall og Björn Thorsel. Dette er hundar frå den same eininga som fann den døde journalisten Kim Wall i Danmark i fjor.
- Les også:
– Vi har lettbåtar med eigne plattformer på baugen for hundane. Føraren sit bak og les reaksjonen til hunden, opplyser Karlsen.
Foto: Kai Jæger Kristoffersen / NRKLeitar so lenge der er håp
Karlsen fortel at politiet ikkje vil bremse søket medan dei framleis har ubesvarte spørsmål, nye opplysningar og området som ikkje har vore leita i enno.
– Den dagen vi ser det ikkje er nye søk å gjere, blir vi ikkje å leite berre for å leite. Då går vi over i ei form for overvakingsfase der vi ein gong i månaden gjer strandsøk, seier Karlsen.
– Men om vi kjem til eit punkt der det ikkje er nye søk å gjere, er ikkje det det same som å setje strek. Vi kjem til å gjere søk utover sommaren og hausten uansett.
- Les også:
Truls Henrik Johansen (23) var fiskar. Etter båten hans kantra for vel ein månad sidan har han vore sakna. Han er no rekna for å vere omkomme. Det er enno ikkje klårt kva som skjedde den natta han forsvann.
Foto: Svein-Arne NilsenHar definert eit nytt søksområde
Politiet har bedt dei frivillige som leitar om å halde seg unna området kring Svinøya, ei øy i sundet like utanfor Øksnes. Dette kan vere området der likhundane først vert sett i arbeid.
– Hundane er klarert inn i Noreg, so so lenge vi har ei meining med dei søka vi gjer,
Innsatsleiar Jørn Karlsen seier dei ikkje kjem til å forlate båtane, sjølv då det ikkje er nye søk å gjere. Leitinga vil då halde fram som jamlege strandsøk.
Foto: Kai Jæger Kristoffersen / NRKkjem dei til å vere hjå oss. Det er vanskeleg å sei eit sett tal dagar, men vi har dei til vi har fått søkt gjennom dei områda vi føler treng det, seier Karlsen.
Politiet i Sverige har åtte hundar som søkjer etter lik på havet. Karlsen fortel at dei har drive med dette dei siste 25 åra. I Noreg har ikkje Politiet slik kompetanse, og er difor avhengige av å låne personell frå nabolandet.