Hopp til innhold

Laila var 31 år då ho fekk symptoma på overgangsalder

Laila Lovise Bjølgerud kom i såkalla tidleg overgangsalder. Det gjer ho ekstra utsett for hjartesvikt og atrieflimmer, ifølge ein ny studie med data om 1,4 millionar kvinner.

Laila Lovise Bjølgerud

– Eg er 42 år no og har heile livet framfor meg. Eg vil ikkje henge bak dei andre berre fordi eg har fått overgangsalderen kasta over meg tidlegare enn eg skulle.

Foto: Ingrid Gulbrandsen Årdal / NRK

Urolege netter, sveittetokter og vanskar med hugsen.

Ei rekke diffuse plager.

Laila Lovise Bjølgerud (42) skulle gjennom fem abortar, ein dødfødsel og ein normal fødsel før ho fekk vite kva som var problemet.

Legane hadde inga forklaring. Bjølgerud, 31 år gamal, sleit med å forstå samanhengen av plagene.

Først når du har hatt tre spontanabortar så begynner legane med utgreiing. Likevel klarte dei ikkje å fastsette det, seier Bjølgerud.

Visste ikkje at det var mogleg

Det var sjølv om ein av legane var innom såkalla «prematur ovariesvikt». Legen fortalde derimot ikkje kva det betydde.

Difor spurde Bjølgerud om dette i neste runde.

Beskjeden ho fekk var å sjå vekk frå det.

Laila Novise Bjølgerud

GENETIKK: Mor til Laila Lovise kom også i tidleg overgangsalder, men slikt blei prata lite om. – Det var på ein måte ikkje noko som skulle fram i dagen at ein tok hormontilskot for å fungere og ikkje ha alle desse plagene, seier Bjølgerud.

Foto: Privat

Det har kosta ho dyrt.

– Det er min største sorg med dette, at ønsket om å få fleire barn plutseleg blei tatt bort. Akkurat på tidspunktet eg fekk vite om det, var det inga ordning på eggdonasjon.

– Om dei hadde gått vidare med dette då, så kunne dei for eksempel ha tatt ut egg. Det er jo kjempeviktig å vite om du er i gang med prosessen eller ikkje.

På det tidspunktet var ho ikkje klar over at det i det heile tatt var mogleg å kome tidleg i overgangsalder, og visste lite om symptoma.

Som 38-åring fekk ho konstatert tidleg overgangsalder.

Det skjedde under eit prøverørsforsøk på St. Olavs hospital. Bjølgerud hadde ikkje fleire egg igjen, og det var for seint å få fleire barn.

I dag tar ho tilskot av hormona østrogen og gestagen. Dei hjelper ho med å halde kroppen meir stabil, sjølv om ho ikkje blir kvitt alle plagene.

I tillegg brukar ho kalsium fordi ho har forstadium til beinskøyrheit.

Overlege: – Viktig for å fylle kunnskapsholet

Ny koreansk forsking talar for at tidleg overgangsalder, også kalla prematur menopause, gir auka risiko for hjartesvikt og atrieflimmer.

Studien inneheld data frå meir enn 1,4 millionar kvinner, og er publisert i det Maja-Lisa Løchen kallar for verdas leiande hjartetidsskrift, European Heart Journal.

– Her var det spesielt behov for den store, svært godt utførte sørkoreanske studien med tanke på å fylle dette kunnskapsholet om atrieflimmer. Det er tidlegare vist ein samanheng mellom tidleg overgangsalder og hjartesvikt, men for atrieflimmer er ikkje dette vist i tidlegare forsking før heilt nyleg, seier Maja-Lisa Løchen.

Maja-Lisa Løchen

Maja-Lisa Løchen.

Foto: UiT Norges arktiske universitet

Ho er professor i førebyggande medisin ved UiT Noregs arktiske universitet og overlege på hjartemedisinsk avdeling ved Universitetssjukehuset Nord-Norge (UNN).

Ho er også medlem av regjeringa sitt kvinnehelseutval.

Underkommunisert i Europa

Løchen har lese studien og meiner han er gjennomført på alle punkt.

– Korleis kan funn frå denne koreanske forskinga overførast til Europa og Noreg?

– Sør-Korea har svært god helsevitskapleg og epidemiologisk forsking av høg kvalitet. Sør-Korea er eit av dei rikaste landa i Asia, og sjølv om dei etnisk er ulike oss i Europa, så er levekåra ikkje så ulike.

– Kvinnespesifikke risikofaktorar for hjarte- og karsjukdom har vore underkommunisert i Europa, medan USA har vore opptatt av dette i lengre tid, seier Løchen.

Tidleg overgangsalder blei i 2019 tatt inn som risikoforsterkar i dei amerikanske retningslinjene for førebygging av hjarte- og karsjukdom i USA. Det er ikkje med i Europa.

Kan gi motivasjon

– Kvinner med prematur menopause bør vere klar over at dei kan ha større risiko for å utvikle hjartesvikt eller atrieflimmer enn sine jamaldra, seier ei av forskarane bak studien, Ga Eun Nam frå Korea University College of Medicine, i ei pressemelding.

Det meiner også Løchen.

Årsaka til dette er blant anna at det er viktig informasjon for fastlegen som følger opp pasientane og samtalar med kvinna om livsstil og andre risikofaktorar, slik som blodtrykk og familiehistorikken om sjukdomar som kan auke risikoen for hjarte- og karsjukdomar.

– Det kan også gi motivasjon til å betre livsstilsvanar som også er risikofaktorar for hjarte- og karsjukdom. Til dømes ved å vere meir fysisk aktiv, ete hjartevenleg mat, halde vekta og ikkje røyke eller snuse.

Genetikk og kunnskap om plager

Laila Lovise Bjølgerud kjenner ofte at hjartet går i galopp.

– Eg har slått meg til ro med at det berre er denne overgangsalderen, men om det er knytt opp til hjarteproblem generelt, synest eg det er litt meir alvorleg enn eg hadde tenkt.

Ho har sett ei rekke dokumentarar og lese rapportar for å utdanne seg sjølv på området.

– Det er lite og dårleg informasjon på det, og alle tener på meir kunnskap. Også menn, for dei blir også påverka om dei for eksempel bur med nokon av det motsette kjønn. Då er det godt å vite at det er normalt at slike ting skjer.

Ho skulle ønske at ho visste at dette var eit fenomen i hennar familie, då familiehistorikk kan spele inn.

Psykolog: Mange føler seg lite førebudd

Psykologspesialist Eva Tryti fortel at mange pasientar fortel om ei kjensle av tap i samanheng med tidleg overgangsalder.

– Når det skjer uventa tidleg kan plagene føre til at ein tvilar svært mykje på kva som er feil.

Eva Tryti, portrett. Dame med blondt hår og svart bluse.

Psykologspesialist Eva Tryti.

Foto: Privat

Ein gjengangar for desse er at dei kjenner seg einsame med det, fordi folk flest når overgangsalderen på eit seinare tidspunkt då jamaldra også gjer det.

– Så blir det veldig tungt når plagene går utover sjølvtillit, og seksuell sjølvtillit. Det kan leie til både angst og depresjon.

Eva Tryti gir desse råda for dei som vil kjenne seg betre i overgangsalderen:

  • Få god medisinsk behandling og avklaring på sakene.
  • Jobb psykologisk med å gi sjølvtilliten ein oppsving. Det er berre tull og tøys at kvinner i overgangsalderen er «utmeld»», ifølge Tryti.
  • Få hjelp med å oppnå betre automatiske tankar om deg sjølv.
  • Hald fram med å ha sex med hjelpemiddel som gir deg glede av det.
  • Ver ute i naturen og pass på deg sjølv. Ikkje for å trene vekk ekstra kilo du ser i spegelen, men fordi det gir deg energi og hjelper helsa di.
  • Hugs at også overgangsalderen går over.