Hopp til innhold

Stortingsfleirtal for auka omfordeling i inntektssystemet

I dag ferdigbehandla kommunal- og forvaltingskomiteen på Stortinget regjeringa sitt forslag til nytt inntektssystem for kommunane.

Det opplyser Arbeiderpartiet og Senterpartiet i ei pressemelding.

Fleirtalet i komiteen støttar hovudgrepa i regjeringa sitt forslag. Det skal forsøksvis bidra til større omfordeling av kommunane sine inntekter slik at kommunen kan tilby likeverdige tenester til innbyggarane.

– For Arbeiderpartiet er det viktig at kommunane kan tilby likeverdige tenester. Kommunen er sjølve ryggraden i velferdsstaten, seier kommunalpolitisk talsperson for Arbeiderpartiet, Lene Vågslid.

Ho er også leiar av kommunal- og forvaltingskomiteen.

Vågslid legg til at dei nye grepa vil omfordele om lag to milliardar kroner av kommunane sine inntekter. Med andre ord vil dei ta meir frå kommunar med overskot og gi til kommunar med underskot.

Inntektssystemet endrar blant annet kor mykje skatt som blir omfordelt mellom kommunane.

Lene Vågslid, Ap og Erling Sande Sp.