Hopp til innhold

Støre fryktar at svenskane vil vinne romkappløpet

Noreg står på startstreken i romkappløpet i Europa, men Arbeidarpartiet fryktar at svenskane vil kome forbi oss på oppløpet om regjeringa ikkje får ut fingeren.

Rakettoppskyting på Andøya

På Andøya har dei skyte opp fleire rakettar dei siste åra. No ynskjer dei å få til eit fullverdig satellittprogram i den vesle kommunen.

Foto: Trond Abrahamsen / Andøya Space Center

– Her føregår eit kappløp der vi ikkje kan tape tid.

Leiar i Arbeidarpartiet, Jonas Gahr Støre, er uroa for at Noreg kan tape romkappløpet i Europa. Partiet meiner løyvinga av pengar til satellittprosjektet på Andøya i Nordland går for treigt.

Ap-leder Jonas Gahr Støre

Ap-leiar Jonas Gahr Støre rettar ein skjennande peikefinger mot Næringsdepartementet. Han meiner pengar til Andøya Space Center må på plass raskt.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Senteret har bedt om opptil 1,3 milliardar kroner frå Næringsdepartementet.

– Dette er i seg sjølv ei veldig viktig sak for Noreg for utvikling av teknologi. Det er også sjølvsagt viktig for Andøya i den omstillingsfasen dei er i. Difor burde vi få klarleik i dette no og ikkje få fleire utsetjingar, seier Støre.

Hard konkurranse

På Andøya Space Center i Nordland arbeider dei no for å sende satellittar i bane kring jorda. Dei ynskjer å bli dei første i Europa til å gjere dette.

Problemet er at både svenskane, portugisarane og skottane også arbeidar mot nett dette.

President ved romsenteret på Andøya, Odd Roger Enoksen, sa tidlegare til NRK at han meiner svenskane står likt med nordmennene i konkurransen.

– Dei har ikkje fått løyvinga på plass. Dei har bedt om ei finansiering på 400 millionar kroner, men det er ikkje avgjord av den svenske regjeringa. Vi har nok kome minst like langt som dei har.

So no er altso Arbeidarpartiet uroa for å bli passert på oppløpet.

– Det er langt frå Oslo til Andøya

Fylkesrådsleiar i Nordland, Tomas Norvoll (Ap), stiller seg bak partileiaren. Han meiner regjeringa tek til orde for ei for passiv haldning.

– Vi ser nok ein gong at det er langt frå hovudstaden til Nord-Noreg når ein ynskjer å ta nokre skikkeleg offensive grep for å skape mange hundre nye kompetansearbeidsplassar i landsdelen.

Rakettbygger ved Andøya flystasjon

andøysamfunnet har vore håpefulle for nye arbeidsplassar i kommunen, etter aktivitet ved militærflyplassen vart vedteken avvikla av Stortinget i 2016.

Foto: Benjamin Fredriksen / NRK

– Men Nærings- og fiskeridepartementet eig jo 90 prosent av romsenteret på Andøya. Dei andre ti prosentane er eigd av private Kongsberggruppen. Er ikkje det fornuftig å ha eit godt kunnskapsgrunnlag før ein fattar ei avgjerd?

– Departementet fekk den formelle søknaden i februar, men prosjektet har vore arbeidd med i fleire år. So dette er ikkje noko som er ukjend for dei. No tek dette so lang tid at eg er redd for at nokon andre kjem til å gå forbi oss på oppløpssida, seier Norvoll.

Støre svarar liknande på nett same spørsmål:

– Absolutt. Difor føreset eg at dette kjem på plass, slik at når Stortinget kjem saman vert det fatta vedtak utan forseinking, seier partileiaren.

Tomas Norvoll les dokument

Tomas Norvoll ynskjer fortgang i den politiske behandlinga slik at ei oppstartsløyving kjem inn under statsbudsjettet for neste år.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Lønsemd er viktig

– Andøya Space Center har bedt staten om å investere i prosjektet på forretningsmessig grunnlag. Departementet har engasjert ein ekstern rådgjevar som hjelper departementet i å vurdere om prosjektet vil vere ei forretningsmessig lønsam investering for staten, skriv statssekretær i Næringsdepartementet Hannah Atic (H) i ein e-post til NRK.

Hannah Atic

– Prosjektet på Andøya er spanande og regjeringa ynskjer å gjere sitt for at det skal ha framdrift. Difor gav vi eit lån på 20 millionar kroner i juni 2018, seier Atic i Næringsdepartementet.

Foto: Willy Hage / NRK

Vidare skriv Atic at det er fleire problemstillingar som utgreiinga skal gje svar på, mellom anna løyver og reguleringar.

– Kapitaltilførsla kan gjerast utanom statsbudsjettet. Denne tidsfristen er dimed ikkje so relevant i denne samanhengen, skriv Atic.

Også Støre er einig i at pengar til prosjektet ikkje naudsynleg må kome frå statsbudsjettet, men også kan kome som ei eiga sak for Stortinget. Likevel meiner han at budsjettet er ei naturleg freist.

– Det er veldig kritisk om dette må vente eit år, for det året har vi ikkje. Startskottet går no, seier Ap-leiaren.