NRK Meny
Normal

Stopp for private barnehagar: – Det er ein hån mot kvinnelege gründerar

Bodø kommune har sett ned foten for private barnehagar for å stoppe «velferdsprofittørar». Miriam driv ein profittfri musikk- og friluftsbarnehage og skjønar ikkje kva politikarane driv med.

Miriam Svines Fagerli, dagleg leiar og medeigar i Vågøynes barnehage AS

FORVIRRA: Miriam Svines Fagerli er dagleg leiar og medeigar i Vågøynes barnehage AS. Hennar barnehage tek ikkje ut noko utbyte, men greiast under same kam som storselskapa.

Foto: Lars-Bjørn Martinsen / NRK

– Eg føler og at det er eit hån mot dei kvinnelege gründerane som startar gode, små barnehagar, seier Miriam Svines Fagerli, dagleg leiar og medeigar i Vågøynes barnehage AS.

Denne veka fatta kommunestyret i Bodø eit omstridt vedtak: alle nye barnehagar som vert oppretta skal drivast anten av kommunen eller ideelle organisasjonar. Det er no slutt på at private aktørar får starte opp på eiga hand.

– Det er våre skattepengar som går til profitt. (...) Sjølv Høyre støttar utbytteforbod i skulen. Kvifor er det rett å tene pengar på ein femåring, men ikkje på ein seksåring?, sa varaordførar Synne Bjørbæk (R) til Avisa Nordland før møtet.

Unge på ei disse i barnehage i Bodø

BRYR SEG NEPPE: Småungane på huska og i sandkassa bryr seg nok lite om den som passar dei er betalt av eit konsern eller ein kommune.

Foto: Lars-Bjørn Martinsen / NRK

Tar ingenting i utbyte

Forkjemparane for vedtaket seier det skal hindre storkonsern og spekulantar å hente ut store pengesummar. Eit døme er Benn Eidisen og Even Carlsen som ifølgje avisa BodøNu selde seg ut av eit barnehagekonsern i 2016 for 250 millionar kroner kvar.

Men ikkje alle private aktørar fyller lommebøkene like godt ...

– Vi har ikkje overskott i barnehagen. Vi går sånn høveleg i null i budsjettet, og i år går vi kanskje i minus. Om vi faktisk får eit overskott, skal det gå tilbake til drifta av barnehagen. Det står i våre vedtekter, seier Fagerli.

Det er ikkje mogleg for eigarar å ta ut nokon som helst profitt frå denne barnehagen.

Miriam Svines Fagerli, dagleg leiar og medeigar i Vågøynes barnehage AS.

– Men kva er då motivasjonen for å starte barnehagar om det ikkje er pengar i det?

– Dei som har aksjar i denne barnehagen er dei som har kjøpt seg barnehageplassar. Det er motivasjonen deira, seier Fagerli.

Men slik var det ikkje i starten. Det heile byrja då Bioforsk dreiv jorda i nærleiken. Dei tilsette trong barnehageplassar, men dei kommunale barnehagane hadde ikkje rom. Då starta Vågøynes barnehage AS opp i 1992.

Men no er det slutt på slike oppstartar. Etter Bodø kommune fatta sitt vedtak, kan ingen barnehagar som Vågøynes starte opp.

– Eg tykkjer det er trist. Det er takka vere dei private barnehagane Bodø i dag har full barnehagedekning, seier Fagerli.

Barnehagekor

BARNEHAGEKOR: Vågøynes er ein musikk- og friluftsbarnehage. Dei har tilsett både friluftsentusiastar og musikkpedagogar.

Foto: Lars-Bjørn Martinsen / NRK

Tener pengar på borna

Ein av arkitektane bak vedtaket er Rødt-representant i Bodø bystyre, Svein Eilif Olsen.

– Mange av dei mindre barnehagane som dreiv på ideelle grunnlag har seinare blitt kjøpt opp av store konsern som Nordlandia Care AS, og driv no med eitt mål for auge; kjapp og rask profitt, seier Olsen.

Om Bodø kommune til dømes gjer vedtak om bemanningsnorma i barnehagane, må ikkje dei private aktørane ta omsyn til det i det heile. Samstundes har dei krav på like mykje pengar i tilskott som dei offentlege.

– Private aktørar hjelpte då kommunen ikkje kunne gje god nok barnehagedekning, men no ser vi baksida av spegelen; no er det storkonserna og velferdsprofittørane som tener på borna, seier Olsen.

Eg er ikkje med på at velferdsprofittørar skal tene på barneborna mine.

Svein Eilif Olsen
Svein Olsen i Rødt, i Bodø

SET NED FOTEN: Svein Eilif Olsen hatar ikkje private barnehagar, men mislikar det han kallar «velferdsprofittørar».

Foto: Sigurd Steinum/NRK

Video

Distriktsnyheter fra Nordland. TV
Nyhetsreportasje fra NRK.
Hver dag havner store mengder med dårlig renset kloakk rett ut i fjordene våre. En rekke store norske kommuner bryter nemlig rensekravene viser NRKs kartlegging.