Sterke reaksjonar etter kriseutsegnet frå næringsministeren: – Heilt vanvettig

Regjeringa lovar ikkje pengar til reiselivet endå, men vil vurdere behovet for støtteordningar. – Hårreisande, svarer Virke og NHO.

Iselin Nybø i Bergen

Næringsminister Iselin Nybø lovar ikkje pengar til reiselivet.

Foto: Julianne Flølo / NRK

Onsdag bad NHO reiseliv om ei eiga krisepakke for bransjen. I ei medlemsundersøking seier 31 prosent av bedriftene at det er reell risiko for konkurs.

Men som NRK fortalde fredag formiddag har regjeringa førebels ingen plan om ein eigen krisepakke for reiselivet.

Næringsminister Iselin Nybø (V) hadde følgjande beskjed til fleire reiselivsaktørar i Bergen torsdag:

– Vi får seie det som det er – vi kjem ikkje med pengar no, seier ho.

Næringsministeren er tydeleg på at reiselivsnæringa står i ei krise, men hennar poeng er at dette er ein situasjon som vil vare i lang tid framover, Difor oppmodar ho bransjen til å omstille seg og tilpasse seg den nye kvardagen.

Utsegnet har fått reiselivsnæringa til å sjå raudt, og fredag presiserer Nybø at regjeringa ikkje avviser økonomisk støtte til reiselivet.

– Regjeringa har heile vegen vore tydelege på at vi vil vurdere situasjonen etter sommaren, og det var derfor eg var i Bergen i går, seier ho.

Ho står likevel inne for at krisen i reiselivet er den nye normalen.

– Det er ei krise for næringslivet i den forstand at det er store omveltingar, men det er ein ny normal vi går inn i og det må vi tilpasse oss, seier ho.

– Ikkje ein ny normal

Virke fryktar heile den norske reiseindustrien vil knekkje nakken fullstendig, om regjeringa ikkje strekkjer ut ei hjelpande hand no.

– Det er hårreisande at den ansvarlege ministeren for ei næring som er viktig for heile landet vårt ikkje anerkjenner situasjonen næringa står i, seier Ivar Horneland Kristensen, administrerande direktør i Virke.

Virke viser til resultata frå deira siste medlemsundersøking.

Ivar Horneland Kristensen, Virke

Ivar Horneland Kristensen, administrerande direktør i Virke.

Foto: Virke

– Denne viser at tre av fire reiselivsverksemder ikkje klarer å drive lønnsamt under dagens smittevernereglar, seier Horneland Kristensen.

I Nordland er òg regionleiar i NHO, Daniel Bjarmann-Simonsen, oppgitt.

– Vi har i det heile ikkje ein ny normal. Å påstå det er eit fullstendig knefall. Vi har ei kjempealvorleg krise som rammar tusenvis av arbeidsplassar, seier han.

Han seier reiselivet sit att med store tap, tapte arbeidsplassar og bekmørke.

– Viss dugnaden no skal bli konkursras fordi staten stengjer ned med den eine handa, men ikkje vil hjelpe med den andre, så er det ikkje lenger ein dugnad. Då er det eit bedrag.

– Blir overlatne til seg sjølve

Stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet, Åsunn Lyngedal, kallar Nybø sitt utsegn for eit «heilt vanvitig fråsegn til ei næring med 170 000 tilsette».

Åsunn Lyngedal

Stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet, Åsunn Lyngedal fryktar konkursras dersom regjeringa ikkje kjem med ein eigen krisepakke for reiselivet.

Foto: kari skeie / nrk

Ifølgje Lyngedal tærer fleire reiselivsbedrifter allereie på eigenkapitalen.

Ho meiner regjeringa må komme med ein krisepakke til næringa, før det er for seint.

– Vi veit at det blir eit konkursras og oppseiingar. Eg håpar alle der ute får med seg at regjeringa, som består at Høgre, Venstre og KrF, overlèt ei næring med 170 000 tilsette i både bygd og by til seg sjølv.

I Nord-Noreg nærmar den viktige nordlyssesongen seg, men i dag er det høgst usikkert om den kjem i gang, seier Lyngedal.

Svalbard er spesielt hardt ramma. I Longyearbyen er 40 prosent av årsverka knytt til reiselivet.

Leiar i Visit Svalbard, Ronny Brunvoll, meiner Nybø gamblar med lokalsamfunnet.

– Vi veit at fleire er byrja å flytte allereie, seier Brunvoll.

– Bom stopp

Ein ringerunde til reiselivsbedrifter stadfestar at fleire er bekymra for framtida.

l Lofoten enda juli overraskande i pluss for mange. Norske turistar vart redninga for fleire reiselivsbedrifter i Noreg denne sommaren.

– Juli vart ekstremt bra, seier dagleg leiar Marcus Engen ved Solsiden Brygge Rorbu-hotell på Ballstad.

Men førre helg var det som om lysbrytaren vart slått av.

– Det er eigentleg bom stopp. Frå 17. august er det ein betrakteleg nedgang. I september er det nesten ikkje folk. I oktober, november og desember er det heilt dødt, seier Engen til NRK.

Marcus Engen

Dagleg leier Marcus Engen ved Solsiden Brygge Rorbu-hotell på Ballstad vart redda av norske turistar som valfarta til Lofoten i juli. Hausten er derimot høgst usikker.

Foto: Kari Skeie / NRK

I august ligg bedrifta an til å tape 35 prosent av omsetninga, samanlikna med same periode i fjor. I september trur Engen at omsetninga blir halvert.

Reiselivsnæringa er i krise, seier dagleg leiar i Destination Lofoten AS, Line Renate Samuelsen.

– Vi gjekk frå krisestemning i vår til ein kjempefin fellesferie. Over all forventning for mange. Men etter at vi nordmenn har byrja på jobben igjen, er alt svart. Kurs- og konferansemarknaden er også forsvunne. Det er krise og vi anar ikkje kor lenge det vil vare.

Tett dialog med reiselivet

Nybø seier regjeringa følg utviklinga i reiselivsnæringa tett. Ifølgje henne sjølv har ho tett dialog med næringslivet og reiselivet.

– Deler næringsministeren bekymringa frå Lyngedal om konkursras og oppseiingar?

– Eg deler bekymringa for korleis hausten blir for reiselivsaktørane. Reiselivsnæringa er ein av næringane som er hardast ramma av smitteverntiltalene, seier ho.

Næringsministeren avviser at ho ikkje tar innover seg situasjonen og viser til krisepakker til næringslivet, mellom anna kompensasjonsordninga og utvidinga av permitteringsordningane.

– Om det blir konkursras og oppseiingar er det for tidleg å seie, men regjeringa justerer verkemidla for å bidra til at slike negative konsekvensar ikkje skal bli for omfattande.

Nybø trekk fram at nokre aktørar har klart seg bra, medan andre har klart seg mindre bra.

– Situasjonen er variert, og no er vi godt i gang med å sjå kva ulike aktørar treng. Før vi fattar ei avgjerd må vi ha god dialog med dei som kjenner dette på kroppen. Det er desse innspela vi treng i arbeidet no, seier ho.