Hopp til innhold

Stengde Nordlandsbana på grunn av lim

Nordlandsbana blei stengd i dag tidleg etter ein entreprenør fann det han trudde var gamalt sprengstoff. Det synte seg å berre vere limtubar.

Limtubane som stengde Nordlandsbana

IKKJE DYNAMITT: Entreprenøren som fann stoffet tok det for å vere dynamitt, fosrtåeleg nok.

Foto: Morten Nysæther / Bane NOR

Banesjef Thor Brækkan, Ofotbanen

BETRE FØRE VAR: Områdesjef Thor Brækkan er glad for at bana blei stengt, sidan ein ikkje var sikker på sprengstoffet.

Foto: Jernbaneverket

– Det var godt bana blei stengd. Betre føre var enn etter snar, seier områdedirektør i Bane Nor, Thor Brækkan.

I morgontimane fredag fekk politiet melding frå eit arbeidslag på linja om at dei hadde funnen gamalt sprengstoff i ein tunell nær Kjemåga nord for Lønsdal i Saltdal kommune. Kort tid etter blei bana stengd, og bussar frakta passasjerar vidare.

«Sprengstoffet» som førte til stengd Nordlandsbane synte seg å berre vere gamle limtubar, fortel Brækkan.

Nordlandsbanen

TRAVEL BANE: Nordlandsbana fraktar mange passasjerar og mykje gods mellom nord og sør. Ein stopp på berre nokre timar kan hefte mange.

Foto: Rune Fossum

Slike limtubar vert nytta i samband med bolting og sikring av fjell. Entreprenøren som fann kassen med lim tok det nok for å vere gamal dynamitt.

– Eg tykkjer alle gjorde det rette her. Bana vart stengd, ja, men det var det aller tryggaste å gjere, seier Brækkan.

Kjemåga

NRK oppdaterer saka.