Hopp til innhold

Statoilsjefen i løvens hule

Konsernsjefen i StatoilHydro er i Svolvær for å overbevise oljemotstandarar om at Lofoten og Vesterålen må opnast for oljeleiting.

Folkemøtet i Svolvær

Stortingspolitikar Inga Marte Torkilsen (Sv) er motstandar av oljeboring i Lofoten og Vesterålen. Til høgre sitt Gaute Wahl frå Folkeaksjonen for oljefritt Lofoten og Vesterålen. Heilt til høgre sitt Rasmus Hanson frå WWF.

Foto: John Inge Johansen / NRK

- Reduksjon av norsk oljeverksemd vil auke verdas utslepp av Co2.

Det sa konsernsjef i StatoilHydro, Helge Lund, då han holdt sitt innlegg under Folkemøtet i Svolvær torsdag ettermiddag.

Representantar frå fiskerinæringa, miljørørsla og næringslivet deltek på møtet. I tillegg kjem sentrale politikarar for å diskutere oljeverksemd i Lofoten og Vesterålen.

- Ut ifrå eit klimaperspektiv er det ingen andre land som er så effektive i høve til å redusere utsleppet av miljøgassar, sa Lund.

Han la til at det no var tre ting som var viktige for StatoilHydro: Tillit blant lokal befolkning, at debatten er basert på fakta og ikkje kjensler, og at tilnærminga til oljespørsmålet må være balansert.

Krev ringverknader

Det er NHO, LO og petroleumsorganisasjonen Lofoten og Vesterålen Petro som arrangerar møtet, og LoVe-direktør Ørjan Robertsen har høge forventningar.

- Då får folk moglegheita til å få informasjon, høyre debatten og sjansen til å stille spørsmål direkte til politikarane.

Også konsernsjef i StatoilHydro, Helge Lund, deltek på folkemøtet. Han skal halde eit innlegg om selskapet sitt perspektiv på oljeaktivitet i Lofoten og Vesterålen.

For Lofoten og Vesterålen Petro er det viktig at eventuell olje- og gassaktivitet skapar ringverknader.

- For oss er det alfa omega med arbeidsplassar og ringverknader. Ilandføring er viktig for det gir mest lokale ringverknader, seier Robertsen.

Lund vil ikkje legge fram tal på kva for effekt oljeverksemd får for regionen, men viser til Hammerfest og Aukra.

- Det er avgjærande med ilandføringsanlegg ved eventuell oljeverksemd i Lofoten, men kvar anlegget skal ligge kjem til å bli eit betent tema, seier Lund.

Boikotta lunsjen

Folkemøtet i Svolvær

Siv Jensen (Frp) er partileiar for det einaste av dei større partia på Stortinget som så langt har sagt klart ja til oljeverksemd utanfor Lofoten og Vesterålen.

Foto: John Inge Johansen / NRK

Spørsmålet om olje- og gassaktivitet i Lofoten og Vesterålen har skapt stor debatt, og i fjor sommar demonstrerte miljøorganisasjonar og fiskarar mot dei seismiske øndersøkingane som blei utført i området.

Allereie før folkemøtet i dag har fiskarane demonstrert mot oljeverksemd, ved å takke nei til ein uformell lunsj med StatoilHydro-sjef Helge Lund.

- Ein bør spørje seg om kva hensikten er med ein slik uformell lunsj. Det bør lokale og spesielt inviterte fiskarar tenkje nøye gjennom, seier Bjørnar Nicolaisen i Andøy Fiskarlag til FiskeribladetFiskaren.

I ettermiddag skal aktørene som medvirker på konferansen delta i en paneldebatt med fokus på utvinning av olje og gass i Lofoten og Vesterålen.

Ventar sterk debatt

Stortingsrepresentant Inga Marte Torkilsen frå Sv er sterk motstandar av oljeboring i Lofoten og Vesterålen, og trur det vil gå heitt for seg under paneldebatten torsdag ettermiddag.

- Eg reknar med vi kjem til å få nye gullskimrande løfter frå oljeindustrien om kva som kjem til å bli av vekst og arbeidsplassar i nord. Dei vil prøve å tone ned alle dei ulukkene og problema sine som dei har hatt den siste tida, og som dei har fått påpass for frå både Petroliumstilsynet, Oljedirektoratet, SFT og Havforskningsinstituttet.

Folkemøtet er også ein arena kor politikarane vil kunne svare på spørsmål frå folk i salen. Fleire ulike mediehus har gjennomført meiningsmålingar om kva folk i Nord-Noreg meiner om oljeleiting i landsdelen, og svara varierar.

Ei undersøking Polarfakta gjorde for NRK i fjor, viste at halvparten av innbyggarane i Nordland er mot oljeverksemd.

Men i ei undesøking Visendi gjorde for Dagens Næringsliv i april, viste eit klart ja til oljeleiting blant dei som bur i Lofoten og Vesterålen. Sjølv om Torkilsen er imot oljeboring i nord, så forstår ho at folk i Nord-Noreg ynskjer vekst.

- Eg forstår at folk flest ynskjer å få til ny optimisme og vekst og utvikling av den landsdelen som er så viktig for Noreg. Difor meiner eg vi må bli mykje flinkare til å syne kva alternativa til olje er, og ikkje berre seie nei - nei. I Finnmark har vi 70 prosent av vindkraftressursane. I Nordland har vi også store moglegheiter til å utvikle både tidevatnkraft, bølgjekraft, vi har vindkraftressurser og bioenergi, seier Torkilsen.