Hopp til innhold

Statkraft raidar distrikta

Statkraft ynskjer å kjøpe nettverksemda til kraftselskap rundt om i landet, men møter motstand i nord.

Strømmast

Dyr nettleige? Statkraft vil kjøpe opp små og mellomstore kraftselskap, for å få ned nettleiga. Men dei møter motstand, mellom anna i Vesterålen.

Foto: Scanpix / Scanpix

- Eg hoppar ikkje direkte i taket, seier styreleiar Kjell Are Johnsen i Andøy Energi.

Statkraft har i år gjennomført ein landsomfattande turné der dei besøker lokale kraftselskap for å diskutere samarbeid og oppkjøp av nettverksemda.

Dei grunngjev framstøyta med at det er nødvendig å få ned nettleiga.

Kjell Are Johnsen i Andøy Energi er skeptisk til Statkraft sin argumentasjon.

- Skal ein då eventuelt ha selt ut eit nettselskap i Andøy Energi til Statkraft, så vil då alle framtidige overskot i selskapet gå til Trondheim kor Statkraft sitt, og ikkje gå innbyggerne i Andøy til gode.

- Nettleiga må ned

Statkraft er ein energigigant i Europa som no har starta raidet mot små og lokale kraftselskap i distrikts-Noreg.

Berre i Vesterålen i Nordland har Statkraft vore i samtaler med Andøy Energi, Vesterålskraft og Trollfjord kraft. Nettleiga må ned, og då må einingane bli større, meiner Informasjonssjef Merete Knain i Statkraft,

- Det vil gi meir effektiv drift, betre kompetanse og beredskap, lågare nettleige, og større avkastning for eigarane. Difor meiner vi det er viktig både for kundane, tilsette, eigarar og lokalsamfunn å få til ein prosess på dette.

Monopol

Orførar Jonni Solsvik (H) i Andøy bit heller ikkje på agnet til Statkraft. Solsvik meiner saka også har ein viktig politisk dimensjon.

- Då går staten i retning av å få monopol på nettsiden, og det som er meget interessant politisk er om dette er så forankra at Statkraft nærmast oppfattar det som eit oppdrag frå staten.