Hopp til innhold

Sparebank 1 var nede i heile landet – problemet skal vere løyst

Fleire opplevde trøbbel med nettenesta til banken fredag formiddag.

Spare Bank 1 Nord-Norge
Foto: Privat

Sparebank 1 var fredag formiddag nede i heile landet.

– Nettbanken var nede i heile Noreg frå 10.47 til 11.04 fredag formiddag, opplyser Tone Mesna i Sparebank 1.

– Vipps var også nede for Sparebank 1, seier ho.

Dei veit endå ikkje kva årsaka er. Problemet er no løyst.