Spår rekestopp for Helgeland: – Kroken på døra

Eit nytt oppdrettsanlegg i Rødøy tar livet av reketradisjonen på Helgelandskysten, meiner rekefabrikkeigar. Men oppdrettet er ikkje einige.

Helgelands einaste rekefabrikk meiner oppdrettetsanlegget for laks tar plassen til reketrålarane.

Dei små raude krepsdyra er for mange sjølve symbolet på helgekos.

Og mange av rekene vi et kjem frå Nord-Norge.

På 70-talet låg det ein rekefabrikk på kvar ein holme og kvar ei øy på Helgelandskysten.

No er det berre ein handfull reketrålarar igjen. Og berre éin fabrikk.

Dei trur eit nytt lakseoppdrettsanlegg vil sette kroken på døra også for dette.

Den siste fabrikken

– Her på Helgeland har det vore flest rekefabrikkar i landet i alle år. No er det berre éin igjen. I alle fall ein stund til, seier Bodil Holmen.

Ho er dagleg leiar på Nord-Reker på Lurøy – den siste rekefabrikken på Helgeland.

I vår fekk lakseoppdrettet Mowi konsesjon for å starte lakseoppdrett i Rødøy. Det trur Holmen blir starten på slutten for reker frå Helgeland.

Bodil Holmen, Nord-reker

BEKYMRA: Bodil Holmen, dagleg leiar på Nord-Reker på Lurøy, er bekymra for at eit nytt lakseoppdrett vil bety slutten på reker frå Helgeland.

Foto: Privat

– Hovudproblemet er at dei vil legge lakseoppdrett på alle felt der det er reker. Det skjer nok ikkje allereie frå dag éin, men på sikt kan det nok bli kroken på døra.

Det gjer at det blir mindre og mindre attraktivt å vere rekefiskar, og det betyr mindre og mindre reker til fabrikken, ifølge Holmen.

– Ein reketrålar må ha eitt felt per dag i veka. No er det berre to felt igjen, og det er ikkje praktisk mogleg å tene pengar på å vere på havet berre to dagar i løpet av ein veke.

Nord-reker, Helgeland

HANDPILLA: Rekene på Nord-Reker sin fabrikk vert pilla for hand. Det er unikt i verdssamanheng.

– Vi er helt avhengig av reketrålarane til fabrikken vår.

Rekefiskar Bjørnar Sjåvik i Jektvik i Rødøy er Nord-Rekers hovudleverandør av reker.

Han har varsla at han kjem til å søke erstatningskrav på eit millionbeløp for rekefelta han mister.

Avviser problemet

Kommunikasjonssjef i Mowi, Eivind Nævdal-Bolstad, avviser at det kjem til å bli eit problem for rekenæringa med det nye rekeoppdrettet.

– Dette er ein etablering som mellom anna mattilsynet, fiskeridirektorat og fylkeskommunen har godkjent og støtta. Dei har slått fast at anlegget ikkje er i konflikt med rekefisket eller andre interesser, seier han.

Eivind Nævdal-Bolstad

TRYGG: Eivind Nævdal-Bolstad, kommunikasjonssjef i Mowi, er trygg på at oppdrettet ikkje kjem til å verke inn på rekenæringa.

Foto: Mowi

Ann Helen Haubakk, faggruppeleiar i Nordland fylkeskommune, vil ikkje kommentere nærmare arealnyttinga ettersom dette er ein pågåande klagesak med klager frå fleire hald.

Forskarar har peika på at gift brukt til å overvinne lakselus kan vere skadeleg også for reker.

Det bekymrar òg den daglege leiaren i Nord Reker.

Men Mowi hevdar det ikkje kjem til å verte eit problem.

– Når vi behandlar fisken gjer vi det med metodar som ikkje inneheld medisin. Dersom vi likevel nyttar medisinar vil det vere i så små dosar at det ikkje vil ha noko å seie for rekene, seier Nævdal-Bolstad til NRK.

Haubakk i Nordland fylkeskommune, seier at oppdrettet kjem til å ligge innanfor sona der ein ikkje kan bruke slike giftstoff.

– Disse midla kan ikkje verte nytta på denne lokaliteten, seier Haubakk til NRK.

Lønsamt for kommunen

Eit av argumenta i kommunen for å etablere oppdrettet var at det ville skape fleire arbeidsplassar.

Men det er ikkje Holmen i Nord-Reker samd i.

– Paradokset er at det ikkje blir arbeidsplassar ut av laksenæringa. Alt vert automatisert. Med tanke på verdiskaping blir det lite arbeidsplassar igjen til Rødøy, meiner Holmen.

Nord-Reker, Helgeland

ARBEIDSSTAD: Nord Reker er i dag arbeidsstad for 10 personar i Lurøy.

Foto: Privat

Men pressekontakten til Mowi seier oppdrettsnæringa enno ikkje er så automatisk.

– Vi har kome eit godt stykke med automatisering, men etableringa vil gi fem nye arbeidsplassar i kommunen, seier pressekontakten i Mowi som peiker på at oppdrettet vil verte lønsamt for kommunen, seier Nævdal-Bolstad.

I tillegg får kommunen inntekter med å ha oppdrett frå Havbruksfondet. Dei siste to åra har Rødøy fått nærmare 40 millionar kronar mellom anna fordi dei legg til rette for meir fiskeoppdrett.

Nævdal-Bolstad i Mowi konkluderer med at han stoler på fagmyndigheitene og trur det vil vere plass til alle i Rødøy.

– Når dei har funne det forsvarleg med oppdrett av laks, er vi heilt trygge på at dei kan halde fram med å fiske reker i Rødøy samstundes som vi har lakseoppdrett, seier han.