Sortland klagar inn NVE-gebyr til Olje- og energidepartementet

Sortland kommune fekk 1,5 millionar i gebyr for det NVE skildrar som ei grovt umedviten handling. No tek dei det vidare til departementet.

Storvatnet ved Sortland sentrum
Foto: Google Maps

Sortland kommune sette liv i fare då dei skulle reparere vassleidninga som forsyner innbyggjarane med drikkevatn, konkluderte NVE tidlegare denne månaden.

Gravearbeid ved Storvatnet førte til at politiet måtte slå full alarm og evakuere bustadar i området.

Det var i høve vedlikehald av kommunen si vassleidning i 2017 at kommunen ifølgje NVE sette kring 50 personar i livsfare.

NVE vart ikkje varsla.

No klagar Sortland kommune gebyret inn til Olje- og energidepartementet, skriv Bladet Vesterålen.

Vil ha ny runde

– Dette er ei alvorleg sak, det legg vi ikkje skjul på i det heile teke, men der er nokre moment som gjer til at vi meiner dei bør sjå på saka på nytt og vurdere den ein gong til.

Ann-Kristin Vinje er kommunalsjef for plan og utvikling i Sortland. Ho meiner det var fleire ting å ta tak i i NVE sitt grunnlag for å gje kommunen bot.

– Saka fekk kanskje ei større alvorsgrad i ettertid enn ein kanskje kan leggje til grunn om ein ser på det på nytt, seier Vinje.

Ann-Kristin Vinje

Ann-Kristin Vinje håpar på ei revurdering i saka.

Foto: Privat

Mellom anna peikar ho på ei klassifisering av dammen der ulukka var nær å skje. NVE rangerar dammar og demningar i eit system etter kor store konsekvensar det får om den bryt.

– Då uhellet skjedde var dammen ikkje klassifisert som klasse tre, noko NVE legg særleg vekt på. Dette skjedde i etterkant.

Sortland kommune meiner at uansett om ein skulle få eit slikt straffegebyr, so burde det vore lågare. Noko som kommunen peikar på, er at dammen først vart heva til klasse tre i eit system som målar alvorlegheita av konsekvensar ved ulukker, etter hendinga. Dette er den nest høgste klassen i systemet.

– Nei, dette med konsekvensklassen ... Det var jo over 50 bustadar som vart evakuerte denne kvelden, og då betyr det jo at dei var i fare om dammen skulle ryke. Berre det indikerer at dammen høyrer heime i den konsekvensklassen, fortel Lars Grøttå.

Han er seksjonssjef ved tilsyns- og beredskapsavdelinga ved seksjon for damsikkerheit i NVE.

– Men uansett kva klasse den dammen hadde vore i den dagen – det er jo kravet til aktsemd i lovverket som er overskride.

Han meiner at kva klasse dammen var i i augneblinken ikkje er relevant for det at kommunen ikkje følgde krava for planlegging og gjennomføring av arbeid ved dammen.

Lars Grøttå

– Kommunen har jo høve til å klage, og det er jo nett det dei har gjort. So må vi gå gjennom den og sjå om det er nye moment som kjem opp og om dei har noko å sei for vedtaket vårt, seier Lars Grøttå i NVE.

Foto: Magnus Brattset Drabløs / NRK

Saka går til departementet

Kommunen sin klage er berre på ein liten stopp innom NVE. Dei skal vurdere om kommunen tek opp nye moment som naudsynleggjer å fatte eit nytt vedtak. So skal den vidare til Olje- og energidepartementet.

– Då er det dei som sluttbehandlar saka og tek stilling til om kommunen får støtte eller ikkje, seier Grøttå.

Vinje seier kommunen håpar NVE vil revurdere saka uansett om den går vidare til departementet, men understrekar at ho ikkje meiner kommunen er utan skuld i saka.

– Vi har absolutt teke hendinga på største alvor. Det må det ikkje vere tvil om, seier ho.

Vidare fortel ho at dei er i ein god dialog med NVE og er i planfasen for å byggje ein ny betongdam i staden for vollen som er der i dag.