Hopp til innhold

Husbanken er allereie tom for pengar til sjukeheim – byggeklar kommune føler seg lurt

Regjeringa vil ikkje love meir midlar til sjukeheimar og omsorgsplassar i revidert nasjonalbudsjett, sjølv om Husbanken gjekk tom for pengar til kommunale tilskot i januar.

Tidlegare ordførar i Sortland kommune Grete Ellingsen (H) på byggeplassen for det nye omsorgssenteret som dei ikkje fekk midlar frå av husbanken til å byrje på.

TOMT FOR PENGAR: Tidlegare ordførar i Sortland kommune Grete Ellingsen (H) seier kommunen no står i ein krevjande situasjon.

Foto: Bente H. Johansen / NRK

– Vi har eit aukande behov for sjukeheimsplassar og dagtilbod for demente.

Det seier tidlegare ordførar i Sortland, Grete Ellingsen (H),

Kommunen i Vesterålen står klar til å byggje ny sjukeheim til dei med demenssjukdom, men får ikkje tilskotet kommunen vart lova på 73 millionar kroner frå Husbanken.

Det er fordi pengane vart brukt til prosjekt som sto i kø frå i fjor.

Ellingsen meiner regjeringa har lurt kommunen, og ber dei rydde opp.

– Dei har sagt at det skulle vere investeringstilskot tilgjengeleg i 2023. Det er det ikkje når Sortland søkte i januar og fekk avslag fordi pengane var brukt opp.

– For liten pott i forhold til behov

– Det er frykteleg uføreseieleg situasjon for kommunar som legge planar at kassa er tom allereie i januar, seier partileiar i KrF Olaug Bollestad.

– Dette seier noko om at behovet er for stort i forhold til potten.

I mai skal regjeringa kome med eit revidert statsbudsjett, og Bollestad forventar at regjeringa brukar den moglegheita til å fylle på potten til Husbanken.

NRK har vist gjennom program etter program korleis situasjonen er ute i eldreomsorga. Det er eit behov for nybygg og oppgradering av eksisterande sjukeheimsplassar.

Ho meiner konsekvensen av dette er at folk blir buande heime lenger enn dei eigentleg skal. Det kan føre til utslitne pårørande, ein heimesjukepleie i limbo, og pasientar som lir, ifølge Bollestad.

I dag fremjar Krf-ledaren forslag i Stortinget om at regjeringa må auka rammene til Husbankens investeringstilskot til omsorgsbustader og sjukeheimar, for å sikre at bygginga ikke stansar opp.

Les også Demenstilbud legges ned: – Grell kontrast til optimismen «Demenskoret» har skapt

Lyspunktet dagtilbud for demente. Brukere spiller bordtennis.

Stortingsrepresentant for Høgre i Nordland, Bård Ludvig Thorheim, seier Sortland har hamna i ein kinkig situasjon.

– Eg vil jobbe vidare med spørsmål til statsråden og spør kva som har skjedd, og kva som har gått gale. Eg rekna med at dei kan rydde opp i det.

Mistar støtte om dei byrja å bygge

Kommunen kan heller ikkje starte bygginga medan dei ventar på tilskotet, då risikere dei å miste støtta.

– Om vi set spaden i jorda no, risikere vi å miste dei 73 millionar kronene. Husbanken presisere at prosjekt som er starta på ikkje vil få støtte, seier den tidlegare ordføraren Ellingsen.

Byggeplassen der Sortland kommune vil bygge sjukeheim. Ei orange gravemaskin graver i jord.

Sortland kommune har budsjettert med at dei skulle få 73 millionar kroner i investeringstilskot gjennom husbanken til bygging av nye sjukeheimsplassar.

Foto: Bente H. Johansen / NRK

Noverande ordførar, Karl-Erling Nordlund (Sp), seier at situasjonen skapar stor uvisse i kommunen.

No jobbar vi politisk for at revidert statsbudsjett skal innehalde auka tilskotsramme for omsorgsplassar. Dersom vi ikkje får tilskotet etter at budsjettet er vedteke, vil tidspunkt for kor tid vi kan ha klart eit auka tal på sjukeheimsplassar, blir forskovne ut i tid, seier han og legg til:

Det vil utfordre oss i å kunne gi eit tilfredsstillande tilbod til alle dei som har behov for sjukeheimsplass.

Les også Legen Bjarte jobbar to veker i strekk – får fire veker fri

Vaktlege i nordsjøturnus i Mo i Rana, Bjarte Skille kler på seg ei gul vaktlege jakke.

Kan ikkje love noko

I spørjetimen på Stortinget onsdag fekk finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) spørsmål om det blir løyvd ekstra pengar i revidert statsbudsjett til kommunale tilskot. Vedum svarte at han ikkje kunne love noko.

Det kan heller ikkje Ellen Rønning-Arnesen, statssekretær i helse og omsorgskomiteen på Stortinget for Arbeidarpartiet.

– Det er bra at kommunane viser stor investeringsvilje til å bygge nye sjukeheimsplassar. Vi skulle gjerne starta opp fleire prosjekt enn det budsjettet har rom for, seier ho.

Vidare forklarar ho at grunnen til at løyva i år er såpass knapp handlar om den spesielle økonomiske situasjonen Noreg er i.

Vi sat fleire prosjekt på hold på grunn av budsjettsituasjonen. Men når prisveksten kjem ned og konjunktursituasjonen tilet det, så skal vi prioritere å setje i gong fleire plassar, enn det budsjettet i år har gitt rom for.