Hopp til innhold

Søndag startar veg-protesten

Det kan verte trafikk-kaos på Helgeland på søndag. Då startar langtransportsjåførane protesten mot dei dårlege vegane i Nordland. Først ut er strekninga frå Majavatn  til Trofors på Helgeland.

 

Sjåfør Trond Hundal som køyrer denne strekninga fleire gongar i veka er fortvila.

- E6 er arbeidsplassen vår og styresmaktene gjer absolutt ingenting, seier Hundal.

 

Det er den dårlege vegstandarden på Helgeland som gjer sjåførane fortvila.

-Enkelte strekningar på E6 er verre enn andre, slik som vegen mellom Majavatn og Trofors. Og det er her me vil køyre sakte på søndag, seier Hundal.

 Stortingspolitiker Tor Arne Strøm fra Arbeiderpartiet sit i Transport -og kommunikasjonskomiteen. Han er ikkje einig i kritikken frå Hundal.

- Eg har full forståing for at dei er fortvila, og skjønar at dei vil ha ei markering for å få meir pengar til utbetring av vegane.Men det har skjedd ein del i Nordland på samferdelssida, blant anna er det ikkje lenge sidan me opna Korgfjell-tunnelen og snart kjem Lofast, seier Strøm.

Han innrømmer like fullt at dei har store oppgåver i Nordland.

-   Det skjer ein del utbetringar på E6 gjennom Nordland denne sommaren, men det er ikkje godt nok, seier Strøm.