Hopp til innhold

Sommeråpent i Lofoten

Sjukehuset i Lofoten stengar ikkje si fødeavdeling i sommar. I motsetnad til sjukehusa på Helgeland og i Narvik meiner dei at det er lite å spare, og lite omtenksamt for dei fødande.

I Narvik og på Helgeland har vedtak om å stenge fødestuene i sommer skapt raseri og frykt. Lokalpolitikarar har rasa mot stenginga, som vil råke over 70 kvinner i Nordland. Og dei fødande kjenner seg utrygge.

Men i Lofoten trur ein ikkje det er noko å spare på å stenge, forteller avdelingsdirektør Steinar Pleym Pedersen.

Avgjort

Ein har rekna seg fram til at ein kan spare 300.000 kroner ved å stengje i Lofoten, men med 250.000 i ekstra reisekostnadar, vil ein eigentleg berre spare 50 000 kroner. Både Universitetssjukehuset Nord-Norge og Helgelandssjukehuset har sagt at fødestengjinga er endeleg.