Nordisk Råd skal satse på å formidle jobb til ungdommar i Nordkalottområdet.
Prosjektsjef Fredrik Jacobsen i Nordjobb, seier at det er like mange jobbsøkjarar som tidlegare år, og at han difor vil satse meir i Nordområda.
Gjennom Nordjobb kan nordiske ungdommar mellom 18 og 28 år søkje om sommarjobbar i Norden.
Jacobsen håpar å kunne tilby 750 arbeidsplassar i år.
Søknadsfristen går ut 31. mai.