Hopp til innhold

Slik såg tareskogen ut etter tråling – Forskarane meiner det førebels er berekraftig

Det finst ikkje eit tak for kor mykje tare ein skal tråle i Noreg i dag. Det meiner fleire trugar framtidas økosystem i havet.

Eit luftfoto viser tråling på kryss og tvers over tareskog

KRYSS OG TVERS: Sjølv om det er avgrensa kor ein kan tråle langs kysten, er det ikkje avgrensa kor mykje ein kan tråle. Det kan gå ut over økosystema i tareskogen meiner fleire.

Foto: ARNE FOLLESTAD / NINA

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Etter fem års prøvetaking blei det i sommar tillate å hauste tare sør i Nordland.

– Tråling er per i dag berekraftig, seier forskarane.

Likevel kan tråling få store konsekvensar for livet i havet.

Tareskogar inneheld nemleg eigne økosystem og er «barnehage» for fiskeyngel.

Heimplassen til mange artar

Tareskogen kan sjå aude ut. Men det er på mange måtar lik skogane vi har på land.

Tusenvis av artar gøymer seg, et og lever mellom stammane på stortaren.

Likevel trålar vi tare fleire stader i Noreg i dag.

Tareskog

Inne i tareskogen kan ein finne opp til 100.000 krepsdyr, børstemarker og fisk innanfor kvar einaste kvadratmeter.

Foto: NIVA

Korleis påverkar det ikkje økosystema å tråle tare?

I Noreg haustar vi i dag mellom 150-170.000 tonn. Men det finst heile 30 millionar tonn tare langs kysten. Difor kan du seie at uttaket er neglisjerbart.

– Lokalt kan effektane vere større.

Det seier Kjell Magnus Norderhaug frå Havforskningsinstituttet.

Saman med Henning Steen har han leia forsking på effekten av taretråling langs norskekysten gjennom fleire tiår.

Hysvær på Vega

Mellom anna utanfor verdsarvområdet på Vega i Nordland har tareskogen no kome tilbake.

Foto: Helge Lyngmoe / NRK

Likevel er det ikkje heilt riktig å seie at det ikkje er nokon effekt av trålinga.

– Vi har gjennomført forsking og overvaking der vi fann effekt hos alt frå algar til rovfisk på toppen av næringskjeda, seier Norderhaug.

– I trålgatene der det trålens, har tråling ein effekt på alle nivå i økosystemet.

Det gjeld også i tareskogen rundt sjølve trålgata, sjølv om tre fjerdedelar av tareskogen sto igjen der forskarane hadde forska.

Les også Her kjempar «superpappaen» ein desperat kamp mot algane

Rognkall dekket av lurv i Saltstraumen

Vêrhard tareart i bærplukkar

Stortare lever på dei ytste skjær og holmar. Der vert taren utsett for naturleg oppriving heile tida. Likevel veks han raskt opp igjen etter storm.

– Trålen er som ein bærplukkar som trekkjast etter trålaren. Han hekter opp dei store trekronene, forklarar Norderhaug.

– Under dei står det ein underskog av tareplanter som skyt opp når dei store blir tråla.

Kråkebollene spiser opp tareskogen og lager ørken langs kysten, fra Finnmark til Trøndelag.

Tareskogen har sakte men sikkert vokse tilbake, etter at skogen forsvann frå Trøndelag til langt inn i Russland på midten av 70-talet. Hordar av kråkebollar lét etter seg havbotnen som ein marin ørken i nærare 50 år. Forskarane har tatt video under vatn, dykka for å samle inn tare og smådyr, i tilleggg til å fange fisk og krabbar med video og teine.

Foto: Elisabeth Økland / Trefadder

Forskarane har både tatt undervassvideo, samla inn tare og fanga fisk og krabbar med teine.

Overvakinga viser at det tar lenger tid før resten av økosystemet kjem tilbake.

– Taren er tilbake allereie etter om lag tre til fire år, men då er det eit nokså fattig økosystem, seier Norderhaug.

Steinbit i tareskog

No meiner forskarane at det er låg risiko for at tarehausting vil påverke førekomsten av grøne eller raude kråkebollar.

Foto: Erling Svensen / Havforskingsinstituttet

For at til dømes algar skal vekse tilbake tar det nemleg lengre tid. Det kan ta over seks år. Dette er stadene der alle smådyre lever. Dei er igjen mat for fisk, sjøfugl og sjøpattedyr.

– Vi ville aldri anbefalt hausting dersom tilstanden på tareskogen ikkje var god. I tillegg er tarehaustinga regulert strengare i Nordland enn i resten av landet, seier forskaren.

Ingen tak på tråling

Tareskog

For å avgjere om taretråling er berekraftig peiker forskarane på tre forhold:

  1. Kor stor effekten er der det blir tråla.
  2. Kor mykje av tareskogen som blir tråla, og kor mykje som blir ståande igjen.
  3. Kor lang tid taren og økosystema bruker på å hente seg inn igjen etter tråling.
Steinkobbe i tareskog

Kvar tråler ein i dag?

I dag trålar ein etter tare frå Rogaland til sør i Nordland. Der har dei fleste områda ein haustesyklus på fem år.

Men nokre stader kan det vere naudsynt med lengre kviletid.

Nordland fylke er delt opp i 40 haustingsfelt. Halvparten av felta har ein haustesyklus på ti år, resten kan bli hausta kvart femte år.

Men sjølv om det er nokon avgrensingar på kvar ein trålar, er det likevel ikkje ein grense på kor mykje.

Det reagerer Nina Dehnhard frå Norsk institutt på naturforsking på.

– Eg ser dette som veldig kritisk. Tareskog fungerer som eit karbon-lager og hjelper dermed å dempe effekten av oppvarming av klima.

I tillegg til at det er eit viktig beiteområde for mange artar av både fisk og sjøfugl.

Ærfugl

Dehnhard seier tareskogen er eit viktig beitehabitat for fleire sjøfuglarter, som teist, toppskarv, storskarv og ærfugl. – Det er eit habitat som er særleg viktig i desse tider når vi har både ein klima- og ei biodiversitetskrise.

Foto: Knut-Sverre Horn

– 63 prosent av norske sjøfugleartar står på raudlista. Det vi treng no er ei forvaltning av det norske havområdet basert på økosystem.

Ho legg til:

– Opning av taretråling sør i Nordland er det motsette.

Truls Gulowsen, leiar naturvernforbundet

Truls Gulowsen, leiar i Naturvernforbundet, meiner ein kan samanlikne tareskogen med skogen over vatn: – Om ein ser på biomasse, ser eit nytt skogplantefelt likt ut som eit gamalt. Men livet på land ser forskjell, det gjer livet i havet også.

Foto: Tor Bjarne Christensen

Også leiar i Naturvernforbundet, Truls Gulowsen, ser med skepsis på at ein opnar meir for taretråling.

– Vi er grunnleggande skeptisk til taretråling og veldig redd for om det skulle bli ei utvikling der dette aukar i omfang med dagens manglande tak, seier han.

– Å utvide til nye område som er i ferd med å kome seg etter ein alvorleg situasjon verkar lite smart. Særleg når vi bør avgrense fotavtrykket.

Les også Fiskeriministeren vil ikkje rekne tare som sjømat: – Kveler næringa

Produksjon av Tare i Trønderlag

Tråling spenner bein på ny næring

Fiskeridirektoratet har ikkje svart NRK på om dei vurderar å sette tak på taretråling.

Men på deira nettsider skriv dei at i forhold til den totale mengda stortare som veks langs norskekysten utgjer den hausta mengda ein svært liten del, cirka 0,3 prosent.

Tareskog

Stortare utgjer om lag 80 prosent av den totale makroalgebiomassen langs norskekysten, og det er hovudsakeleg denne arten som dannar tareskogen.

Foto: Erling Svensen / Havforskingsinstituttet

– Til samanlikning er det anslått at om lag 40 prosent blir beita ned av kråkebollar, og at om lag 10–15 prosent av tareplantene naturleg blir rive laus kvar år, skriv Fiskeridirektoratet.

Dei peikar òg på at eit alternativ til naturleg hausting er å dyrke stortare. Fiskeoppdrett står i dag nemleg for dei største utsleppa av nitrogen og fosfor langs norskekysten.

Gulowsen er einig i at tare er ein fantastisk ressurs, og ein spennande næringsveg.

Tareskog - Færder Nasjonalpark

Meir enn 300 artar av algar og dyr er observert tilknytt plantane i tareskogen, og meir enn 100 000 individ av små dyr kan vere knytt til éin enkelt stortare.

Foto: Mikkel Stokke

Men han meiner det hindrar ein mogleg næring, når ein kan ta føre seg av tareskogane som ein vil.

– Så lenge brutal hausting av eit viktig habitat er tillate, vil det nesten alltid vinne over moglegheita til å etablere noko nytt, seier Gulowsen.

– Om ein hadde dyrka tare, hadde det i staden vore eit tilskot til havets produksjon.

Les også Fann store mengder trålspor i «urørt» natur

Fiskefartøy med trål

Anbefaler avgrensingar

Forskarane ved Havforskningsinstituttet er òg tilbakehaldne.

No er det nemleg berre ein stor aktør som trålar etter tare. Det kjem mest sannsynleg fleire på banen etter kvart som vil konkurrere om ressursane.

– Vi har anbefalt å rekne ut ressursane per haustefelt slik at Fiskeridirektoratet kan vurdere at ein set avgrensingar på uttak i haustefelta, avhengig av kor store ressursane er i kvart felt, seier Norderhaug.

Kråkebollar

Den grøne kråkebollen som beiter tare er ein kaldtvatnart. Difor har klimaendringar gjort at kråkebollane er mindre framståande. Likevel er små stortare meir utsett enn dei store i tareskogen for kråkebolleangrep.

Foto: Lars Korvald

Likevel peiker han på at det sjølv om det blir dårlegare oppvekstvilkår for fiskeyngel ein periode når ein trålar etter tare, er det først og fremst fiske som påverkar bestanden av fisk.

– Det er også noko bra i å hauste lågt i næringskjeda. 100 kg tare kan bli 10–20 kg små dyr. 10–20 prosent av desse igjen kan bli spist av større fisk. Vi kan difor hauste meir om vi haustar lågt i næringskjeda.

Les også Møtt av tonnevis med sluker og milevis med snører: – Verre enn noen gang

Forsøpling i Saltstraumen

Les også Her er havet mest sårbart for menneskeleg påverknad

Reine, Moskenes kommune

Les også Her kan du nærmest plukke pengene rett ut av vannet

FNs spesialrådgiver på bærekraft og sikker mat, Vincent Doumeizel er i ekstase i Nappstraumen.