Hopp til innhold

Politikerne avgjør i dag: Blir Tysfjord delt?

Den kriseramma kommunen går ein skjebnedag i møte. Med ein økonomi i grus må kommunestyret gjere eit val: dele seg, eller halde fram som samla kommune.

Kart over Tysfjord med rød strek over

EIN SPLITTA KOMMUNE: Slik kan Tysfjord kommune komme til å delast etter dagens kommunestyremøte.

Foto: Simon Piera Paulsen / NRK

– Det er ganske ope, og eg tør ikkje spå korleis vedtaket blir, seier ordførar i Tysfjord, Tor Asgeir Johansen.

Fylkesmannen har rådd Tysfjord kommune til å dele seg, eit innbyggjarinitiativ på vestsida av fjorden argumenterer for splitting, og tida renn snart ut. Likevel er det enno heilt ukjend kva som vil bli vedteken på dagens kommunestyremøte i Kjøpsvik.

– Stemninga her i Tysfjord er blanda. Mange av innbyggjarane ynskjer at me går samla inn i kommunesamanslåingar, men makta vil at me delar oss. Møtet vert spanande, seier Johansen.

Tor Asgeir Johansen

USIKKER: Ordføraren i Tysfjord veit ikkje kva som kjem til å komme av dagens møte.

Foto: Sander Andersen / NRK

Eit splitta kommunestyre

– Eg håpar at kommunen held seg samla, og eg trur stemninga tippar den vegen, seier John Gunnar Skogvold, kommunestyrerepresentant for SV.

At Tysfjord ikkje kan stå åleine som kommune, er alle NRK har tala med einige om, men Skogvold håpar på at ein samla kommune kan gå sterkare inn i samanslåingsdebatten.

– Realitetane er slik at me må samarbeide mykje, mykje betre med nabokommunar, men me kan klare å halde Tysfjord samla, seier Skogvold.

Filip Mikkelsen

HÅPAR PÅ DELING: Felleslista ved Filip Mikkelsen meiner deling er det einaste som kan redde Tysfjord kommune sin skrøpelege økonomi.

Foto: Simon Piera Paulsen / NRK

Samstundes ytrar Felleslista i kommunestyret, Høyre, Venstre, og KrF, eit sterkt ynskje om ein delt kommune.

– Me tykkjer splitting er den beste løysinga for Tysfjord kommune uansett, seier leiar Filip Mikkelsen.

Ein kommune i økonomisk krise

– Kommunen har et stort akkumulert underskudd på 50 millioner kroner, og drifter nå med en kassakreditt med ramme på 60 millioner. Dette er dyre penger og låne. Økonomisk vurderer fylkesmannen situasjonen i Tysfjord som både vanskelig og dramatisk.

Dette skreiv NRK i november i fjor.

På same kommunestyremøte skal dei behandle kommunen sitt budsjett, og kassakreditten til rådmannen kan bli auka til 80 millionar kroner. Regjeringa sin reformstønad vil lette noko på underskottet til kommunen.

Usikker framtid

Uansett kva kommunestyret vedtek i dag, kan ingen vite akkurat kva som vil skje. Tysfjord har berre éin ferdig intensjonsavtale, med Hamarøy. I tillegg er det ikkje klart om dei kringliggjande kommunane ynskjer å ta i mot Tysfjord.

Kommunen fekk frist ut januar på å bestemme seg, så det dei vel å gå for kjem mest sannsynleg til å vere siste debatt om splitting eller samhald.

– Me er jo inne i tolvte time, så me må berre gjere eit vedtak, anten me likar det eller ikkje.

John Gunnar Skogvold (SV)