Hopp til innhold

Avgjerd i betent sjukehuskonflikt: Ordførar fryktar pasientflukt til Trøndelag

Styret i Helgelandssjukehuset har landa i sjukehusstriden. Tovåsen i Leirfjord er vraka som alternativ til sjukehustomt.

Framstilling av hvordan ett nytt sykehus på Tovåsen i Leirfjord kan framstå

Framstilling av korleis eit nytt sjukehus på Tovåsen i Leirfjord kunne ha sett ut.

Foto: Advanced SD Solutions AS

Debatten om kvar det nye hovudsjukehuset for Nordland skal liggje har rast i lang tid.

Fire tomtealternativ har ligge på bordet, og i regionen er det ulike interesser som har forsøkt å dra sjukehuset i sin retning.

I juni kom Helgelandssjukehuset med eit forslag. Der fekk to tomtealternativ sentralt i Sandnessjøen klarsignal.

Men styret valte å vente med deler av den betente avgjerda.

Helse Nord bad styret gjere ein ny vurdering mellom anna på grunn av fleire reaksjonar frå ordførarar.

I dag vart det endeleg vedtatt at Tovåsen er vraka som alternativ.

Ville forsikre seg før avgjerda

– Styret har vedteke at vi går vidare til konseptfase med to tomtealternativ. Det er Rishatten og den eksisterande sjukehustomta i Sandnessjøen, det seier Arne Benjaminsen, styreleiar i Helgelandssykehuset.

Fiskeriforhandlinger Norge-Russland 2018

Arne Benjaminsen er styreleiar i Helgelandssykehuset.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Han peiker på at dette vart vedteke allereie i juni, men at styret då valte å gjere ein ekstra dokumentgjennomgang fordi det var så mykje diskusjon om Tovåsen-alternativet.

– Vi ville forsikre oss om at fakta var riktige og hold. Det bekrefta dokumentgjennomgangen, seier Benjaminsen.

Kompetanse, tilgjengelegheit for pasientar og tilsette, karakteristikon for tomta og høve for helikopterlanding er blant punkta dei har basert avgjerda på.

I tillegg legg han vekt på stadsutvikling for Helgeland. Det har Nordland Fylkeskommune har hatt fleire innspel.

Sjukehusstriden har ligge som eit ope sår på helgelandskysten i årevis:

Difor er det sterke kjensler når avgjerda er klart.

– Ikkje overraska, men skuffa

– Eg er ikkje overraska, men eg er veldig skuffa over at styret i Helgelandssykehuset ser dei same utfordringane som vi ser, seier ordførar i Vefsn, Berit Hundåla (Sp).

Berit Hundåla, ordfører Vefsn

Berit Hundåla (Sp), ordførar i Vefsn, er skuffa over avgjerda.

Foto: Ole-Christian Olsen / NRK

Vefsenordføraren var blant dei som la mykje i potten for å få sjukehuset til Tovåsen.

Ordføraren meiner dei no vil slite med å behalde spesialistkompetanse, folketal og eit godt sjukehustilbod for alle pasientar på deira del av Helgeland.

– Dei køyrer over halvparten av innbyggarane på Helgeland, når styret ikkje lyttar til fagmiljøa på sjukehusa korkje i Mosjøen og Sandnessjøen og heller ikkje pasientane og innbyggjarane, seier Hundåla.

I anbefalinga i forkant av dagens møte la direktøren mellom anna lagt vekt på at sjukehuset bør liggje i ein by og ikkje mellom to byer.

Hundåla peiker på at det ikkje var ein problemstilling korkje då dei valte plass for nytt sjukehus på Østfold.

– Det verker som om dei hadde bestemt seg på førehand og bygg opp argumenta etter det.

No er ho redd for at avgjerda vil gjere at pasientar vel Helse Midt, i staden for Helse Nord.

– Fleire pasientar nyttar seg allereie av tilbod i Helse Midt. Vedtaket kjem til å føre til enno større pasientlekkasje.

Men Vefsn gir seg ikkje heilt enno.

No vil dei krevje eit krevje eit distriktsmedisinsk senter, med minst like god kvalitet som Brønnøysund har fått.

Gode kort på handa

I Sandnessjøen ser ein meir positivt avgjerda over kvar sjukehuset skal liggje.

Og ordførar i Alstadhaug, Peter Talseth (Sp) er ikkje overraska over konklusjonen.

– Vi er klar over at vi har hatt gode kort på handa.

På eit tidspunkt hadde dei fem tomtealternativ som var med i prosessen.

No er det viktigaste for ham at valet ikkje fell på den gamle sjukehustomta.

Peter Talseth

Peter Talseth (Sp) er ordfører i Alstahaug kommune.

Foto: Ole-Christian Olsen / NRK

– Vi bør i denne runden investere i eit nytt tyngdepunkt i spesialisthelsetenesta. Det føreset eit nybygg, seier Talseth og legg til:

– No er det vår tur til å få oppdaterte fasilitetar.

Talseth håper at avgjerda ikkje kjem til å spele negativt inn korkje for samarbeidsklima mellom Alstadhaug og Vefsn, spesialisthelsetilbodet på Helgeland eller fagmiljøa i Mosjøen.

– Fagmiljøa vi har i Mosjøen og Sandnessjøen er særdeles viktig for å ha ei grunnstamme å byggje kompetanse på framover og for å få eit godt tilbod innan spesialisthelsetenesta på Helgeland. Eg tenkjer at dette må vi vere i lag om, og kjempe vidare for fram til vi er i mål og har fått eit godt tilbod.

Vedtaket frå Helgelandssykehuset behandlast av styret i Helse Nord, truleg i midten av oktober.