Hopp til innhold

Utan ein liten mygg blir det ingen sjokolade i påskeegget

For at det skal bli sjokolade må kakaoplanten samarbeide med ein liten mygg. Det samarbeidet kan bli påverka av mellom anna klimaendringar, ifølge forskarar.

Kakao

LITEN HJELPER: For at du skal få sjokolade i påskeegget må en bitte liten mygg hjelpe kakaoplanten med pollineringen.

Foto: carlosgaw / Getty Image

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Kanskje sit du nett no og tygg på ein sjokolade frå påskeegget ditt.

Det hadde ikkje vore mogleg utan ein bitte liten mygg som har eit avansert samarbeid med kakaoplanten.

Men samarbeidet er skjørt.

Dei varsla klimaendringane kan gjere at det vert mindre sjokolade framover.

Les også FNs klimapanel: – Det er nå eller aldri

Stormer blir stadig kraftigere. Orkanen "Larry" sett fra Den internasjonale romstasjonen 7. september 2021.

Eit komplisert samarbeid

Dei siste åra har verdas forbruk av sjokolade auka med 20 prosent kvart år. Vi nordmenn et meir enn ni kilo sjokolade i året.

Men sjokoladen står i fare. Det handlar om levekåra til ein liten krabat: Sjokoladeknotten.

– For at kakaoblomsten skal bli eit frø som igjen blir til ein kakaobelg med kakaobønner, må han ha pollen frå ein annan kakaoblomster, helst frå eit anna tre.

Det seier Anne Sverdrup-Thygeson, professor i bevaringsbiologi ved NMBU på Ås.

Då må nokon flytte pollenet. Og den nokon er ein bitte liten mygg.

Illustrasjon av sjokoladeknott

Knotten er mindre enn eit komma, og har ikkje ein gong eit namn på norsk.

Foto: Tonje Halvorsen Walde / NMBU

Sverdrup-Thygeson kallar han berre for sjokoladeknotten.

– Han er så liten at han kan krabbe inn i kakaoblomsten, som er ein labyrint i seg sjølv.

Kakaoblomst
Men myggen har hastverk. Han har berre eit døgn på seg for å pollinere kakaoblomsten.
Kakaoblomst
Myggen klarar berre å bere med seg nok pollen til å bestøve éin blomst – og han er dårleg til å fly.

Det er altså eit tøft samliv mellom kakaoplante og sjokoladeknott.

– Men det fungerer, i alle fall når dei får samarbeide på den måten evolusjonen har utvikla, seier professoren.

Les også Påskegodtet kan være laget av barn

Påskegodt

Rotne blad på barnerommet

Men det er nettopp dette samspelet som står i fare.

Det er det to grunner til ifølge forskaren: moderne plantasjar og klimaendringar.

Myggen treng nemleg eit lag rotne bladar i skogbotnen. Det er der mygglarvane - neste generasjon mygg - held til.

Anne Sverdrup-Thygeson

– Det handlar om å forstå naturen og økologien. Om du forstår økologien i samspelet kan du leggje til rette for dette også i ein kakaoplantasje, seier professoren, seier Anne Sverdrup-Thygeson, professor i bevaringsbiologi ved NMBU.

Foto: Håkon Sparre

– Så lenge det står kakaoplantar på ein slik stad, fungerer samspelet mellom mygg og plante, seier Sverdrup-Thygeson.

Når menneska dyrkar kakao i plantasjar med opne trerekker, vert det tørt og ope for sol og vind.

Då forsvinn det tjukke laget av blad som rotnar på bakken, forklarar bevaringsbiologen.

– Då klarer heller ikkje sjokoladeknotten å bere slekta vidare.

Kakaoplantasje

I moderne kakaoplanter er det ope og tørt mellom tjærene. Det gjer det vanskeleg for sjokoladeknotten å finne stad til egga sine.

Foto: raditya / Getty Images/iStockphoto�

Klima truar framtidas sjokolade

I 2012 meinte analytikarar at folk måtte vere meir forsiktige med sjokoladen. Internasjonale sjokoladeprodusentar varsla sjokolademangel før 2020.

No har det ikkje blitt snakka om på lenge. Men Den nyaste klimarapporten til FN viser at det vil bli store endringar i klima.

Mellom anna i Vest-Afrika der mesteparten av kakaofrukten vert dyrka.

– Både naturkrisa og klimakrisa er ein utfordring for vår sjokolade.

– Afrika er ein av stadene det kjem til å bli varmt og tørt. Det vil påverke både kakaoplanten og knotten, seier Sverdrup-Thygeson.

Kakaofrukt
I plantasjar lykkast berre 3 av 1000 kakaoblomstar med pollinering slik at det vert kakaofrukt.
Kakaobønner
Gjennom heile sitt 25-årige liv produserer eit kakaotre berre nok kakaobrønnar til snautt 5 kg sjokolade.
Freia kvikklunsj
Ein kvikklunsj krev all produksjon frå eitt kakaotre i 3 hele månader – og ein heil hærskare av ivrige sjokoladeknott.

Løysinga kan ligge hos kaffiplantasjane

Og har du tenkt til å nyte ein kopp kaffi til påskesjokoladen, kan du vite at det blir mindre av det også med varmare klima.

Jan Thomas Odegard, generalsekretær i Utviklingsfondet, jobbar med korleis ein kan tilpasse jordbruket når vi enno ikkje har klart å redusere aukinga i temperatur.

Han fortel at til dømes i kaffiplantasjane i Sør-Amerika er klimaendringane allereie utfordrande.

Jan Thomas Odegard, generalsekretær i Utviklingsfondet
– Halvparten av alle områda der vi dyrkar kaffi i dag, vil vi ikkje kunne bruke til kaffi i 2050.
– Dette gjeld mange type avlingar, også kakao.

Det overraskar ikkje han at det er finstemt økologi mellom sjokoladeknott og kakaoplante.

Samstundes kan det ligge ei løysing for kakaoen nett i kaffiplantasjane.

Kaffebonde
Mange kaffibønder i Mellom-Amerika gir opp og prøver å reise til USA.
Kaffeplantasje
Men ein del stader forsøker bøndene i standen å innføre kakao som toler meir varme i motsetning til kaffi som er veldig følsam for det.

Ei anna løysing kan vere å krysse fram nye planter som toler meir varme, og treng mindre vatn.

– Men mange av genane som kan hjelpe oss med det ligg i dei ville variantane, og dei vert det òg færre av når natur må vike for landbruket, påpeikar generalsekretæren.

Kjem du til å sette ekstra stor pris på påskesjokoladen i år?

Bør vere ekstra takksame no

– Vi kan risikere at ein del av goda vi tar for gitt blir vanskeleg å få tak i. Da vil dei også bli dyrare, seier Sverdrup-Thygeson, professoren frå NMBU.

Ho trur at klimakrisa vert nærmare folk når det handlar om noko vi verkeleg bryr oss om – nemleg påskesjokoladen.

Påskeegg

Anne Sverdrup-Thygeson synest vi bør vere meir takksame for sjokoladen i år etter å ha lese klimarapporten til FN.

Foto: Ksenia Novikova

Synest du vi skal vere litt ekstra takksame for sjokoladen denne påska?

– Absolutt. No er vi på eit punkt i historia når vi verkeleg må handle. Vi bør bruke dei rolege dagane mens vi nyt sjokoladen til å tenkje på korleis vi kan bidra.

Les også Mener import av potet ødelegger for norske bønder og andre land som trenger mat

Amandine-poteter hos Coop

Anne Sverdrup-Thygeson, professor i bevaringsbiologi på Institutt for Naturforvaltning ved NMBU forklarer hvordan «sjokoladeknotten» opererer.

Anne Sverdrup-Thygeson, professor i bevaringsbiologi ved NMBU forklarer korleis «sjokoladeknotten» opererer.