Hopp til innhold

Sjå delfinane tøffe seg for Jørgen og gjengen

Jørgen Veiby og kameratane hans er på segltur frå Gratangen til Oslo. I Lødingen fekk dei eit artig besøk.

Jørgen Veiby og kameratane hans er på segltur frå Gratangen til Oslo. I Lødingen fekk dei eit artigt besøk.

SJÅ VIDEO: Venegjengen sin reaksjon til deira nye vener er ved å få med seg.

– Det var ei ganske vill oppleving, seier Jørgen Veiby.

Ein kompisgjeng på fire seglar ut mot Lødingen. Brått får dei besøk av to kvinosdelfinar som leikar seg i vatnet.

– Då eg tok fram kamera er eg heilt sikker på at dei hoppa nærare og skulle vise seg fram, seier Veiby.

Delfin hoppar ut av vatnet

LEIKANDE: Delfinane hoppar og leikar kring seglbåten.

Foto: Jørgen Veiby / Privat

– Dei berre tøffa seg

I åtte-nitida nærma Jørgen Veiby, Petter Østby og Simen Sopp seg Lødingen i seglbåten sin. Dei held rolege fire-fem knop. Framme på baugen sat fjerdemann i mannskapet – han som kom til å verte kalla Delfinmannen – Isak Finne.

– Desse sirkusartistane dukka opp frå ingenstads, seier Veiby.

– Dei slo med finnen, hoppa og kasta seg sidelengs. Det verka som dei berre tøffa seg for oss, smiler Veiby.

Delfingutane

KOMPISGJENGEN: Jørgen Veiby, Petter Østby, Isak Finne og Simen Sopp er alle frå Austlandet. Dei skal segle ein nyoppussa seglbåt frå Gratangen til Oslo, med litt byte av mannskap.

Foto: Jørgen Veiby / Privat

Fire karar i slutten av tjueåra på ein liten seglbåt høyrast ut som ein dårleg situasjonskomedie, men det er god stemning hjå austlendingane, fortel Veiby.

– Vi blir jo ikkje dårlegare kjend, for å sei det sånn! Til dømes delar vi på to dobbeltsenger om bord. Men det går heilt flott, vi har segla til Danmark saman før, seier Veiby.

Og livet til sjøs passar gjengen.

– Det er noko spesielt med å dra opp middagen over ripa og hive den i gryta fem minutt etterpå, seier Veiby.

– Meeen det er også litt spesielt å kunne sitje på do og røre i gryta samstundes, ler fetsundingen.

Solnedgong i Lofoten

VAKRE KVELDAR: Sommaren i Lofoten er fantastisk, spesielt på seglbåt.

Foto: Jørgen Veiby / Privat

Facebookdiskusjon

Då Veiby la ut videoen av delfinane på Facebooksida hans, blei det diskusjon om det faktisk var delfinar dei hadde fått besøk av. Fleire meinte det kunne vere niser – eit noko meir vanleg syn i norske fjordar.

– Vi sende videoen til Jarle Nordeide som er professor i økologi ved Nord universitet. Han var heilt viss på at det var kvitnos, seier Veiby.

Har du ei ledig hamn?

Seglturen til Oslo skal ta om lag sju veker, men mannskapet skal bytast ut undervegs. Mellom anna skal Veiby hoppe av på Trænafestivalen og bli byta ut. Likevel skal mannskapet nyte turen vidare.

– Dei kjem nok til å høyre gjennom plata til Kaptein Sabeltann mange gongar før dei kjem til Oslo, seier Veiby.

– Men, det er sant! Fleire av karane om bord er single, so om nokon har ei ledig hamn langs kysten må dei sende ei melding, ler Veiby godt.

Delfinmannen Isak Finne

DELFINMANNEN: Isak Finne er eit passande namn på karen som fyrst såg kvitnosane. Likevel heiter han frå no av Delfinmannen.

Foto: Jørgen Veiby / Privat