Hopp til innhold

Sitter fast på Kjerringøy etter ferjebrann

Ketil og Beate får mest sannsynleg ein dag ekstra på Kjerringøy på grunn av ferjebrann. Fjord1 har sett opp passasjerbåt, men bilane må stå.

Ketil og Beate Sørensen, og hunden Tass på Kjerringøy.

Beate og Ketil Sørensen, og hunden Tass sit fast på Kjerringøy.

Foto: Johannes Sæheim Pedersen / NRK

Onsdag formiddag byrja det å brenne i ferja mellom Festvåg og Kjerringøy.

Ifølge politiet skal brannen ha vore i maskinrommet på ferja. Ho sto til kai på Bodø-sida av fjorden og alle passasjerane hadde forlate frega då det starta å brenne.

Brannvesenet fekk etter kvart kontroll og sløkka brannen.

Innsatsleiar i politiet, Ole-Christian Wathne fortel til Avisa Nordland at brannen oppstod i lunsjen.

– Det byrja å brenne i eit batteri i maskinrommet. Det har ikkje oppstått personskadar relatert til brannen, seier Wathne.

Men det får likevel konsekvensar for folk.

Ferja er innstilt inntil vidare, og det betyr at folk sit fast på Kjerringøy.

To av dei er Beate og Ketil Sørensen.

– Vi kom hit i går. Vi hadde tenkt å bruke dagen utpå her og var på retur, så skulle vi ta ferja til fastlandet igjen. Det var vi ikkje særleg heldige med, seier Ketil.

Les også Norsk verft skal bygge verdens største hydrogenferger

Slik blir Torghatten Nords nye hydrogenferge.

Sett opp passasjerbåt

Regionleiar for Fjord1, Jan Petter Jagedal Thomsen seier dei har sett opp passasjerbåt mellom Bodø og Kjerringøy.

Båten Nordic Lady har plass til 48 passasjerar og vil gå mellom Bodø sentrum og Kjerringøy, ifølge Fjord1.

Brann i maskinrommet på ferga mellom Festvåg og Kjerringøy

Det byrja å brenne i eit batteri i maskinrommet til ferja som går mellom Bodø og Kjerringøy.

Foto: Johannes Sæheim Pedersen / NRK

Han seier dei vil setje opp ei reserveferje så snart det lar seg gjere.

– Ferjebrua er blokkert av fartøyet som ligg der no, som vi må få flytta først.

Han seier vidare at dei informerer med driftsmelding så snart dei har ny status.

– Har ikkje noko imot å vere her lenger

For Beate og Ketil Sørensen betyr dette ar ferien deira blitt litt lengre enn planlagt.

– Vi har ikkje noko imot å vere her på Kjerringøy lenger. Det er fint her. Så det blir ein dag ekstra i alle fall, seier Ketil Sørensen.

– De har vore på ein skikkeleg langtur, og var på tur sørover. Kva konsekvensar får stoppen for turen?

– Det har ikkje større konsekvensar enn at vi må bruke lengre tid. Vi har ikkje noko arbeid som ventar på oss heime, så det må berre vi berre ta som det kjem, seier Sørensen.