Straffesikta går fri grunna kø i rettssystemet: – Ordninga må ikkje bli ei sovepute

Grunna lange køar i rettssystemet kan sikta bli sitjande i lang tid. Løysinga er ofte å setje dei fri på vilkår. Frp er redd systemet kvilar seg på dette, heller enn å fikse problemet.

Halvportrett av barne- og likestillingsminister Solveig Horne.

– Eg meiner det er viktig å prioritere å få ned saksbehandlingstida i domstolane, seier tidlegare barne-, likestillings- og inkluderingsminister Solveig Horne (Frp).

Foto: Alexander Nordby / NRK

Nokre straffesaker tek mange månadar å kome i gang, av og til år. Etter norsk lov er det ikkje noko grense for kor lenge ein person kan vere varetektsfengsla.

Dei sikta eller tiltalte kan bli sitjande lenger enn naudsynt grunna kø hjå både domstolane og påtalemyndigheitene. Dei kan då bli lauslatne på vilkår, såkalla varetektssurrogati, om det er tilrådd.

– Det er godt at vi bruker alternativ til varetekt. Vi har fått den kritikken, samtidig er det viktig at sakar av denne karakteren kjem raskt opp i domstolene, seier Solveig Horne (Frp) i Stortingets justiskomite.

Ho fryktar rettssystemet kan kvile på det å sleppe fri varetektsfengsla heller enn å ta tak i det ho meiner er det eigentlege problemet: for lang behandlingstid.

– Jeg mener det er viktig det blir prioritert å få ned saksbehandlingstiden i domstolene. Så må ikke disse surrogatene bli en sovepute for rettssystemet slik at ofrene og gjerningspersoner ikke får avklart sin sak.

Fryktar for livet

I førre veke fortalde NRK om eit sambuarpar i Lofoten som fryktar for livet sitt etter at mannen dei meiner truga med å drepe dei vart sluppen fri frå varetekt.

Rettssaka er planlagt over eit år etter hendinga, og den sikta vart i sommar sett fri på vilkår etter åtte månadar i fengsel.

Meiner rettsapparatet gjer sitt beste

Leiar i forsvarargruppa i Advokatforeininga, Marius Dietrichson, seier lova krev at ein skal vurdere om det finst alternativ til varetekt.

– Ein sit berre i fengsel etter at ein er funnen skuldig etter lov og dom. Varetekt er eit unntak frå lova, dersom visse vilkår er til stades.

Han meiner ein ikkje kan la fornærma i straffesaker avgjere kva som er den rette varetektsforma for gjerningspersonen.

– Om det finst lovlege vilkår for at vedkomande ikkje lenger skal vere fengsla, skal vedkomande sleppast fri. Det trur eg vi alle er einige i. Vi kan ikkje la fornærma styre den vurderinga, seier Dietrichson.

Han meiner at styresmaktene må få nok ressursar til å få opp sakene tidlegare enn i dag.

– Alle i rettsapparatet, frå politi, påtalemakt og domstolane til forsvars- og bistandsadvokatar, ynskjer at saker skal opp så raskt som mogleg.

– Når det er sagt, så delar eg Horne si meining om at sakene burde verte avvikla raskare enn dei vert i dag, legg Dietrichson til.

Leder i Forsvarergruppen i Advokatforeningen, Marius Dietrichson

Leiar i forsvarargruppa i Advokatforeininga, Marius Dietrichson meiner alle i rettssystemet gjer sitt beste.

Foto: Kai Rune Kvitstein / NRK