Sexskodespel vart avlyst – skulen meinte barna ikkje var modne nok

Ei førestilling om sex vart avlyst for ein klasse 12-åringar i Oslo. Sex og Samfunn meiner vi må snakke med barn om sex heilt ned i barnehagealder.

«Oh Baby Baby goes viral» er ei framsyning for 7.-klassingar som handlar som pubertet, seksualitet, kropp, identitet og sex.

No har framsyninga vunne den nasjonale prisen «Gullsekken», i Den kulturelle skulesekken.

Men første gong ho skulle verte spelt avlyste skulen.

Dei meinte det ville vere for mykje sexfokus for sjuandeklassingane.

– For mykje for barn

Skodespelarane Nikoline Spjelkavik og Victoria Røising og har sett opp skodespelet som pratar om sex for sjuandeklassingar.

Skodespelet har vore på turné på skular rundt om i Noreg gjennom Den Kulturelle Skolesekken denne våren.

Nikoline Spjelkavik og Victoria Røising i Lost and Found productions frå framsyninga “Oh Baby Baby goes viral”.

SEX: Nikoline Spjelkavik og Victoria Røising i Lost and Found productions har laga framsyninga «Oh Baby Baby goes viral» om sex for sjuandeklassingar.

Foto: Miriam Pedersen

Men det har ikkje vore berre enkelt å sette opp ei framsyning om sex for barn.

– Mange vaksne trur ikkje på, eller vil ikkje tru på, at dette er ting som opptar 12-13-åringane, seier skodespelar Nikoline Spjelkavik, frå Andøya.

– Fleire har vore bekymra for at framsyninga skal bli for brutal for elevane.

Allereie på første framsyning møtte dei på problem.

Den første gjengen med sjuandeklassingar dei skulle spele for fekk ikkje sjå skodespelet.

Leiinga på skulen grunngav det med at de syntest problematikken var vanskeleg å ta opp.

– Vi kunne vurdert det for eit seinare tidspunkt til ungdomstrinnet. Vårt sjuande trinn er nok ikkje heilt der, skreiv kulturkontakten ved skulen til skodespelarane.

NRK har våre i kontakt med den aktuelle skulen. Dei vil ikkje kommentere saka ytterlegare.

Er sjuandeklassingar for unge til ei forestilling om sex?

Då heldt skodespelarane på å skrinlegge heile skodespelet.

Men dei hald fram fordi dei ville gi betre seksualundervisning til barn.

– Vi meiner at seksualundervisninga i skulen er for dårleg og kjem for seint. Framsyninga er vårt bidrag til å sette dette på dagsorden, fortel Victoria Røisin.

I framsyninga viser skodespelarane mellom anna ein film om onani.

– Bør undervise om seksualitet i barnehagen

Sex og Samfunn, senter for seksuell og reproduktiv helse i Noreg, steller seg bak skodespelarane.

– Vi meiner at alderstilpassa informasjon om seksualitet bør bli gitt allereie frå barnehagen av, seier sjukepleiar Marit Myreng frå Sex og Samfunn.

Ho meiner undervisning om tema er eit av dei viktigaste tiltaka for å bidra til tidleg førebygging av mellom anna psykisk- og fysisk vanhelse og dårleg forhold til eigen kropp og identitet.

FETTE: Skodespelarane har mellom anna fått kritikk for å bruke ordet «fette» i forestillinga

FETTE: Skodespelarane har mellom anna fått kritikk for å bruke ordet «fette» i førestillinga.

Foto: Miriam Pedersen

– Seksualundervisning bidrar til at barn og unge utviklar ein trygg, sunn og positiv seksualitet som dei tar med seg vidare i livet, seier Myreng.

Ho trur Skodespel er eit godt alternativ til klasseromsundervisning, og ein fin måte for barn å lære om det.

NRK har ikkje fått opplyst at fleire skular avviste framsyninga, men skodespelarane fortel at fleire var kritiske før dei såg framsyninga.

Håper å sette seksualundervisning på agendaen

Skodespelet fekk prisen for «best tilpassa produksjon» frå Gullsekken.

Grunngjevinga var mellom anna at dei snakka rett til elevane på deira premiss.

– Vi har i alle fall fått bekrefta vår eigen hypotese om at sjuandeklassingar veit veldig mykje om sex og seksualitet, men informasjonen ikkje er så godt sortert og prosessert, seier

Bilde frå livestream av forestillinga «Oh Baby Baby goes viral»

LIVESTREAM: Under pandemien vart framsyninga strøyma til fleire skular. Det er mellom anna trekt fram som grunngjevinga for prisen.

Foto: Lost and Found productions

Framsyninga er digital, og undervegs chattar skodespelarane med elevane.

Spjelkavik fortel at elevane spør og alt frå mensen til sjølve akta.

Er det når folk har trekant at det blir tvillinger?

Spørsmål frå elev under forestillinga «Oh Baby Baby goes viral»

Skodespelaren håper no framsyninga vil vere med å sette seksualundervisning på agendaen.

– På mange måtar smakar prisen betre fordi framsyninga har mottatt mykje kritikk frå vaksne som meinte at tematikken var feil for målgruppa. Både elevar og vaksne som såg skodespelet var utelukkande positive til openheita.