Hopp til innhold

Sakna turist funnen i god behald

Turisten frå Hongkong, som blei meldt sakna ved Svartisen laurdag, er funnen uskadd.

Yiu Wah Chan (48)

SAVNET I ET DØGN: Yiu Wah Chan fra Hong Kong ble borte fra reisefølget ved Svartisen lørdag. Han ble funnet i god behold søndag ettermiddag.

Foto: Frank J. Nygård

Over eit døgn etter at mannen i 50-åra frå Hong Kong blei meldt sakna etter eit besøk ved Svartisen, blei han funnen tilsynelatande i god behald.

Mannen snakkar lite engelsk, men har i kveld forklart seg gjennom reiseguiden til politiet.

- Turisten seier at han gjekk opp mot breen, men fekk ikkje med seg at resten av følgjet snudde og gjekk tilbake, fortel operasjonsleiar Knut Tverrå ved Helgeland politidistrikt.


Mannen skal ha valt å gå vidare, men då han skulle snu valde han å gå ein annan veg tilbake.

- Rundt klokka 00.30 skal han ha kilt seg fast like ved staden der han ble funnet. Der har han opphaldt seg til han ble funnet.

- Forma hans er god, men han seier at det var litt kaldt i natt.

Funnet søndag kveld

- Vi fekk melding her klokka 17.36 om at Sea King-helikopteret hadde funne den sakna oppe i ei fjellside. Det var litt uklart om tilstanden på mannen då, men vi har i ettertid fått bekrefta at han var i god behald, seier vakthavande redningsleiar ved Hovudredningssentralen Nord-Norge, Jakob Carlsen.

Førebels er det uklart kor mannen har vore sidan han blei meldt sakna.

- Det er uklart kvar mannen har vore. Men sidan han blei funnen i ei fjellside må han ha gått opp ved isbreen ein eller annan stad, seier Carlsen.

I dette området ble turisten fra Hongkong funnet.

I LIVE: Mannen blei funne i et parti med mykje skog.

Foto: 330 Skvadron Luftforsvaret

Ikkje vore på isbreen

- Han verkar å vere i god form og han gjekk for eiga maskin ut av helikopteret, fortel stabsjef John Helge Vang ved Helgeland politidistrikt til NRK.

I følgje politiet snakkar turisten dårleg engelsk. Difor har dei ikkje fått snakka med han for å finne ut kva som har skjedd. Mannen frå Hongkong er no på veg ned frå Svartisen til politistasjonen i Mo i Rana. Der vil han møte guiden som snakkar kinesisk.

- Det er ingenting som tyder på at mannen har vore oppe på breen. Han blei funnen på motsett side av kor det blei leita i går, seier Vang.

På den andre turen helikopteret var ute søndag fann redningsmannska mannen.

Frykta for rasulukke

Politiet fekk melding om at den 50 år gamle mannen frå Hongkong var sakna laurdag føremiddag. Dei sette igang ein leiteaksjon, med støtte frå Hovudredningssentralen og frivillege organisasjonar.

Redningsmannskap trudde ei stund at mannen kan ha ramla ned i ei bredsprekk, og søndag blei dei merksame på eit skred som kan ha gått i området laurdag.

- Det gjekk eit ras 300 meter over Austerdalsvatnet, på austsida av Austerdalsisen laurdag. Men vi veit ikkje om raset gjekk før,
etter eller når mannen var der, seier Carlsen, til NTB.

50-åringen var med i eit følgje på 18 personar som hadde oppholdt
seg i området mot Austerdalsisen, på sørsida av Svartisen i
Rana kommune.

Turistene hadde gått langs breen eit stykke, men hadde ikkje vore oppe på sjølve breen. Då de kom ned igjen og skulle ta båten tilbake, oppdaga dei at det mangla ein person.

Svartisen

Svartisen i Rana.

Foto: Ronald Jacobsen

Kan ha gått åleine

Turistane blei frakta over eit vatn til brekanten. Då dei skulle tilbake, mangla det ein person. Turistane har ikkje vore oppe på sjølve breen. Nokre av turistane gjekk åleine, medan nokre gjekk saman.

Då gruppa oppdaga at ein person var borte, leita dei ei god stund etter han før dei tilkalla hjelp.