Hopp til innhold

600 russ var tre gongar for mange – barneskulematematikk blei løysinga

600 russ vart døypte, trass pandemien. Det måtte dei jobbe mykje for, og dei har samarbeidd med både foreldre, smittevernoverlegen og redningsskøyta.

Russen vert døpt av redningsskøyta på Langstranda i Bodø.

Det spøkte lenge for russedåpen til 600 russ i Bodø. Takka vere ein såre enkel ide redda dei arrangementet.

Foto: Sondre Skjelvik / NRK

Russepresident Sara Landaas på Bodin Vidaregåande skole gjer den siste finpussen på russecampen som skal huse 600 russ.

Det er berre eitt problem. Dei får berre lov til å vere 200 samla samtidig.

Først fekk dei ikkje lov til å ha russecamp i år. 600 russ er tre gongar så mange som dei kan vere ifølge restriksjonane frå kommunen.

Men russepresidentane på alle skulane i byen stakk hovuda saman og fann ei løysing likevel.

russ dele
Grafikk: Andreas Nilsen Trygstad / NRK

Kommunen sa blankt nei til å samle 600 russ under ein pandemi.

Grensa går på 200. Men smarte hovud blant russen og foreldra deira gjorde nytte av barneskulematematikk.

Russen vert døpt av redningsskøyta på Langstranda i Bodø.
Bodørussen vart døpt i år også.
Stor ansamling av russ ved Maskinisten i Bodø natt til 17.mai
I fjor vart russetida ein skandale.
Polititiet måtte ordne opp då fleire hundre russ hadde samla seg trass i restriksjonar natt til 17. mai.
Russ blir døpt på Langstranda i Bodø i mai 2021 av redningsskøyta.
I år fann russen ei anna løysing
Russ som ordner gjerder i dugnad på russecampen på Langstranda i Bodø i mai 2021.
Men det kravde mykje jobb og planlegging

Delte russen inn i tre kohortar

– Det har vore veldig spennande og lærerikt å planleggje dette. Men det har òg vore veldig vanskeleg, seier Landaas

Ho, og dei fire andre russepresidentane har sete mange seine kveldar med rekneark og planteikningar for å planleggje årets russetid.

Sara Landaas er russepresident for Bodin vidaregåande skule og har vore med å arrangere årets russecamp på Langstranda i Bodø.

Sara Landaas er russepresident for Bodin vidaregåande skule og har vore med å arrangere årets russecamp på Langstranda i Bodø.

Foto: Sofie Olaisen / NRK

– Vi har delt inn alle russane i tre kohortar. Vi har strenge reglar og mange vakter, og ein inngang på kvar kohort. Vaktene sjekkar at det ikkje kjem inn nokon frå andre kohortar, seier Landaas.

Russen har også fått armband med farge for kohorten dei høyrer til i. Slik er dei sikre på at ingen hamnar i feil kohort.

– Det har særleg vore vanskeleg å dele russen i tre, for at alle skal få vere saman med nokon dei vil vere saman med, seier Landaas.

Russ som viser armebånd på russecampen på Langstranda i Bodø i mai 2021.

Ein blåruss viser fram armbandet som viser kva kohort ho høyrer til. Ho skal berre vere saman med den kohorten heile russetida.

Foto: Sofie Olaisen / NRK

Dei samla blårussen i ein kohort. Dei andre to kohortane sette dei saman ut ifrå fleire ønsker.

Så la dei det fram for kommunen og smittevernlegen. I dialog med dei fekk dei planen sin godkjend og kunne ha ei nesten normal russetid.

Russ blir døpt på Langstranda i Bodø i mai 2021 av redningsskøyta.
Russen på Langstranda har tilsynelatande normal russetid.
Russ blir døpt på Langstranda i Bodø i mai 2021 av redningsskøyta.
Men denne gjengen skal berre vere saman med dei 200 i sin kohort denne russetida.
Mødre som hjelpte russen med russecampen på Langstranda i Bodø i mai 2021.
Foreldra deira vaktar inngangen til området dei festar på med liste over kven som skal sleppe inn.
Redningsskøyta ved russecampen ved Langstranda i Bodø like før russen ble døpt.
Redningsskøyta møtte opp for å døype russen i salt sjøvatn.
Russ blir døpt på Langstranda i Bodø i mai 2021 av redningsskøyta.
Og slik vart feiringa kanskje endå meir storslått enn ho plar vere.

Men det var på ingen måte gjort av seg sjølv.

1800 meter med gjerde

I fleire dagar denne veka har russ og foreldre hatt dugnad for å få på plass det praktiske.

– Eg har lært om mål og område. Det er ting eg nesten ikkje visste noko om frå før, seier russepresidenten ved Bodin vidaregåande skole.

– Kjem du til å halde fram med å arrangere slike store arrangement, trur du?

– Nei, det trur eg ikkje! Her stoppar det for meg, seier Landaas og ler.

Jonas Slettemyr var bygningsleiar for russen som gjorde dugnad på russecampen på Langstranda i Bodø i mai 2021.

Jonas Slettemyr har vore byggeleiar for omkring 450 russ og foreldre i dugnad for å lage russecamp på Langstranda.

Foto: Sofie Olaisen / NRK

Men Jonas Slettemyr som er russ i same kohort som presidenten, og òg sit i russestyret, er ikkje einig.

For han har planlegging i stor skala gjeve meirsmak.

– Eg kan godt tenkje meg å gjere det igjen eigentleg. No som eg har lært så mykje om korleis ein gjer det, seier han.

Slettemyr har leia mykje av arbeidet med å setje i stand campen. Til saman omkring 450 russ og foreldre har han sett i sving. Dei har sett opp omkring 1800 meter med gjerde for å båse inn russen.

Russen i Bodø rigger russecampen til dåp under koronapandemien på Langstanda i mai 2021.

Eit dugnadslag på over 200 russ og foreldre kledde 1800 meter gjerde med duk for at ingen skulle hoppe over dei på russedåpen onsdag kveld.

Foto: Sofie Olaisen / NRK

I tillegg har dei strenge reglar for avstand mellom bussane for at brannvesenet skal kome lett til, og dei brukar landstraum for å unngå kullosskandalar dei har høyrt om frå andre stader.

– Det har vore veldig interessant å leie arbeidet. Vi har jobba godt alle saman.

– Trur du at de klarer å halde smitten unna på denne måten?

Jonas Slettemyr har vore byggeleiare for gjengen med russ som på dugnad har ordna årets russecamp.

Arbeidslaget av russ tek seg ein pause før dei får ny beskjed frå Jonas Slettemyr om kva som står att å gjere.

Foto: Sofie Olaisen / NRK

– Vi har god tru. Russen har blitt fornuftig for ein gongs skuld, seier han og smiler lurt, men legg til litt meir seriøst:

– Eg trur ikkje dei har lyst til å øydeleggje for alle andre.

I Rogaland vart 84 russ smitta i eit stort smitteutbrot. Det håper Slettemyr at dei slepp.

Ved ein tilhengar står ein gjeng med damer. Dei er foreldre som har vore med på dugnaden.

Mor som hjelpte russen med russecampen på Langstranda i Bodø i mai 2021.

Solvei Kim Dørum er forelder til ein av årets russ og har take på seg ansvaret å fordele forsyningar på campane.

Foto: Sofie Olaisen / NRK

– Alle foreldra som har sagt at dei kan ordne med noko har levert det her. Så no skal vi fordele det ut på alle tre campane, seier Solvei Kim Dørum, som er mor til ein av ungdommane som er russ i år.

– Vi har både førstehjelpsskrin og vatn. Det kjem til å gå mykje vatn i løpet av kvelden, seier Dørum.

Mødrene sørger for at russecampen får mat, varme teppe og ved til opptenning. Dei seier at dei har merkt ein forskjell hos ungdommane etter at dei fekk beskjeden om at det vart russefeiring.

Håp i hengande snøre

– Stemninga i heimen er på topp no. Eg unner dei det av heile mitt hjarte, seier Tanja Rosita Berg, som òg har vore med på dette arbeidet.

Russ blir døpt på Langstranda i Bodø i mai 2021 av redningsskøyta.

Somme vart blaute av dåpen dei fekk av redningsskøyta, men det gjorde ingen ting på stemninga

Foto: Sofie Olaisen / NRK

To veker før dei fann ut korleis dei kunne få til feiringa, var regelen at dei berre kunne vere to russ i lag. Russepresident Sara Landaas seier at russen var langt nede då.

– Eg trur russetida kjem til å bli veldig bra. Vi trudde jo ei stund at det ikkje kom til å bli nokon ting.

Ho er ikkje bekymra for om russen kjem til å følge reglane.

– Det er på grunn av pandemien vi gjer dette. Russen er så glade for at vi har fått ein russecamp, så eg trur ikkje folk kjem til å bryte reglane.